Religion

Prest og faddarar måtte ut i open båt i minusgrader for å koma seg til dåp

VESTLAND: Då foreldra til dåpsbarnet fekk beskjed om at alle ferjer til øya dei bur på var innstilte på dåpsdagen blei dei rimeleg stressa. Men med hjelp av ein open båt og termodressar blei dagen redda.

Berre ein time ut i det nye året fekk Målfrid Skeie Enes og Nils Tore Skjelnes melding om at det var teknisk feil på ferja som går til og frå øya Varaldsøy der familien bur.

Dagen etter skulle den vesle sonen deira, Johannes Skjelnes, døypast i Varaldsøy kyrkje, som ligg i Kvinnherad kommune på Vestlandet.

Men store delar av dåpsgjestene budde på fastlandet og var avhengige av ferjesambandet for å bli med på den store dagen. Saka blei fyrst omtalt av lokalavisa Grenda.

Klokka 8 morgonen etter kom ei ny melding om at ferja ikkje gjekk i det heile.

– Me tenkte at dei framleis hadde nokre timar på å ordne det. Men då klokka var ti og ingenting hadde skjedd skjøna me at «dette går ikkje», fortel Enes.

Ho fortel om mild panikk i heimen og ringerunde for å skaffe skyss til gjestene.


Bunadar under termodressar

Den overbygde beredskapsbåten var heller ikkje i orden, og reserveferja låg halvannan time vekke, fekk Enes opplyst.

Men svigerfar trødde til, og skaffa båtskyss. Båteigaren hadde alt ei avtale om å frakte soknepresten og organisten over.

– Men det blei ein liten, open båt på dei stakkars, seier Enes, som seier at gjestene tok det med eit flir.

– Me rakk å få dei til å snu og hente termodressar og varme klede. Då lo dei endå meir, humrar Enes.

Slik gjekk det til at både besteforeldre til dåpsbarnet, fadrar, og presten sjølv måtte trekke på seg varme dressar over bunadar og finstas, før dei i kuldegrader sette snuten mot Varaldsøy i ein open båt.

Dagen blei veldig bra og dette er noko me kan le av i ettertid. Men der og då var det ikkje så artig.

—  Målfrid Skeie Enes

Det blei i alle fall ikkje ein dåpsdag som blir gløymt med det fyrste, meiner mora, og ser for seg at det blir ein artig historie og fortelje til sonen Johannes når han blir stor.

Presten måtte på med alpinklede

Sokneprest i Varaldsøy, Kjersti Brakestad Boge, fortel om ein stressande morgon.

Innstilte ferjer er ikkje vanleg nok til at det er noko rutine på korleis ein gjer ting, men sidan det var dåp denne dagen var terskelen høg for å avlyse gudstenesta, fortel ho.

Kjersti Brakestad Boge, Sokneprest i Kvinnherad, Varaldsøy, Hatlestrand og Ølve. Her i Varaldsøy kyrkje.

Så etter å ha skaffa båtskyss og ha skifta frå skjørt og inn i alpinklede kom ho seg etter kvart over til Varaldsøy.

Ho fortel at båten måtte over fleire gonger til ulike sider av fastlandet for å hente folk.

– Me blei 42 til gudsteneste, noko som er bra på fyrste nyttårsdag når mange nok er trøytte.

Ho skryt av at bebuarane på øya er flinke til å koma til kyrkja, og at det blei ei fin gudsteneste, både med dåp og juletregang.

Juletrefestgudstjeneste i Varaldsøy kyrkje. Kaker og godteri på treet. Dåp

– Det var veldig kjekt, men eg må seie eg har ei veldig medkjensle med dei som bur der. Det må vera ganske krevjande å ikkje vita at ein kan koma seg til fastlandet. Om det så er å koma seg til dåp, rekke eit fly eller om det er sjukdom.

– For dårleg

Det kan Ekenes stadfeste.

– Dagen blei veldig bra og dette er noko me kan le av i ettertid. Men der og då var det ikkje så artig.

For øya var utan ferjesamband i til saman i nesten eit døgn. Det synest Enes er for dårleg.

– Det burde i alle fall vore ei ordning med skyssbåt eller reserveferje, meiner Enes, som fortel at det frå før er dårleg med ferjeavgangar på sundagar.

Ho håpar historia om den litt trøblete starten på dåpsdagen til sonen Johannes kan vera med på å spreie ordet om den sårbare transportsituasjonen øybuarane er i.

Og det kan ein vel seie at ikkje er så verst å ha oppnådd i løpet av eitt fire veker langt liv.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion