Eit «under» at han blei biskop

Ei dramatisk ulykke har forma Ole Kristian Bonden som prest. – Det er ikkje sikkert at alle skal lesa Bibelen, seier den nye biskopen i Hamar bispedøme.

Det er ein sliten og stille gjeng som sit i bussen. Alvoret og sorga heng tungt over dei.

I framsetet sit ein politimann som informerer undervegs. Over dei krinsar det eit helikopter frå CNN.

Ole Kristian Bonden kjenner ein trong til å skåne passasjerane, og byrjar å trekke igjen gardinene i bussen.

Då dei kjem fram ryk det endå frå togvraket der 19 personar mista livet dagen før. Med seg i bussen har den ferske presten dei pårørande.

– Det var nok ei ganske formande erfaring for meg som prest. Eg lærte noko om verdien av rolla eg bar. Å vera prest er noko meir enn berre å vera eit medmenneske. Me fylte ei rolle ved å vera stille, lytte, men også å våge å stille spørsmål, reflekterer Bonden.

Åsta 20000105: Togulykke på Rørosbanen. Ulykkesstedet hvor to tog kolliderte og 19 personer omkom. Siste motorvogn på nordgående tog står igjen på skinnegangen onsdag morgen.

Meir enn seg sjølv

No er han ein erfaren prest som har jobba heile sitt 25 år lange presteyrkesliv i Elverum. Men då Åsta-ulukka skjedde, ein av dei verste togulykkene i noregshistoria, hadde han jobba som prest i litt over to år. Kona var vikarprest i nabosoknet Rena og begge blei kalla ut til pårørandesenteret.

Dagen etter togkollisjonen reiste Bonden til ulukkesstaden saman med dei pårørande og sette ned blomar og tente ljos. Etterpå reiste dei ned i Elverum kyrkje for ei minnegudsteneste.

– Ingen hadde sett ein tidsfrist for kor lenge me skulle vera samla med dei pårørande, men etter den seremonien reiste folk heim.

Bonden såg funksjonen ritual kan ha for menneske.

– Det er noko eg har bore med meg.

Under den nasjonale sørgjegudstenesta nokre dagar seinare såg han også noko som har vore med på å forme dei neste åra av livet hans. Nemleg korleis dåverande Hamar-biskop Rosemarie Köhn spela ei rolle i sorgprosessen.

– Ho representerte noko meir ein seg sjølv. Ho viste at kyrkjerommet er ein viktig arena for å sørgje, men også for å etablere noko nytt.

Sundag 29. januar blir Bonden sjølv vigsla til biskop i Hamar domkyrkje.

---

Ole Kristian Bonden

  • 52 år, snart 53.
  • Utdanna teolog ved MF vitskapeleg høyskole.
  • Gift med Irmelin Grimstad Bonden. Dei har tre vaksne barn saman.
  • Voks opp i Brumunddal.
  • Blir vigsla til biskop i Hamar sundag 29. januar.

---

Lussekattsuksess

– Følg skiltinga til NRK, er rådet i forkant av intervjuet.

Fram til 2019 var det rikskringkastaren som eigde lokala som i dag husar kyrkjekontoret i Elverum.

Skodda ligg lågt over Østerdalen denne milde januardagen. Det ligg eit tynt lag med smeltevatn oppå isen som framleis er tjukk nok til at den eldre garde i sentrum har spark som sitt føretrekte framkomstmiddel.

Inne på kyrkjekontoret er det evalueringsmøte. Staben går gjennom dei mange jule- og adventsaktivitetane.

Lussekattutdeling i sentrum? Stor suksess.

Målet om at det ikkje skulle vera nok sitjeplassar til alle på julegudstenesta? Ikkje nådd.

Barnehage- og skulegudstenester? Rørande flott med barn som song så veggane «bula».

Me tek turen inn på prostekontoret. Sidan 2018 har Bonden leia prestetenesta i Sør-Østerdal prosti.

Ole Kristian Bonden

Det er berre dagar att til avskjedsgudstenesta, men heldigvis er det ikkje mykje krimskrams eller overfylte bokhyller å spore.

Det mest personlege preget er eit stort foto av Bonden sjølv, hengande utover talarstolen i Elverum kyrkje med armane ut til sida og med gule solbriller på. Kyrkjerommet er pynta med fargerike girlandrar.

Ei femtiårsgåve, kan Bonden fortelje. Motivet er frå ei påskegudsteneste for barnehagar i området for nokre år sidan.

– Det hadde faktisk ikkje vore skulegudstenester for fleire av skulane her på 30–40 år, då me fekk innført det igjen rett før pandemien, fortel ein openbert nøgd Bonden.

– Ikkje for å prakke på barna noko

For dette er noko den påtroppande biskopen brenn for. I møtet med dei pårørande i dei om lag 900 gravferdene han har hatt gjennom dei 25 åra som prest her, har han sett verdien av eit godt forhold til kyrkjebygget.

– Det er ikkje for å prakke på barna noko, men for at dei skal få positive erfaringar i kyrkjerommet, slik at dei også seinare i livet kan koma hit og oppleve det som det gode rommet.

Han meiner å sjå at mange framleis søkjer til kyrkjerommet under store livsomveltingar.

– Dei kjenner truleg at dei treng det. Og då skal den kyrkja vera open.

Han snakkar med stor innleving.

– Uansett kor kaldt det er skal den vera open, held Bonden fram og ler godt.

Han sit bak den overdimensjonerte pulten sin. «Tidlegare redigeringspult», nesten unnskylder han seg.

---

Fire raske

  • Gud er: Meir enn eg trur.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Mat. Litt kjedeleg svar, men dei som kjenner meg veit at eg ikkje er mitt positive sjølv viss eg ikkje får mat.
  • På gravsteinen min skal det stå: Denne strofa frå ei Svein Ellingsen-salme: «Døden må vike for gudsrikets krefter».
  • Boka alle må lesa: Norsk salmebok.

---

– Eit under at eg blei biskop

Etter kvart er det meir enn kontoret som skal pakkast ned. Det er buplikt i bispebustaden i Hamar. Men fyrst skal den renoverast, så ekteparet Bonden har nokre månadar på seg før dei flyttar.

Huset dei har budd nesten 20 år i ligg i eit roleg nabolag berre ein halv kilometer frå kyrkjekontoret. Dei store vindauga i stova vender ut mot ein romsleg hage.

Bonden tok teologiutdanninga si på MF vitskapeleg høyskole i Oslo. På spørsmål om han alt der var innom tanken om å kanskje bli biskop ein dag ler han godt.

– Eg hadde meir enn nok med å tenkje på at eg skulle bli prest.

For det var slettes ikkje sjølvsagt at han skulle bli. For sjølv om foreldra song «Kjære Gud eg har det godt» på sengekanten og tok barna med på gudsteneste nokre gonger i året, var det på skulen han lærte å syngje «Å, du som metter» og gjennom speidaren han fekk med seg andakter.

– Det er eit under at eg blei biskop.

Han ler hjarteleg.

Studerte kristendom for å finansiere utanlandsopphald

Den norske kyrkja har rett og slett musikkinteressa til den ferskaste biskopen sin å takke for at han enda med å bli prest.

I barndomsheimen var nemleg Melodi Grand Prix ei stor høgtid, og inni hjørnet av stova i huset han bur i i dag står framleis faren sitt piano. Eitt av to piano i heimen.

Bak gyngestolen i hjørnet står ein gitar. Men det var songen som skulle få Bonden inn på teologiløpet. Om enn ikkje heilt frivillig i starten.

– Eg hamna i Ten Sing fordi eg var glad i å syngje. At det var eit kyrkjeleg arbeid var sekundært for meg.

Då han var ferdig med vidaregåande, og hadde «stige i gradene» som dirigent og leiar i Ten Sing, pakka han sekken og reiste eitt år til England. Der var han saman med 50 andre ungdom for å reise rundt og spreie den glade Ten Sing-bodskapen gjennom skulekonsertar og seminar.

– KFUK-KFUM hadde den gode ideen om at alle skulle studere kristendom grunnfag for å finansiere opphaldet med studielån og stipend.

Min tro med Ole Kristian Bonden

Dette måtte alle vera med på, og forelesarar blei flyge over frå Volda for å undervise. Det gav meirsmak. Året etter stod fyrstegongstenesta for tur, og då ein feltprest fekk snusen i Ten Sing-bakgrunnen til Bonden, blei han kjapt rekruttert som feltprestassistent, og som dirigent i det lokale Ten Sing-koret.

Flamma var tent, og juss-planane blei lagt på hylla til fordel for vidare teologistudie.

Spela inn Eurovision-song med Gaute Ormåsen

Framleis er musikken viktig for Bonden. Han har starta opp, dirigert og sunge i kor heilt sidan ungdomstida.

Men ryktet han har fått på seg om å vera Eurovision-ekspert meiner han er overdrive.

Men skal ein tru han? Leitar du litt finn du ei videoreportasje av lokalavisa Østlendingen frå 2010, der Ole Kristian Bonden og artist Gaute Ormåsen har laga ei nyinnspeling av Melodi Grand Prix-songen Bonden og ein kamerat laga på spøk under studietida, med det passande tittelen «Melodi F – Tro, håp og kjærleik».

Her finn du verselinjer som «Bomber og granatar, krig og sult og sånn, truer våre gater. Krig og vald er botn.»

Og ikkje nok med det, i 40-årsgåve fekk Bonden i gåve av Østlendingen å vera deira Eurovision-ekspert, etter at sjefredaktøren blei imponert over kunnskapane til presten.

– Så sat eg der då, i pressesenteret på Telenor arena, ved sidan av BBC sin journalist.

Bonden flirer litt av tanken.

Men når sant skal seiast har visst både kunnskapsnivået og entusiasmen dabba litt av med åra.

– Så eg klarar ikkje å leva heilt opp til ryktet lenger.

– Men eg har vel kanskje utnytta det litt, ikkje for å vinne eigen popularitet, men for å vera nær lokalmiljøet.

Platåsko og lederhosen

For sjølv om folk rundt han skildrar han som ei «skikkeleg og ordentleg type», bjudar han gjerne litt på.

Som då artist Bjørn Tomren, betre kjent som Polkabjørn, heldt konsert saman med eit lokalt orkester i sommar, og Bonden var programleiar. Då ein song på tysk blei introdusert kledde han seg i lederhosen, og då eit Abba-nummer stod på programmet?

– Eg har eit slik forferdeleg Abba-kostyme med platåsko, skildrar han.

– Eg har hatt mykje moro i lokalsamfunnet.

Og det er også i musikken han kjenner på nokon av dei sterkaste religiøse opplevingane. Det kan gjerne koma uventa på. Som når barna på skulegudsteneste har øvd og syng ei salme av full hals. Eller under eit solostykke i ei gravferd.

Ole Kristian Bonden. Frokostprosjekt.

Bonden er oppteken av folkekyrkja. Han trur ein av tinga som kjenneteiknar det folkekyrkjelege er at trua ikkje fyrst og fremst kjem til uttrykk i eit meiningsinnhald.

– Ofte er det meir som eit nærvær. Noko du ikkje kan setje ord på. Det er noko «kreti og pleti» kan oppdage når dei er på ei gudsteneste og presten seier nokre ord, ein syng ei salme, eller når ein les «Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.»

– Plutseleg er det noko med dei orda ein kan kjenne att. Gud, eller sitt eige liv, eller ein kan kjenne på ein tryggleik. Dette nærværet.

– Salmeboka vel så viktig som Bibelen

Den kommande biskopen leitar litt etter orda. Lener seg tilbake i den grå sofaen.

Han veit at folk gjerne får religiøse opplevingar i naturen, eller med eit nyfødt barn i armane. Men for han er det noko spesielt med kyrkjerommet, musikken og det fellesskapet som oppstår blant dei som er der.

— Denne blandinga av det heilt menneskelege, som døden, livet og kjærleiken, og symbolet, rommet, musikken, når det spelar saman?

Bonden tek ei lita kunstpause.

— Det er nok dei sterkaste religiøse opplevingane eg har.

Ole Kristian Bonden

Og fekk Bonden velje skulle fleire bruka meir tid på å lesa i salmeboka.

– Der er det mykje god teologi. I min tradisjon er faktisk salmeboka kanskje vel så viktig som Bibelen. Det er ikkje sikkert at alle skal lesa Bibelen.

Han meiner at å lesa og tolke den heilage skrifta sjølv slettes ikkje er så enkelt.

– Salmeboka er tolka teologi, og om ikkje alle, så er mange salmar i eit slikt språk som me kan kjenne att.

Verdifullt å gå med dødsbod

Etter å ha gravlagt omtrent 900 personar, døypt 800 og konfirmert 2.500 ser Bonden fram til nye utfordringar. Men er det noko han gler seg til å sleppe å gjera når han ikkje lenger er prest eller prost?

Han trekkjer på det. Treng litt hjelp.

– Som å gå med dødsbod, for eksempel? Det blir det kanskje ikkje så mykje av som biskop?

– Det er ikkje slik at eg hentar energien og gleda frå det morosame, og at alt som er sorg og død tek energi. Eg synest det er verdifullt å møte menneske i desse ekstremsituasjonane. Eg hentar energi i menneskemøta.

Og der er kanskje noko av kjernen i Bonden sitt syn på presterolla. Ein møter menneske i det heilt grunnleggjande. Det kan vera krevjande, men også viktig og fint.

– Djupast sett er det prest eg er, også som biskop. Men med litt andre fullmakter og forventingar.

For nokre veker sidan blei Bonden kåra til «årets elverumsing». Under utdelinga skildra kultursjef i Elverum kommune, Line Margrethe Rustad, Bonden slik:

«Alltid klar for noe nytt. Med sin alminnelighet og all sin usedvanlighet.»


Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion