Religion

Overgrepssikta prest får forlenga varetekt

OVERGREP: Politiet seier saka har høg prioritet og at det sannsynlegvis vil bli teke ut tiltale.

Ein sokneprest frå Austlandet som er sikta for seksuell omgang med barn, vart varetektsfengsla i fire nye veker frå 20. januar. Det stadfestar Aust politidistrikt til Vårt Land.

Den sikta mannen vart arrestert av politiet i august, og har vore varetektsfengsla sidan det.

– Saka har høg prioritet og etterforskinga pågår framleis. Sikta vil svært sannsynleg bli sett under tiltale, men omfanget er ikkje endeleg avgjort.

Det skriv politiadvokat Martin Gautestad Jakobsen til Vårt Land, han er påtaleansvarleg i saka. Han opplyser at det er fire fornærma i saka.

Politiadvokat Martin Gautestad Jakobsen

Han skriv at eit forslag til endeleg påtalevedtak blir sendt til Oslo statsadvokatembeter kort tid etter at etterforskningen er avslutta.

— Påtalemyndigheita har som mål at hovudforhandling blir halden før sommaren inneverande år, under føresetnad av at det ikkje blir avdekka forhold som krev nye, omfattande etterforskingsskritt.

I november vart mannen fråteken retten til å vera prest.

Forsvarsadvokat Kristin Morch stadfester til Vårt Land at mannen framleis sit fengsla.

Tidlegare har presten erkjent overgrepa, men nekta for delen av siktinga som handlar om trugsmål, melde NRK i november.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion