Religion

Elevar fekk ikkje møtast på skulen. No nektast dei lavvo-møte

BALESTRAND: Kommunedirektøren i Sogndal seier problemet ikkje er kvar skulelag møtest, men at det skjer i skuletida. Det kan setje stoppar for planane til ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule om å møtast i lavvo i storefri.

Det såg ut som det kunne bli ei løysing på kalde lagsmøte for ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule i Balestrand, då Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget) samla inn nok pengar til ein lavvo til ungdommane. Balestrand er ein tettstad i Sogndal kommune med om lag 800 innbyggjarar.

Men kommunedirektøren i Sogndal, Tor-Einar Holvik Skinlo, meiner at det ikkje er så enkelt.

I ei tekstmelding til Vårt Land skriv han at det ikkje er kvar elevane møtest som er utfordringa, men at det skjer i skuletida.

På spørsmål om dei kan møtast i ein lavvo i storefri, skriv Skinlo at «svaret vil vera nei».

Her seglar Sogndal kommune sin eigen sjø, og det verkar ikkje som dei er interesserte i å lytte til dei som blir ramma

—  Karl-Johan Kjøde, Generalsekretær i Laget

Det har vekt merksemd at ungdomsskoleelevar på Sagatun skule i Balestrand ikkje får lov til å møtast innandørs på skulen for lagsmøta sine lenger. I haust har dei i staden møttest på fotballbanen kvar onsdag for å eta matpakka si, be og snakke om kristen tru.

Difor starta moderorganisasjonen Laget ein innsamlingsaksjon for å kjøpe inn ein lavvo til 10.000 kroner til skulelaget på Sagatun. Etter få timar var innsamlingsmålet nådd, og vel så det.

– Innskjerping av forbodet

Generalsekretær i Laget, Karl-Johan Kjøde, kallar utspelet frå Skinlo ei innskjerping av forbodet mot å møtast inne på skulen.

– Her eskalerer han saka ytterlegare, og tek ikkje på alvor all motbøra frå både ungdommane sjølve og ei rekkje andre, seier Kjøde.

Han nemner kritikken for møteforbodet frå både Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), som representerer 102 norske barne- og ungdomsorganisasjonar, og Human-Etisk Forbund.

– Her seglar Sogndal kommune sin eigen sjø, og det verkar ikkje som dei er interesserte i å lytte til dei som blir ramma, meiner lagsgeneralen.

Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget).

Firedobla innsamlingsmål

Onsdag føremiddag hadde det komme inn over 40.000 kroner til innsamlinga. Laget skriv på Facebook at alt ekstra som blir samla inn, skal gå til «å kjempe for at ungdommer skal kunne leve åpent og helhjertet for troa si på skolen». Dei har også skrive at dei gjerne vil kjøpe ein omn elevane kan ha i lavvoen.

Misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag gav 10.000 kroner til innsamlinga, og skriv på Facebook at dei «heier på Laget i Sogndal og alle andre steder i Norge».

På spørsmål om kva som no skjer med lavvoen dei har tenkt å kjøpe inn, seier Kjøde at det blir heilt opp til ungdommane i Balestrand kva dei no gjer med den.

– Men allemannsretten gjev ein rett til å setje den opp i utmark, så kanskje det kan vera ei løysing?, luftar han.

– Religiøse samlingar kan føre til diskriminering

Ifylgje NRK har gruppeleiar i Sogndal KrF, Frode Bøthun, klaga på kommunedirektørens avgjersle.

– Her har kommunen bomma. Noreg skal vere eit livssynsope samfunn der menneske med ulike livssyn kan praktisere trua si, side om side, seier Bøthun til rikskringkastaren.

I eit brev svarar Skinlo politikaren. Vårt Land har sett e-posten.

– Me har vurdert at religiøse samlingar i skuletida med religion som bakgrunn og føremål med samlingane, kan føre til eit skulemiljø som er diskriminerande og hindrar leik og sosial læring på tvers av religiøs orientering, skriv Skinlo i brevet.

Til Vårt Land opplyser han at praksisen blei innført «før dette skuleåret på bakgrunn av konkrete saker meldt til skulane».

Vidare i brevet skriv skuledirektøren at «rektor bestemmer korleis ein nyttar skuletida for å gje elevane best mogleg opplæring knytt til læreplanverket Kunnskapsløftet 2020. Læreplanverket består av overordna del, fag- og timefordelinga og læreplanar i fag. Læreplanverket er forskrifter til opplæringslova og skal styre innhaldet i opplæringa og skuledagen».


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Caroline Teinum Gilje

Caroline Teinum Gilje

Caroline Teinum Gilje er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion