Blei nekta å setta ut julekrybbe på kjøpesenter
KRYBBE-NEKT: Det var ikkje rom i kjøpesenter-herberget til denne heimesnekra julekrybba.
PÅ PLASS: Det var ikkje rom for denne julekrybba på kjøpesenter. No står den utstilt i Grimstad kyrkje.
Foto: Stein Gjulem
– Eg blei svært skuffa, seier Stein Gjulem, leiar i Grimstad sokneråd.
For fire år sidan snikra han og fleire lokale eldsjeler ei julekrybbe til Josef, Maria og jesusbarnet i stallen. Krybba fekk plass på Oddensenteret, eit kjøpesenter i Grimstad. Opninga av julekrybba vart feira med barnekor som song jula inn. Også i 2020 var krybba på plass på senteret.
Då senteret skulle renoverast, fekk krybba ei gjesteplassering på biblioteket i jula 2021.
Bestill abonnement her
KJØP