Religion

Klima-prest etter rettssak: – Eg har ikkje noko håp om å bli frikjend

JUSS: Prest og miljøaktivist Ellen Hageman risikerer over 18.000 kroner i bot for å ha lenka seg til ein tankbil.

Tysdag møtte prest og miljøaktivist Ellen Hageman i tingretten i Oslo. Ho er tiltalt etter ein klimaaksjon på oljeterminalen Sjursøya i Oslo i april 2022.

Saman med andre aktivistar lenka ho seg fast til ein tankbil. Målet var å stoppa leveransar med flybensin på veg til Gardermoen.

Ho og tre andre aktivistar lét vera å etterkoma pålegg frå politiet. Dei risikerer no bot for å ha brote paragraf 5 i politilova.

– Me er klare over at me kjem til å tapa denne saka. Det er falt mange dommar i liknande saker, og eg har ikkje noko håp om å bli frikjend. Men ei rettssak gjev oss ei moglegheit til å offentleg seia kvifor me gjer det me gjer, seier Ellen Hageman til Vårt Land, nokre timer etter rettssaka.

– 18.000 kroner er mykje pengar

Under rettssaka las Hageman opp ein tale, som Vårt Land tidlegare har publisert. I teksten skriv ho mellom anna:

Jeg er teolog og ordinert prest i Den norske kirke. Det betyr at jeg har lovet ikke bare å forkynne og forvalte sakramentene rett, men at jeg også har lovet offentlig å leve i pakt med Guds ord. Skal jeg ta det løftet alvorlig i den økologiske krisesituasjonen verden befinner seg i, så mener jeg at det å bryte norsk lov ved fredelig, ikke-voldelig sivil ulydighet er både nødvendig og påkrevd.

– I rettssaka i dag erkjende eg dei faktiske forhold. Eg erklærte meg som ikkje skuldig, min forsvarar prosederte på at eg handla i nødrett, seier Hageman.

Om Hageman tapar saka, vil ho måtta betala ei bot på 18.000 kroner i tillegg til 750 kroner i sakskostnadar.

– 18.000 kroner er mykje pengar. Eg har teke høgde for at eg må betala dette frå eiga lomme. Men det er eit problem om bøtenivået gjer at folk med dårlegare råd ikkje kan protestera. Det er mange studentar som har blitt hardt ramma av høge bøter etter klimaprotestar.

Følger Høgsterett-dom frå i fjor

Politiadvokat Håkon Sjøvold er aktor i saka. Han seier til Vårt Land at rettssaka er del av eit større sakskompleks med fleire store aksjonar der demonstrantar står bak ordensforstyrringar og ikkje følger pålegg frå politiet.

– I denne konkrete saka blokkerte demonstrantane trafikken i fleire timar, lastebilsjåfører kunne ikkje forlata bilane sine av sikkerheitsgrunnar og aktiviteten på hamna stoppa opp.

Sjøvold viser til at Høgsterett i mai i fjor vurderte i kva grad straffbare handlingar kan vera straffefrie, av omsyn til ytringsfridommen og demonstrasjonsfridommen. Saka tok utgangspunkt i ein aksjon der Extinction Rebellion stoppa vegtrafikken i Oslo sentrum.

– Høgsterett kom fram til at ytringsfridommen og demonstrasjonsfridommen står sterkt, men at i enkelte tilfelle kan demonstrasjonar gje så store forstyrringar at desse ikkje kan vera straffefri.

Om bøtenivået seier han:

– Høgsterett fastsette i saka i mai eit bøtenivå på 20.000 kroner om saka går for retten. Me held oss til bøtenivået som Høgsterett har fastsett.

Bar inn kors med døde dyr

Ellen Hageman er tilknytt gruppa Extinction Rebellion (XR), som driv sivil ulydnad for å skapa merksemd rundt menneskeskapte klima- og miljøøydeleggingar.

Det skapte store reaksjonar då gruppa aksjonerte i Skien kirke 1. påskedag i fjor. Ellen Hageman tok initiativ til aksjonen, der ho kom inn i kyrkja kledd i prestekjole og berande på eit kors av døde dyr.

Teolog Ellen Hageman og rødkledde miljødemonstranter forsøkte å avbryte påskegudstjenesten i Skien kirke. Her er Hageman utenfor kirken 1. påskedag, med et kors med døde dyr på.

Politiet har oppretta sak. Den er framleis under etterforsking, opplyser politiadvokat Kristin Synnøve Drågen til Vårt Land.

Ifølgje Ellen Hageman er ingen av aktivistane kalla inn til avhøyr eller fått annan informasjon frå politiet i denne saka.

– Mange av aksjonsformene til Extinction Rebellion er svært visuelle, som den i Skien kirke 1. påskedag i fjor. Er du redd forma kan støte folk vekk frå bodskapen dykkar?

– Me står alltid i fare for å støyta nokon frå oss. Men det er viktig å få opp kriseforståinga blant folk. Då kan det vera eit gode å bruka visuelle aksjonsformer.

Endringslogg:

Oppdatert 25. januar klokka 15.15 med kommentar frå aktor i saka.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion