Religion

Hillsong skal ha gitt store pengegåver til Brian Houston, ifylgje tilsett

NYE SKULDINGAR: I eit søksmål kjem det fram nye skuldingar mot Hillsong Church. Mellom anna hevdar ein suspendert tilsett at fleire kyrkjeleiarar fekk store pengegåver frå kyrkja og at kyrkja sine kredittkort blei bruka på designervarer og utanlandsreiser.

I eit søksmål mot Hillsong, kjem det skuldingar om at den australske megakyrkja skal ha misbrukt donasjonar og gitt store pengegåver i kontantar til Hillsong-grunnleggjar Brian Houston, familien hans og til andre kyrkjeleiarar. Det melder australske ABC News.

Det er ein suspendert tilsett, Natalie Moses, som står bak søksmålet og som kjem med skuldingane. Ho har jobba i økonomiavdelinga på hovudkontoret til kyrkja, mellom anna med innsamling av midlar.

I mars starta den australske nasjonale kommisjonen for ideelle organisasjonar eit tilsyn med Hillsong.

Moses hevdar å ha blitt suspendert frå stillinga si etter å ha nekta å lyge om visse internasjonale overføringar av pengar under tilsynet. Søksmålet hennar er ein del av ein større sak mot kyrkja, melder ABC News.

Ifylgje søksmålet skal økonomisjef Peter Ridley under eit møte ha sagt at Gud ville beskytte Hillsong, fordi «Gud beskyttar dei rettferdige».

Skal ha skjult overføringar

I tillegg til skuldingane om store pengegåver hevdar også Moses at kyrkja dreiv med tvilsam rekneskapsføring, at leiarar bruka kyrkja sine kredittkort for å betale for designerprodukt og internasjonale reiser og at ein skjulte internasjonale pengeoverføringar gjennom å gjera ulovlege betalingar gjennom Hillsong sine USA-baserte einingar.

Den australske kyrkja har foreløpig ikkje sendt inn svar til den føderale domstolen.

Til ABC News seier advokatane til kyrkja at dei framleis jobbar med førespurnadane frå tilsynskommisjonen, men at dei ikkje meiner det passar seg å kommentere saka ytterlegare medan ho er under handsaming i rettssystemet.

Ei rekkje skandalar

Dette kjem etter ei uroleg tid for Hillsong. I mars sa tidlegare global hovudpastor Brian Houston opp stillinga si, kort tid etter avsløringar om upassande oppførsel. Dei siste ti åra skal han ha vore involvert i to hendingar kor han har opptredd upassande og brote det etiske regelverket til kyrkja, ifølgje ei utsegn på megakyrkja si nettside.

Dette skjedde berre rundt eit år etter at fleire skandalar rysta dei amerikanske Hillsong-lokasjonane. Mellom anna slutta ein leiar i New Jersey for å sendt upassande meldingar på sosiale medium og den profilerte pastoren i Hillsong New York, Carl Lentz mista jobben på grunn av utruskap og dårleg leiing.

Tidlegare i år valde norske Hillsong å trekkje seg ut av den globale kyrkja. Dei oppgav mellom anna «de krevjande prosessene og utfordringene man har stått i både globalt, men også̊ internt i Norge de senere årene» som delar av grunnen til avgjersla.

---

Hillsong

  • Kyrkje som blei starta i 1983 av Bobbie og Brian Houston i Sydney, Australia.
  • Har i dag kyrkjer i 30 land over heile verda, og rundt 150.000 besøkjande i veka.
  • Er ei pinsekarismatisk kyrkje med eit moderne uttrykk, som rettar seg spesielt mot unge.
  • Er særleg kjent for produksjon av lovsongsmusikk gjennom gruppene Hillsong Worship, Hillsong United og Hillsong Young & Free.

Kjelde: Hillsong.com

---


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion