Religion

Biskop seier ja til sambuarprestar. Bispemøtet har sagt nei

SAMLIV: Biskop Kari Veiteberg har ordinert og vigsla menneske med sambuar til teneste i kyrkja sidan ho blei biskop. Det siste vedtaket frå Bispemøtet i saka var i 2017 og seier nei til praksisen.

– Eg har hatt fleire samtaler med reflekterte menneske som er usikre på om dei skal, orkar eller tør søke stillingar i Den norske kyrkja. Dei synest det er problematisk at kyrkja har signalisert at ho ikkje vil tilsette sambuarar som prestar og i anna vigsla teneste. Fleire fortel at dei gruar seg til samtala med biskopen.

Det seier Oslo-biskop Kari Veiteberg. Ho synest det å vigsle eller ordinere menneske til kyrkjeleg teneste er noko av det finaste med å vera biskop. Men ho har opplevd at fleire har grua seg til den obligatoriske samtala med biskopen før ordinering eller vigsling på grunn av spørsmåla dei kan få om samliv.

Dette har gjort djupt inntrykk på Veiteberg.

– For meg har det blitt påtrengande viktig å vise, også i praksis, at sambuarskap i seg sjølv ikkje diskvalifiserer til kyrkjeleg teneste. I Norge i 2022 og framover gir det god meining å ordinere og vigsle dyktige, motiverte og ansvarsfulle menneske til prestar, diakonar, kateketar og kantorar, om dei no er gifte, single eller sambuarar, seier Veiteberg.

Ho har vigsla og ordinert sambuande til teneste i kyrkja frå ho blei biskop i desember 2017.

Vedtok nei til sambuarar

Sist gong eit samla bispekollegiet uttalte seg om sambuarskap som samlivsform for tilsette i kyrkja var under Bispemøtet i mars 2017. Konklusjonen her var at ei utsegn frå Bispemøtet i 1995 blei ståande. Der står det at det «ikkje er i tråd med dei krav kyrkja stiller til sine tilsette å etablere seg i samlivsforhold utanom eit ordna ekteskap».

Dette var berre månadar før Kari Veiteberg blei tilsett som biskop i Oslo.

– Me står ganske samla rundt vår posisjon, og me vil at 95-utsegna skal vera retningsgjevande, sa dåverande preses, Helga Haugland Byfuglien, til Vårt Land i forbindelse med saka.

I 2013 la samlivsutvalet til Bispemøtet fram sin rapport der dei i tre år hadde jobba ut frå bestillinga «Ei grundig, teologisk gjennomgang av kyrkjas ekteskaps- og samlivsetiske forståing». Fleirtalet her sa nei til sambuande prestar. Men det tok fleire år før Bispemøtet diskuterte spørsmålet.

Fyrste gong i 2009

For å jobbe som prest må ein i Den norske kyrkja bli ordinert til presteteneste. Dette er det berre vigsla biskopar som kan gjera, etter å ha snakka med kandidaten og ha funne personen «skikka for presteteneste», og ha motteke lovnad om at personen vil utføre tenesta i samsvar med vedkjenninga og ordningane i kyrkja.

På same måte som prestar blir ordinerte, blir diakonar (omsorgsarbeidar), kateketar (undervisningstilsett) og kantorar (kyrkjemusiker) vigsla når dei går inn i kyrkjeleg teneste. Vigslinga er mellom anna eit uttrykk for at desse medarbeidarane har eit spesielt fagleg ansvar i kyrkjelyden.

Det seier seg sjølv at kyrkja ikkje vil ha så lett for å rekruttere nye prestar og andre kyrkjelege tilsette dersom vi tviheld på at menneske som av ulike grunnar og også med ulike former for juridisk forpliktande avtaler seg imellom, ikkje kan gjere teneste i kyrkja

—  Kari Veiteberg

Det er ikkje noko nytt at enkelte biskopar har ein annan praksis på dette feltet enn den gjeldande utsegna frå Bispemøtet. Det skapte merksemd då dåverande biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen i 2009 ordinerte den fyrste heterofile sambuande til prest i Den norske kyrkja.

Også i dag er det ulik praksis i bispekollegiet, fortel Veiteberg. Ho seier ein har hatt uformelle samtaler om dette blant biskopane, men at dei har landa på saka ikkje kjem til å stå på sakslista til Bispemøtet med det fyrste.

For henne er det viktig at kyrkja tek innover seg at forståinga av sambuarskap og ekteskap har endra seg i samfunnet.

– Fleirtalet, også kristne, vel å flytta saman utan å vera gifte.

Ho peikar også på korleis folk inngår ekteskap seinare i livet no enn før.

Vanskeleg å rekruttere

Ifylgje SSB var gjennomsnittsalderen for å gifte seg for fyrste gong i 2020 nesten 37 år for menn og 34 år for kvinner.

– Det er ikkje slik lenger at ekteskapet alltid er der samlivet startar, men det kan stadfeste samlivet, meiner Veiteberg.

– Det seier seg sjølv at kyrkja ikkje vil ha så lett for å rekruttere nye prestar og andre kyrkjelege tilsette dersom vi tviheld på at menneske som av ulike grunnar og også med ulike former for juridisk forpliktande avtaler seg imellom, ikkje kan gjere teneste i kyrkja.

– Nokon vil kanskje hevde at det er feil å la endringane i samtidas syn på ekteskapet påverke kyrkja sin praksis på feltet?

Me ynskjer å snakke fram ekteskapet og finne god teologi for kor fint, viktig og trygt det kan vera å seie dei løfta høgt og offentleg. Men når me registrerer at unge i dag stort sett bur saman før dei gifter seg kan me ikkje lata dette vera hovudpunktet under samtala med biskopen.

Veiteberg seier ho ikkje unngår temaet i samtala, men at ein skal snakke saman både om tru, syn på sakramenta og livsførsel.

Oslo-biskopen seier ho ikkje har endra synet på ekteskapet og det å ha bryllaup er noko av det kjekkaste ho gjer.

– Men eg trur ikkje eg har via ektepar som ikkje har budd saman før. Eg trur i alle fall alle har hatt sex, men det har eg ikkje undersøkt, seier biskopen.

Ny Hamar-biskop vil ordinere sambuande

Påtroppande biskop i Hamar, Ole Kristian Bonden, skriv i ein e-post til Vårt Land at han er klar over at det er ulik praksis hjå biskopane i denne saka, men at det naturleg nok ikkje har vore ei aktuell problemstilling til no for eigen del.

Ole Kristian Bonden

– Tidlegare biskop Solveig Fiske har ordinert eller vigsla sambuande til kyrkjeleg teneste. Det vil eg også kunne gjera. Det er også slik at kvar ordinasjon blir gjort på bakgrunn av ei individuell samtale der ein kjem i kontakt med fleire sider ved livet til ein kandidat. Det er biskopen sitt ansvar å gjera denne heilskaplege vurderinga.

Vårt Land har vore i kontakt med alle biskopane i Den norske kyrkja. Dei som har svart når avisa gjekk i trykken viser til preses Olav Fykse Tveit. Han hadde ikkje høve til å svara før torsdag morgon.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion