Religion

Ansgar-rektor: – Ynskjer ein å underordne seg i 2022, ikkje skuld det på Gud

KJØNNSROLLER: Underordning blei debattert under Arendalsveka. Ulike meiningar viste seg både blant debattantane – og forbipasserande.

Rektor for Ansgar høyskole, Ingunn Folkestad Breistein, innleia ein underordningsdebatt under Arendalsveka, med det hø sjølv kalla ein «brannfakkel»:

– Viss kvinner eller menn ynskjer å underordne seg i Noreg anno 2022, så treng ein ikkje skulde på Gud, ein er fri til å gjera det, men ikkje skuld det på Gud, sa rektoren frå scenen.

Ho var tydeleg i si tale, og meiner at «kristne heller bør kjempe mot patriarkatet enn feminisme». Patriarkatet er eit ord for ei mannsdominert sammfunsform.

Sidan mai har ein oppheta debatten rundt underordning gått i Vårt Land og Dagen sine spalter.

Det heile starta då samfunnsdebattant og lektor Sofie Braut i vår fortalde Stavanger Aftenblad at ho lever med mannen som overhovudet i familien.

Førre veke skreiv Vårt Land om Vilde Aamdal Larsen (24) og Cecilie Røinås (21) som i sin podkast, «SaraPodden» tar til orde for at kvinner skal underordne seg i ekteskapet.

Under Arendalsveka heldt debatten fram under eit arrangement i regi av Norges Kristne Råd, MF vitenskapelige høyskole og Ansgar høyskole med teamet: «Likestilling eller underordning - kvinners lederroller i kristne menigheter».

Avbroten av tilrop frå forbipasserande

Og temaet vekte tydelegvis engasjement både hjå debattdeltakarane og forbipasserande.

Under Arendalsveka heldt debatten fram under eit arrangement i regi av Norges Kristne Råd, MF vitenskapelige høyskole og Ansgar høyskole med teamet: «Likestilling eller underordning - kvinners lederroller i kristne menigheter».

For då Linn Sæbø Rystad, Fyrsteamanuensis i praktisk teologi ved MF vitskapelege høyskole tok til orde for romslegare kjønnsroller og ei mindre essensialistisk forståing av kjønn i kristne miljø, blei ho avbroten av ei forbipasserande kvinne:

«Kvinner skal tie i kyrkjelyden» og «du tar feil» ropte ho mot scenen, fortel Rystad til Vårt Land, og skildrar opplevinga som «interessant».

– Det er fyrste gong eg har opplevd å ha ein «heckler» på ein debatt, seier forskaren.

Ei heckler er ein person som avbryt førestillingar eller liknande med forstyrrande tilrop.

– Trøyttande og demotiverande

Utover det synest Rystad det blei ei fin samtale under debatten.

– Det er eit viktig tema å snakke om, men eg må seie at eg blir litt oppgitt over at me framleis må snakke om det.

– Også tenkjer eg at det er fint at Arendalsuka har plass til slike teologiske debattar.

– Eg synest at det å alltid vera gjenstand for debatt, som kvinner og kvinner i teneste er, er veldig trøyttande og demotiverande.

– Eg må hjelpe mannen min med alt eg har og er

Rystad tok til orde for full likestillinga av kvinner både i heim, kyrkje og samfunn. Men ikkje alle i debatten var einige.

Berit Hognestad, Kursvegleiar i Ungdom i Oppdrag, var ei tydeleg stemme for at kvinner skal underordne seg ektemannen.

– Eg synest vi absolutt bør snakke meir om dette. For etter mitt syn så står det så klart og tydeleg i Bibelen om dette om underordning i Bibelen, at me kan ikkje berre oversjå det, sa Hognestad.

Ho vedkjente at underordning til tider har blitt misbrukt og derfor har ført til vonde opplevingar og undertrykking.

– Men det er ikkje noko Gud vil. Gud er ikkje ein Gud som undertrykkjer oss. Kristus vil berre at me skal ha det bra, han vil at me skal vekse i gåvene våre og blomstre.

Hognestad delte at det ikkje alltid har vore enkelt å underordne seg mannen, men fortalde at ho fann meining i den eine skapingsforteljinga, der det står at Gud skapte ein hjelpar til mannen, kvinna.

– Då tenkte eg at eg ikkje har tatt oppgåva mi på alvor. Eg har ikkje vore hjelparen hans. Eg må hjelpe han med alt eg har og er. Eg må hjelpe han med å koma med mine meiningar og opplevingar, mine tankar og min kreativitet.

---

Deltakarar i debatten

  • Erhard Hermansen, Generalsekretær, Norges Kristne Råd.
  • Ingunn Folkestad Breistein, Rektor, Ansgar høyskole.
  • Linn Sæbø Rystad, Fyrsteamanuensis praktisk teologi, MF vitskapelege høyskole.
  • Ingunn Ulfsten, Dagleg leiar, Pinserørsla.
  • Lars Dahle, Førsteamanuensis teologi, religion og filosofi, NLA Høgskolen.
  • Berit Hognestad, Kursrettleiar, Ungdom i Oppdrag.
  • Kari Fure, Redaktør, Dagen.

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion