Religion

Vil snakke om kvardagsrasisme i kyrkja: – Blir ofte møtt med at ein er hårsår

DEN NORSKE KYRKJA: Kateket Maria Liholt saknar fleire rom for å snakke om rasisme i kyrkja, og får støtte av teologiprofessor. – Det er mange stygge historiar der ute, meiner Liholt.

– Før var det ikkje rom i kyrkja for å dela mine erfaringar om rasisme. No er det nokon få, små rom.

Det seier Maria Liholt. Ho er kateket i Ullern kyrkjelyd i Oslo.

Liholt blei adoptert som lita, og kom til Noreg frå Sierra Leone som femåring.

Kateketen meiner dei fleste tørr å snakke høgt om grov rasisme, men ho saknar fleire rom i kyrkja for å snakke om kvardagsrasisme. Alle dei små dryppa som gjer at ho kan kjenne på at folk ikkje tenkjer at ho høyrer heime her.

– Det kan vera folk som spør om eg synest det er kaldt i Noreg, eller som skal fortelje meg at det er vanleg å eta vaflar her til lands.

Andre skal gjerne påpeike at ho snakkar godt norsk, eller spørje kvar ho «eigentleg kjem frå».

– Eg blir litt matt, sukkar Liholt.

Vil ha eigen dag

For eitt år sidan tok professor emeritus i teologi, Halvor Moxnes til orde for å gjera heilage tre kongars dag til ein dag med fokus på rasisme.

«Det bør bli en dag da kirken, og det norske samfunnet, blir utfordret til å se seg selv med svarte øyne! Dagen må brukes til å løfte frem svartes situasjon og rasisme, ikke bare i verden, men også hverdagsrasismen i Norge.»

Moxnes gav i fjor ut boka Svarte kong Baltasar. De hellige tre konger: rase, religion og politikk. I den utforska han rase, religion og politikk i ljoset av bibelforteljinga om dei heilage tre kongar.

Og i år har i alle fall ein kyrkjelyd tatt oppmodinga hans på alvor.

6. januar er den faste datoen for heilage tre kongars dag, men i år er det sundag 8. januar teksten om dei tre kongane er preiketekst i Den norske kyrkja.

Og i Trefoldighetskirken i Oslo skal Moxnes preike om rasisme denne dagen under gudstenesta. Etterpå skal mellom anna Liholt dele erfaringar knytt til kvardagsrasisme.

– I visjonsdokumentet til kyrkja står det at ein skal jobbe mot alle former for diskriminering, og heilage tre kongars dag kunne vore eit høve til dette, meiner Moxnes.

Satan i kirken, seminar på MF.

– Mange stygge historier der ute

Han fortel at 6. januar er ein dag som markerer ei verdsvid, universell kyrkje, då heidning-kongane kom frå ulike delar av verda for å tilbe Jesus.

– Det var på 1400-talet ein av dei tre heilage kongar blei framstilt som svart. Det skjedde samstundes med at portugisarane byrja med slavehandel frå Afrika til Europa.

Professoren meiner det ligg ei spenning i at ein på eine sida har det positive i at ein hadde ein representant som viste afrikanarar som ein del av den verdsvide kyrkje, men også korleis han har blitt framstilt rasistisk og stereotypisk, og korleis ein i historia har sett orda svart og slave i samanheng med kvarandre.

Det er alltid ein risiko å stikke fram hovudet.

—  Maria Liholt

Han meiner kyrkja må vera med på å snu blikket, for å sjå på korleis til dømes kvite ser ut frå afrikanske auge.

– Me må sjå at me også har ein farge. Og den fargen har politisk makt og definisjonsmakt med seg. Derfor treng me å høyre frå dei som opplever kvardagsrasisme.

Det er Liholt heilt einig i.

Ho ser at ho sjølv har visse privilegium, sidan ho snakkar norsk flytande og har vakse opp i ein kvit familie.

– Eg har kollegaar som har komme til Noreg i vaksen alder som opplever langt verre ting.

Folk har fortalt ho om situasjoner kor nokon ikkje vil ha ein svart prest i gravferda til familiemedlemmar eller som ikkje vil sleppe inn ein mørkhuda prest som kjem med dødsbod.

– Det er mange stygge historier der ute, meiner Liholt.

– Møtt med at ein er hårsår

Sjølv seier ho at hudfargen hennar sjeldan er eit tema hjå kollegaar.

– Det tenkjer ein ofte at er ein fin ting, men det gjer det også vanskelegare å finne naturlege rom der ein kan snakke om rasismen ein opplever.

Ho har også kjent på at ho ikkje tørr å seie ifrå i situasjonar i frykt av at ho ikkje vil få støtte av dei rundt seg, og at dei heller går i forsvar.

– Ein blir ofte møtt med at ein er hårsår eller at ein overreagerer. Det er alltid ein risiko å stikke fram hovudet.

– Korleis kan ein skape dette rommet for å kunne dele av erfaringar med rasisme i kyrkja?

– Som tilsett vil eg seie at det viktigaste er å få meir kunnskap om rasisme. Både tilsette, men også valde i sokneråd, fellesråd og på alle nivå i kyrkja. Det er viktig, sjølv om det ikkje er så mange med mørk hud som jobbar i Den norske kyrkja.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion