Horroren ved kunstig liv

Mary Shelleys klassiske roman Frankenstein viser oss dei katastrofale konsekvensane av mennesket si trong til å skape kunstig liv. Kan romanen fungere som eit varsko frå fortida på kunstig intelligens-feltet?

Den britiske forfattaren Mary Shelley var 19 år gammal då ho gav ut romanen Frankenstein; eller Den moderne Prometevs i 1818. Utgivinga var anonym, og kom i tre band.

Først fleire år seinare stod Shelleys eige namn på framsida av det som gjerne blir omtalt som verdas første science fiction-roman. Science fiction, fordi Frankenstein er ei godt skrøna skrekkhistorie bygd opp kring tanken om og trua på store vitskaplege gjennombrot. Kva om mennesket kunne skape kunstig liv?

Den klassiske romanen kom i nynorsk omsetting for nokre år sidan, gjort av Øystein Vidnes, som ein del av forlaget Skalds klassikarserie. Det er denne omsettinga eg tek utgangspunkt i her. I nyare tid har også Kjetil Korslund omsett romanen til bokmål, gitt ut av Kagge forlag.

Framleis aktuell klassikar

Stadige nyutgivingar av ei bok som kom i 1818 gir oss ein peikepinn på at Frankenstein stadig har noko å fortelje oss. Boka er framleis aktuell. Ikkje fordi ho er ein etablert del av den litterære kanon og klassifisert som verdslitteratur. Heller ikkje – sjølv om det også er viktig – fordi ho er skriven av ein kvinneleg forfattar i ei tid der brorparten av forfattarlauget framleis var menn. Shelley er attpåtil dotter av feministen og filosofen Mary Wollstonecraft, ein pioner i kampen for kvinnerettar.

Frankenstein er først og fremst viktig å lese som ei påminning inn i ei tid der mennesket strekker seg til teknologiens ytste grenser for å skape kunstig intelligens, kunstig medvit og kunstig liv. Noko av samtidsbiletet handlar om kloning – det er allereie mange år sidan sauen Dolly – og utvikling av syntetisk liv på laboratoriet, som vitskapsmannen Craig Venter skal ha lukkast med for eit drygt tiår sidan. Ein annan del av biletet handlar om kunstig intelligens og forsøka på å utvikle maskiner med menneskelege eigenskapar og trekk – kanskje endåtil til medvit.

Frankenstein

Vil skape eit menneske

Victor Frankenstein les esoterisk populærvitskap i smug som barn og får visjonane og vyane sine tende av desse skriftene før han slår inn på den vitskaplege, naturfilosofiske vegen som student og ung mann. Han utmerker seg raskt med sin faglege styrke, driven som han er av hardt og målretta arbeid.

På eit tidspunkt kjem han på sporet av essensen som innan kjemien etablerer livet sjølv – ein mystisk faktor som aldri blir forsøkt forklart verken overfor andre romanpersonar eller oss lesarar. Konsekvensen er like fullt at Frankenstein går i gang med å skape eit menneske frå botnen av, noko han også lukkast med.

I det romanen begynner, er det ein heilt annan person vi følgjer, nemleg kaptein Walton. Han skriv brev til søstera si og fortel om den store ekspedisjonen – det store prosjektet – han er i ferd med å utføre. Kort fortald handlar det om å reise til Nordpolen med båt.

På eit tidspunkt møter kapteinen ein forfrosen, utsliten og ganske så desperat mann i is-audet og tek han om bord på skipet sitt. Dette er Victor Frankenstein, som etter å ha komme godt overeins med Walton, begynner å fortelje han historia di.

---

Roman

  • Mary Shelley
  • Frankenstein; eller Den moderne Prometevs
  • Skald, 2016
  • Omsett av Øystein Vidnes
  • 315 sider
  • Denne bokmeldinga var ein del av totalpakka på kunstig intelligens i STREK nr. 4.

---

Hovmodet fører til død

Det er ein dårleg skjult løyndom at Frankenstein har skapt eit monster. Iallfall reknar han vesenet som det, eventuelt som ein demon, både på grunn av utsjånaden det har og på grunn av dei fryktelege gjerningane det utfører. Ein etter ein begynner nemleg Frankensteins nærmaste å miste livet, og det står klart for vitskapsmannen at det er monsteret han har skapt som er den skuldige i ulukka. Med andre ord: Frankenstein klandrar vekselvis monsteret og seg sjølv. Han bryt fullstendig saman i mismot og nervøsitet, hemnlyst og forakt, mens han vekselvis prøver å finne monsteret og flykte frå det.

Romanen har undertittelen «eller Den moderne Prometevs». I den greske mytologien var Prometevs guden som skapte menneska av vatn og leire, og som seinare gav dei elden som han stal frå gudane. For tjuveriet fekk både Prometevs og menneska si straff.

I romanen er det sjølve skapargjerninga – at Frankenstein leikar Gud og skaper kunstig liv – som får si brutale straff. Det kjem rett og slett ikkje noko som helst godt ut av dette storslegne og hovmodige vitskapelege eksperimentet. Hovmodet, og det kunstige livet, fører til død.

Frankenstein heller kaldt vatn i årene på teknologioptimistane som prøver å skape eit nytt og betre menneske

—  Alf Kjetil Walgermo

Den alternative utgangen

Likevel er det interessant å lese om korleis det kunne gått annleis, om berre menneska hadde akseptert monsteret som eit «medmenneske» og ikkje sett på det som eit uhyre. Frankensteins monster tørstar først og fremst etter kjærleik, men blir nekta kjærleik. Slik kan han også fungere som ein grotesk peikar til våre dagars «incels» – aggressive, kjærastelause menn på den radikale høgresida. Monsteret kunne i staden ha blitt inkludert i samfunnet og vist respekt – og moglegvis hadde alt gått så meget betre.

I vår samanheng, der vi i STREK nummer 04–2022 har tatt for oss kunstig intelligens, er romanen eit rungande varsku. I våre dagar prøver menneska, som Frankenstein, å bygge ei ny form for liv. Mary Shelleys roman minner oss om at resultatet fort kan bli eit heilt anna enn ønskt og planlagt. Kanskje hadde det hjelpt å vise kjærleik. Likevel kan vi ha dei beste intensjonar om å bygge ein hjelpar (les: ein kunstig generell intelligens) og i staden ende opp med å skape eit monster.

Frankenstein heller kaldt vatn i årene på teknologioptimistane som prøver å skape eit nytt og betre menneske eller søker å utvikle kunstig liv. Mary Shelleys klassikar er godt eigna til å minne oss om risikoen – for ikkje å seie horroren ved liv som ikkje er skapt av Gud.


Mer fra: Religion