Religion

Prest smugla asylsøkar i koffert – beheld jobben

ASYL: Ein svensk prest smugla ein afghansk asylsøkar i ein trillekoffert. Presten får ei åtvaring, men får halda fram i tenesta.

Ein svensk prest dukka opp i lokala til svenske Migrationsverket i februar 2020 med ein stor trillekoffert. Presten skulle besøka ein ung asylsøkar som var internert og skulle sendast tilbake til Afghanistan.

Kofferten inneheldt ifølgje presten gjenstandar som skulle brukast til dåp. Afghanaren skulle tidlegare ha konvertert til kristendom.

Då den kvinnelege presten og ei anna kvinne reiste frå Migrationsverket den dagen, var den afghanske mannen vekke. Presten vart i fjor dømt til ein vilkårsbunden dom og dagbøter på 20.000 svenske kroner for å ha smugla ut mannen.

No får presten ein formell merknad frå Domkapitlet, eit forvaltningsorgan i den svenske kyrkja. Men presten kan halda fram i stillinga. Det skriv svenske Dagen.

Konverterte til kristendommen

I 2018 vart den svenske presten kjend med den afghanske mannen, som kom til Sverige som einsleg mindreårig asylsøkar. Ho gav støtte til mannen og døypte han etter at han konverterte til kristendommen.

To år seinare vart mannen sett i varetekt ved Migrasjonsverket i Gävle, då han skulle sendast tilbake til Afghanistan. Ifølgje dommen hadde presten besøkt mannen fleire gonger for å feira messe.

Den siste gongen ho var besøk, forsvann mannen. Tingretten i Gävle meiner dette skjedde ved at han gøymte seg i kofferten til presten, skriv Dagen. Kofferten tok presten med seg gjennom slusa på interneringssenteret, og ut av lokala.

«Kan sjå handlinga frå eit anna perspektiv»

Domkapitlet er eit forvaltningsorgan i den svenske kyrkja.

Nyleg behandla Domkapitlet saka om presten. Domkapitlet kom fram til at ein prest må følgja svensk lov, met at ei kvar straffbar handling ikkje automatisk fører til tap av retten til å utøva ordinasjonstenesta.

I vedtaket som Dagen har fått tilgang til, skriv Domkapitlet vidare:

«Om ein prest gjer seg skuldig i ei straffbar handling, kan det vera grunn til å sjå handlinga frå eit anna perspektiv enn den alminnelege straffeverdien, for eksempel ut frå det oppdraget ein prest fekk ved sin ordinasjon.»

Det er framleis ingen offisiell informasjon om at mannen er funnen, skriv Dagen.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion