Religion

Kristen høgskule får godkjentstempel etter tidlegare pålegg

UTDANNING: Nokut påpeika i fjor manglar ved kvalitetsarbeidet til NLA Høgskulen. No har det offentlege organet sett seg nøgd med forbetringane dei har gjort. – Godt å vera i mål, seier rektor.

27. oktober i fjor slo styret til Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) fast at NLA Høgskolen hadde manglar i sitt systematiske kvalitetsarbeid. Dei fekk frist til 1. juli i år for å rette opp.

No har Nokut vurdert arbeidet NLA har gjort sidan den gong, og førre veke blei det klart at dei set sitt godkjenningsstempel på det systematiske kvalitetsarbeidet til den kristne høgskulen.

– No er alle krava i lova og forskriftene oppfylte, seier Nokut-direktør Kristin Vinje om NLA på Nokut si nettside.

Dette er rektor Sigbjørn Sødal ved NLA glad for.

– Det er veldig tilfredsstillande å få den beskjeden, og det er godt å vera i mål.

Alle norske universitet og høgskular skal ha eit tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet sitt minst kvart åttande år.

Rektor Sødal seier dei har bruka ein god del tid på å jobbe med manglande dei fekk påpeika.

Dette dreia seg om studietilsynsforeskrifta paragraf 4–1, ledd tre og seks.

Små og sårbare studiemiljø

Sigbjørn Sødal, rektor ved NLA Høgskolen

Nokut skriv i sin tilsynsrapport at NLA bør vera merksam på at dei er ein relativt liten institusjon med små og sårbare fagmiljø, og at det er kritisk for studiekvaliteten at kvart studietilbod tilfredsstiller krav til fagmiljø.

NLA fekk i tilsynet påpeika at dei ikkje tydeleg nok viste korleis dei systematisk kontrollerte at desse krava var oppfylte.

Den andre mangelen Nokut påpeika, handla om at det var uklart kva vurderingar høgskulen la til grunn då dei utvikla studieporteføljen si, altså avgjorde kva studie dei skulle tilby.

Dei fekk beskjed om å gjera det tydelegare kva strategiske vurderingar dei la til grunn for slike endringar i studietilbodet.

Målet med desse tilsyna er at me skal sikre god kvalitet på utdanningane våre, så dette har me bruka konstruktivt til å bli betre

—  Sigbjørn Sødal, rektor ved NLA Høgskolen

Begge desse manglane er no retta opp, konkluderer Nokut.

Dei rosar NLA for å ha jobba godt og systematisk med kvalitetsarbeidet, men påpeikar likevel det at det framleis er forbetringspotensial, og kjem derfor med nokre råd til vidare arbeid.

Sødal meiner det ikkje er uvanleg å få påpeika visse mindre manglar, og seier det også kan koma noko positivt ut av det.

– Dette er fine prosessar for å styrke oss. Målet med desse tilsyna er at me skal sikre god kvalitet på utdanningane våre, så dette har me bruka konstruktivt til å bli betre. Det trur eg dei fleste institusjonar gjer.

Akademisk fridom og samlivsetikk

NLA står også i ein annan prosess med Nokut. I desember 2019 bestemte Nokut seg for å revidere akkrediteringa NLA har som høgskule.

Bakgrunnen for dette var at dei over lengre tid hadde registrert ulike bekymringsmeldingar om høgskulen si praktisering av akademisk fridom.

Den kristne høgskulen har eit verdidokument der særleg ei formulering har gjort at det til tider har storma rundt dei: «Ekteskapet mellom mann og kvinne er i den tradisjonen NLA Høgskolen står i, forstått som berande norm i samlivsetikken».

Nokuts sakkunnige komité i saka skreiv i sin rapport i fjor at universitet og høgskular har rett til å utforme sitt eige verdigrunnlag, men dei problematiserte samstundes NLAs praktisering av det.

Det blir nemleg forventa at dei tilsette er lojale til dokumentet, noko dåverande tillitsvalt Line Alice Ytrehus skreiv at førte til sjølvsensur blant ei rekkje tilsette.

---

NLA Høgskolen

  • Privat høgsule med studiestadar i Bergen, Oslo og Kristiansand.
  • NLA er ein livssynsbasert, kristen institusjon.
  • Desse organisasjonane eig høgskulen: Den Evangelisk Lutherske Frikirke, Det Norske Misjonsselskap, Norsk Luthersk Misjonssamband, Normisjon, Indremisjonsforbundet, Søndagsskolen Norge og Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag.
  • Høgskulen tilbyr utdanning innan fagområda journalistikk, lærarutdanning, pedagogikk, teologi, religion og filosofi, interkulturelle studiar, økonomi- og administrasjon, musikk og idrett.

Kjelde: nla.no

---

Må rette opp fleire manglar

I desember i fjor gjekk styret i Nokut imot innstillinga frå sin eigen sakkunnige komité, og konkluderte med at det ikkje er påvist brot på NLA si plikt til å fremje og verne akademisk fridom.

Men i rapporten deira kom det også fram at NLA ikkje oppfyller enkelte krav til akkreditering som høgskule. Det betyr at NLA må rette opp i fleire feil for å behalde status som høgskule.

NLA fekk ein frist på to år til å rette opp manglane, og det er dermed ikkje før neste år Nokut skal ta ei vurdering av dette.

– Me er på veldig god veg i dette arbeidet, seier rektor Sødal, men påpeikar at det aller viktigaste for høgskulen var punktet om akademisk fridom, som altså alt er avgjort.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion