Englane står vakt og prisar Gud

Rundt 13 prosent av salmane i Norsk salmebok nemner englar. Hovudvekta i omtalen ligg på song, glede og englevakt.

Korleis står det til med englane i den norske salmeskatten? Bibelen fortel mykje om englar, men kva fortel Norsk salmebok? Blir englane løfta fram på songens venger, eller må dei stort sett dale ned i skjul?

Vi bestemte oss for å lese oss igjennom salmeboka (Norsk salmebok 2013) på jakt etter svar. Inntrykket før vi begynte lesinga, var at englane iallfall er tungt til stades i salmane vi syng i juletida. Ganske raskt skulle dette vise seg å stemme.

Først registrerte vi rett nok at englane berre er med i nynorskversjonen og ikkje i bokmålsversjonen av Eyvind Skeies flotte adventssalme «Tenn lys». På nynorsk er avslutningsstrofa «Nå møtes jord og himmel i barnet, lagt på strå!» gjendikta til «No møtest jord og himmel og englar jublar med».

Om englar såleis er meir utbreidde på nynorsk enn på bokmål, er ei tese som ikkje utan vidare har hald i seg. Ein av dei mest kjente og kjære julesongane, «Eit barn er født i Betlehem», har nemleg motsett tendens: englane er til stades på bokmål og ikkje på nynorsk! På nynorsk heiter det: «Her ligg han i eit krubberom, eit krubberom, men rår med evig herredom. Halleluja, halleluja!» I bokmålsversjonen heiter det derimot: «Hun la ham i et krybberom, et krybberom / Guds engler sang med fryd derom. / Halleluja, halleluja!»

Litt av den same tendensen finst i julesongen «Stille natt»: Englane er meir skjulte på nynorsk («song» i staden for «englenes sang»).

---

Englar i salmeboka

  • STREK har lese igjennom Norsk salmebok 2013 for å finne ut kva salmane fortel oss om englar.
  • I salmeboka er det 991 salmar. Rundt 130 av dei nemner englar, det vil seie ein prosent på rundt 13 prosent.
  • Flest englar er det i julesongane. Englane blir nemnde i 67 prosent av desse.

---

To av tre julesongar inkluderer englar

Trass denne målformsulikskapen er hovudtrekket som antatt når det gjeld julesalmane, at englane er tydeleg til stades. Av 46 salmar i Norsk salmebok nemner 31 av dei englane, altså rundt 67 prosent, eller to av tre.

Dei sentrale trekka ved englane i julesalmane er song, jubel, glede og pris, i tillegg til innslag om englevakt og englebod (grunntydinga av ordet engel er «bodberar»). Nokre kreative variasjonar er engledansen i «Du grønne, glitrende tre, goddag» og funklinga i engleauga i «Kim, alle klokker», i tillegg til den nydelege omtalen av englar som ber blomar frå paradis i «Glade jul». På bokmål er det like vakkert: «hit de flyver med paradisgrønt».

Frå B.S. Ingemanns «Glade jul» kjem den kjente formuleringa «Engler daler ned i skjul», som vi hintar til også på framsida av dette STREK-nummeret. Skildringa peikar på ei moderne erfaring av at englane ikkje gjer stort vesen av seg når dei kjem til oss, men at dei snarare går «lønnlig» eller «løynleg» iblant oss på jorda.

Nynorskversjonen gjer det endå tydelegare kvar englane kjem ifrå: «Englar kjem frå Guds kongestol» – ei forestelling som låner av profeten Jesajas visjon av serafar kring trona.

Englane er elles markante i alle fire versa av «Glade jul», i heilag song om herlegdom og fred. Ingemanns salme må seiast å vere sjølve englesalmen julematerialet vårt.

Berre Martin Luthers «Fra himlens høyt jeg kommer her» kan vere ein mogleg utfordrar til den rangen: I Luthers vekselsong, som rett nok er mindre kjent blant folk flest i dag, er nemleg dei første versa lagt i munnen på ein engel.

Færre englar utover i salmeboka

Det var julesongane, der englane glimrar med sitt nærvær. Dersom vi ser på resten av salmane i Norsk salmebok, er englebiletet litt skrinnare. Englane gjer desidert tyngst nedslag i den første tredelen av salmeboka, nærmare bestemt i hovuddelane «Kyrkjeåret» og «Gud, vår skapar». Rundt ein av fire salmar i desse to første seksjonane inkluderer englane, rundt 26 prosent.

Om vi ser på alle dei 991 salmane i Norsk salmebok under eitt, er engleprosenten vesentleg lågare, heilt nede på 13 prosent. Til samanlikning er det også ganske mykje lågare enn dei 23 prosenta i det norske folket som trur det finst englar, ifølgje STREKs undersøking (sjå lenger fram i magasinet).

Salmane til mikkelsmesse, til minne om erkeengelen Mikael og dei andre englane, dreg opp snittet. Som Svein Ellingsens salme seier det: «Det er Guds englers dag! / Kom la oss synge av hjertens lyst i kirkens lovsangskor!» Det same gjer salmane «ved senga» – her er også englane med i høgste grad.

Dei er glade, svært glade; dei leikar, jublar og syng.

—  Alf Kjetil Walgermo

Englane syng om evangeliet

Blir biletet av englar eit anna i resten av salmeboka enn det vi fann fram til i julesongane? Ikkje så veldig. Framleis er det songen og gleda som står i brennpunktet, men med hyppigare innslag av englane sin funksjon som vaktarar. Ikkje minst er dette dominerande i salmane som gjerne blir sungne for barn når dei skal legge seg om kvelden: «Når jeg legger meg til hvile, tretten engler om meg står», som det heiter i ein av dei. Meir kjent er godnattsongen «Nå lukker jeg mitt øye», der det heiter «Fra synd, fra sorg, fra fare din engel meg bevare, som ledet har min fot i dag».

Så kva kan vi lære om englane av Norsk salmebok? Hovudbiletet er at englane står vakt over menneska og lovar og prisar Gud. Dei er glade, svært glade; dei leikar, jublar og syng. Og dei kjem til oss med jolebod, gledebod og kjærleiksbod.

Englane syng om evangeliet. Og bodskapen frå englane kling vidare i oss.


Denne artikkelen var originalt publisert i magasinet STREK. Magasinet STREK er et kirkelig reportasje- og fordypningsmagasin som gis ut 5 ganger i året. Les mer om STREK og få en smakebit av siste utgave her.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Mer fra: Religion