Religion

Blei nekta å setta ut julekrybbe på kjøpesenter

KRYBBE-NEKT: Det var ikkje rom i kjøpesenter-herberget til denne heimesnekra julekrybba.

– Eg blei svært skuffa, seier Stein Gjulem, leiar i Grimstad sokneråd.

For fire år sidan snikra han og fleire lokale eldsjeler ei julekrybbe til Josef, Maria og jesusbarnet i stallen. Krybba fekk plass på Oddensenteret, eit kjøpesenter i Grimstad. Opninga av julekrybba vart feira med barnekor som song jula inn. Også i 2020 var krybba på plass på senteret.

Då senteret skulle renoverast, fekk krybba ei gjesteplassering på biblioteket i jula 2021.

I år kontakta Stein Gjulem leiinga på kjøpesenteret om å igjen få plassert ut krybba der. Han fekk avslag.

– Leiinga på senteret viste til noko om at dei vil ha reine linjer på det nye senteret og at det skal vera livssynsnøytralt, seier Gjulem til Vårt Land.

Også til Grimstad Adressetidende, som først omtalte saka, har senterleiar Benedikte Øverland peika på religion som ein av fleire grunnar til at julekrybba ikkje fekk plass på Oddensenteret.

Då Vårt Land tek kontakt, er svaret eit anna. Ho skriv til Vårt Land at «det ikkje er heilt riktig at livssynsnøytralitet var hovedårsaka».

Sjå heile svaret til senterleiaren lenger ned i artikkelen.

Gamle bord og duk vart til julekrybbe

Stein Gjulem er kritisk til argumentasjonen senterleiinga ga.

– Kjøpesenter tener store summar på at me feirar jul. Då tenker eg det er naturleg at opphavet til jula kan bli markert i ein krok, seier han og legg til:

– Det er ein trend i samfunnet med å vera så forsiktig rundt dette med grunnen til at jula finst.

j

Julekrybba er eit samarbeid mellom kyrkjelydane i Grimstad, Landvik, Eide, Fjære og Fevik.

Stallen er snikra av nokre gamle bord og høyet i krybba er levert av ein lokal bonde.

Stoffet som er brukt til å sy drakter til dei nybakte foreldra, er henta frå den store verda. Kjolestoffet til Maria kjem frå Zambia og sjalet frå Etiopia. Josef sitt hovudplagg er kjøpt i Bethlehem medan drakta er ein omsydd gammal duk.

– Julekrybba ser litt gammal ut, men me synest den er fin, seier Stein Gjulem.

g

Senterleiar svarar

– Me skal respektera alle trusretningar, og som eit kjøpesenter har me ikkje noko med religion å gjera. Då er det helt naturleg å seia at me steller oss nøytrale til slike ting. Her skal alle føle seg velkomne. I mine auge er det derfor helt naturleg at det vart eit nei. Me er eit kjøpesenter, sa senterleiar Bente Øverland til Grimstad Adressetidende.

Øverland ville ikkje stille til intervju med Vårt Land, men har gitt svar på e-post.

– Etter eit omfattande oppussingsprosjekt som me framleis ikkje er 100 prosent i mål med, fann me ikkje ein naturleg plass for julekrybba. Me ventar og fleire nye møbler, som er i bestilling, og me har behov for å disponere dei plassane me har, skriv ho som svar på spørsmål om kvifor krybba ikkje fekk plass, skriv Øverland.

Vårt Land har spurt kor viktig det religiøse elementet har vore.

– At livssynsnøytralitet var hovedårsaka til at krybba ikkje fekk plass, er ikkje heilt riktig. Me har dessverre ikkje funne plass til ho slik situasjonen har vore, skriv ho til Vårt Land.

– Som kjøpesenter tener de masse pengar på at me feirar jul. Er det ikkje naturleg å vise til kor juletradisjonen starta?

– Julas historie er viktig for oss og for norsk tradisjon, og det er ikkje slik at me ikkje skal feire jul på Odden. Mykje høyrer jula til, og alt er ikkje nødvendigvis bundet opp mot religion for alle menneske. Dei fleste feirar jul, og den feiringa ønsker me å delta i.

Kyrkja fann plass til julekrybba

No er julekrybba flytta til Grimstad kyrkje.

– Det er mange som kjem innom kyrkja denne månaden som får sjå krybba. Men det er eit anna klientell her enn på eit kjøpesenter, seier Stein Gjulem.

Han trur ikkje at senterleiinga kjem til å snu i avgjersla dette året. Han lover likevel å vera frimodig nok til å spørra neste år også.

Leiaren i Grimstad sokneråd ser likevel det positive i situasjonen:

– Julekrybba har fått god PR, det er ein god ting. Det har blitt fokus på den sentrale personen i jula.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion