Klima-prest etter rettssak: – Eg har ikkje noko håp om å bli frikjend

JUSS: Prest og miljøaktivist Ellen Hageman risikerer over 18.000 kroner i bot for å ha lenka seg til ein tankbil.

TIL RETTEN: Tysdag møtte prest og miljøaktivist Ellen Hageman i tingretten i Oslo. Her saman med advokat Bjørn Rudjord.
Publisert Sist oppdatert

Tysdag møtte prest og miljøaktivist Ellen Hageman i tingretten i Oslo. Ho er tiltalt etter ein klimaaksjon på oljeterminalen Sjursøya i Oslo i april 2022.

Saman med andre aktivistar lenka ho seg fast til ein tankbil. Målet var å stoppa leveransar med flybensin på veg til Gardermoen.

Ho og tre andre aktivistar lét vera å etterkoma pålegg frå politiet. Dei risikerer no bot for å ha brote paragraf 5 i politilova.