Religion

Miljøvenleg gravlegging møter katolsk motstand: – Uverdig å behandle menneske som gjødsel

KOMPOSTERING: I fleire delstatat i USA har ein no gjort det lovleg å bruke kompostering for ei miljøvenleg gravlegging av menneske. Uverdig å behandle menneske som eggeskal og grønsaksrestar, meiner katolikkar.

Tidlegare i haust blei California den femte staten i USA der ein har gjort det lovleg å kompostere døde menneske. Lovendringa trer i kraft i 2027. Det skriv danske Kristeligt Dagblad.

Metoden er ganske lik den som skjer i ein vanleg kompostbinge i hagen, berre raskare.

Den døde kroppen blir lagt i eit gjenbruksbart kar, der den blir dekt av treflis og halmstrå.

The Recompose composting vessel is a steel cylinder, 8 feet long and 4 feet tall., that transforms human bodies into soil. The vessel rests inside of a hexagonal frame. Each body is placed into the vessel on a bed of wood chips, alfalfa, and straw.

Etter 30 dagar i ein temperatur på mellom 55 og 70 grader vil kroppen, inklusiv knoklar og tennar vera omdanna til jord, som ifylgje Calmatters vil fylle om lag to trillebårer.

Til no har innbyggjarar i Washington, Colorado, Oregon og Vermont kunne velje dette metoden i USA.

I New York ventar eit liknande forslag på godkjenning frå guvernøren, og no har altså California også vedtatt å gjera kompostering av menneske lovleg. Men ikkje utan protestar.

For i eit høyringssvar har den katolske kyrkjas offisielle talerøyr i delstaten kritisert forslaget.

Trur mange vil vera utilpasse ved tanken

«Sjølv om ikkje alle delar same oppfatting med omsyn til kva som er respektfull behandling av menneskelege leivningar, så trur me at svært mange newyorkarar som minimum vil vera utilpasse med tanken på forslaget om denne komposterings-/gjødslingsmetoden, som er meir passande for grønsakrestar og eggeskal enn for menneskekroppar».

Dei skriv også at dei meiner ein i forslaget ikkje har lukkast i å bevare respekt og grunnleggjande menneskeverd.

Også i andre statar har det komme inn liknande kritikk frå katolsk hald.

Sparar CO₂

Metoden skal vera eit meir berekraftig alternativ til kremasjon og gravlegging i kiste. Det amerikanske firmaet Recompose som tilbyr kompostering av lik og hevdar at kompostering sparar miljøet for eitt tonn CO₂ per person.

Det blir også dratt fram som positivt at metoden ikkje krev store landområde, slik som tradisjonelle gravplassar.

For families that choose to donate soil, we offer the option of receiving a 64-ounce (equal to 8 cups) container to scatter on trees and plants.

Under koronapandemien førte dei mange dødsfalla til overfulle gravferdsbyrå i California, og ein oppheva til og med luftkvalitetsreglane knytt til kremasjon for å få bukt med problemet, skriv Religion News Service.

Medlem av delstatsforsamlinga i California, Cristina Garcia, har ifylgje nettstaden kalla denne situasjonen ei «trist påminning» av behovet for meir miljøvenlege alternativ. Ho har vore ein ivrig forkjempar for loven i heimstaten:

– Eg ser fram til å halde fram arven min med å kjempe for rein luft ved å bruke mine reduserte leivningar til å plante eit tre.

Talsmenn for metoden seier ifylgje Religion News Service at familiane til den døde kan bruke jorda til å plante eit tre eller ein hage for å heidre sine kjære.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion