Religion

Norsk TV-kanal får sende gravferda til pave Benedikt

DEN KATOLSKE KYRKJA: Den norske radio- og TV-kanalen St. Rita sørgjer for norsk direktesending og dekning av gravferda til tidlegare pave Benedikt XVI.

Når den tidlegare pave Benedikt XVI skal gravleggjast torsdag 4. januar skal den norske, katolske TV- og radiokanalen St. Rita sende direkte frå Peterskyrkja. Det skriv avisa Dagen.

Etter at den norske kanalen blei del av den verdsomspennande katolske kanalen EWTN, har dei nådd fleire og blitt meir tilgjengelege for det norske publikum, skriv avisa.

Gravferda byrjar klokka halv ti på torsdag, og den norske kanalen byrjar sine sendingar kvart på ni.

Med seg vil dei ha gjester og kommentatorar.

Mellom anna skal ein prestestudent rapportere frå Roma og ei nonne og ein prest skal koma med kommentarar undervegs. I tillegg skal dei tre katolske biskopane frå Norge bidra med refleksjonar.

Norsk dekning

Pål Johannes Nes er leiar for kanalen St. Rita.

– Dette blir eit farvel med vår kjære Benedikt og blir ei norsk dekning av storhendinga, seier Nes til Dagen.

Benedikt XVI er kjent som ein stor og viktig pave og teolog i Den katolske kyrkja.

– Det er langt mellom dei store teologane på pavestolen, så me får nok ikkje ein mann av hans kaliber igjen med det fyrste, sa dominikanarsyster Anne Bente Hadland ved Katarinahjemmet til Vårt Land i forbindelse med dødsfallet.

Den tidlegare paven, som sat frå 2005 til 2013, var tysk av fødsel og hadde det sivile namnet Joseph Ratzinger. Han var den fyrste paven på seks hundre år til å trekkje seg som øvste leiar for Den katolske kyrkja. Valet om å abdisere sjokkerte heile verda i 2013.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion