Religion

Har fått hatmail etter å ha takka nei til konge-teikning. Avviser ikkje å melde det til politiet

UTSMYKKING: Styreleiar ved Stord kristne skulen fortel at det har kome hatmail etter at skulen avviste ei kongeteikning med regnboge på. Han avviser ikkje at dei vil melde saka til politiet.

Førre veke skreiv Vårt Land om Stord kristne skule, som takka nei til ei teikning av Kong Harald med ein regnboge, og teksten: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre».

Sitatet er henta frå kongens tale under ein hagefest i Slottsparken hausten 2016.

Det var Utdanningsforbundet i Stord som gav alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular tilbodet om teikninga. Ideen kom etter skytinga i Oslo tidlegare i sommar.

Det er også ein jusstudent som er sympatisør med Pride som seier han gler seg til at rektor og kanskje også underteikna er utrydda frå denne planten.

—  Tomas Moltu, styreleiar ved Stord kristne skule

Det var berre Stord kristne skule som takka nei.

Måndag 15. august møtte styreleiar ved skulen, Tomas Moltu og kunstnaren bak teikninga, Frida Marie Grande kvarandre i Dagsnytt 18 på NRK.

Seksualisering av barn

I programmet helt Moltu fast på at grunnen til at dei takka nei er at dei sjølve ynskjer å stå for utsmykkinga av skulen. Likevel gjer han det klart at det også er andre ting han meiner er problematisk med teikninga:

– Ideen bak biletet, heile seksualiseringa av ein barneskule, det stiller eg meg skeptisk til.

Han refererer til sitatet og seier at det heilt klart er ein seksualisert bodskap.

Kunstnaren sjølv ser ikkje problemet og meiner at det ikkje er nokon andre enn Moltu sjølv som seksualiserer barn i denne saka.

Frida Marie Grande (@frida.tegner) med egen kunst på genseren

– Det å ha ei legning som er noko anna enn heterofil burde vera heilt greitt, og det å byrje å dra sex inn i det burde vera heilt unødvendig, seier Grande.

Ho seier også at det statistisk sett truleg er nokon på Stord kristne skule som er skeive.

– Eg lurar veldig på korleis dei har det i dag, etter desse utsegnene frå skuleleiinga i media, seier Grande.

Overskotet av salet av teikningane går til Oslo Pride.

Blei beden om å «brenne i helvete»

Tomas Moltu på si side meiner det må vera rom for å ha ulike meiningar, også i denne saka.

– Det at ein pressar på slik Frida her gjer, stigmatiserer og trakasserer nokon som er av ei litt anna oppfatting enn ho sjølv, det synest eg er veldig spesielt. Og det at ho hiver seg på denne bølgja er veldig ugreitt, seier Moltu.

Han fortel at same dagen har rektoren ved skule motteke ein e-post der nokon ber han om å brenne i helvete.

– Det er også ein jusstudent som er sympatisør med Pride som seier han gler seg til at rektor og kanskje også underteikna er utrydda frå denne planten, seier styreleiaren.

Rektor ved Stord Kristne Skule, Ole Henry Halleraker

Frida Marie Grande tek tydeleg avstand frå slike meldingar, og seier det berre øydelegg for saka.

– Eg ynskjer ein sakleg og god debatt som gjer kvardagen til barn i Noreg betre, og som ikkje fører til meir hat, for det har me meir enn nok av frå før.

Til avisa Dagen, seier Moltu at dei endå ikkje har avgjort kva vidare reaksjonar dei eventuelt vil koma med, men at dei ikkje utelukkar å melde saka til politiet.

Her fortel han også at det har komme overraskande mange reaksjonar etter at saka blei kjent, både frå folk som er kritiske, og frå personar som sympatiserer med avgjersla deira.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion