Pinup-modell og missedeltakar konverterte til mormonarkyrkja: – Folk ser kor mykje betre eg har det

MI TRU: Helen Chanel Stubberud har mange merkelappar: Aleinemor, snart ferdigutdanna lastebilsjåfør, pinup-modell og missedeltakar. Men merkelappen ho valde i fjor er kanskje den viktigaste: eit døypt medlem av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage.

Denne saken ble først publisert 12. juni 2022.

August 2020: Det tikkar inn ein venneførespurnad frå ein framand, ung mann på Helen Chanel Stubberud sin Facebook-profil. Vanlegvis ville ho avslått, men noko får ho til å trykkje godkjenn.

Kanskje er det fordi ho kjenner seg aleine? Fordi ho er på ein mørk stad? Ho veit berre at ho har eit tomrom inni seg som ho så gjerne vil fylle. Dei to siste åra har vore tunge.

På golvet leikar sonen som ho oppdreg aleine. Han har vore ut og inn av sjukehuset med anfall dei ikkje greier å finne grunnen til. Det var ikkje slik ho såg for seg livet som ung mor. Då han berre var få månadar gammal blei ho aleine om ansvaret. Forholdet til faren tok brått slutt.

Det sosiale livet er ikkje som før. Veninnene er som dei fleste andre i starten av 20-åra meir interesserte i å feste og finne på ting som ikkje eignar seg for ei som stort sett må ha med seg den vesle sonen sin.

Eit halvt års tid seinare står ei urne med oske på hylla i leilegheita hennar. Den er etter han som blei hennar nærmaste etter samlivsbrotet, sjølv om han budde på andre sida av jorda. Ein relasjon dei ikkje rakk å finne ut av kva kunne blitt, då han mista livet i ei ulukke så altfor tidleg.

Gravferda fekk ho ikkje bli med på, koronarestriksjonar gjorde reisa til USA umogleg. Men kanskje var det han og trua hans som gjorde ho meir mottakeleg for det som skulle koma?

Ho sjekkar ut profilen til sin nye Facebook-ven. Han har lagt ut ei gje-vekk annonse for ei bok. Mormons bok. Ho trykkjer «lik».

Smart Facebook-taktikk

Tre år gamle Aaron Matheo kjem springande mot oss. Det er ein nydeleg sommardag i juni 2022. Den lubne barnehanda rekkjer eitt knippe løvetann i ulike fasar av livet nøgd mot Vårt Lands utsende, før han spring vidare på den frodige grasplenen framfor det kvite gudshuset i Fredrikstad.

Bygget ser til forveksling likt ut ei kva som helst slags norsk kyrkje med klokketårn og kvitmåla trepanel. Dette er møtehuset til Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage i byen, og må ikkje forvekslast med kyrkjesamfunnet sine tempel, som det enn så lenge ikkje finst nokon av her til lands.

Det er nesten to år sidan Stubberud fekk kontakt med ein av dei mange misjonærane knytt til kyrkja på Facebook.

– Dei legg til alle dei kjem over. Det er eigentleg ein ganske smart taktikk, seier ho og ler litt.

Helen Chanel. Min Tro. Konverterte til Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage i fjor.

Sonen er heime frå barnehagen i dag. På grunn av historikken hans med feberkramper og anfall skal det ikkje så mykje til før mor ynskjer å ha han heime for å fylgje litt ekstra med.

To unge, amerikanske misjonærar låser oss inn i kyrkjebygget. Nicholas Ralph og Jake Black har begge korterma, nystrokne skjorter og kortklipt hår.

Dei slår av ein prat, forklarar at det ikkje er lov å ta bilete i kyrkjesalen, og fylgjer oss ned i kjellaren til leikerommet.

---

Helen Chanel Stubberud

  • 24 år.
  • Kjem frå Fredrikstad.
  • Jobbar som modell og i tatoveringsstudio. Tek fagbrev for å bli yrkessjåfør.
  • Aleinemor til Aaron Matheo.
  • Konverterte til Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage i fjor.

---

Trekte seg frå Miss Norway

Nyleg var Stubberud ein av semifinalistane i missekonkurransen Miss Norway. Tidlegare har ho delteke i fleire pinup-missekonkurransar og i tillegg tek ho på seg modelloppdrag. Men også på denne arenaen av livet får den nye trua konsekvensar. Ein månad før intervjuet avgjorde Stubberud at ho ville trekkje seg frå konkurransen, rett før finalistane blei trekt ut.

– Det viste seg å ikkje gå heilt over eins med verdiane mine.

Ho nemner mellom anna krav om kor mykje hud ein må vise.

– Mamma, mamma!

Aaron rekkjer ein liten leikekopp opp mot mora.

Som på autopilot skiftar ho over til mamma-modus:

– Å, er det kakao?

Ho tek ein leikeslurk.

– Nam-nam.

Aaron svinsar nøgd tilbake til togbanen og fotografen etter litt påfyll av merksemd frå mamma.

Døyper dei døde

Dei to amerikanarane har trekt seg tilbake inn på eit rom med datamaskiner litt borti gangen. På skiltet utanfor står det «Slektshistorisk senter».

Siste Dagars Heilage, eller mormonarar på folkemunne, legg stor vekt på at familiar kan vera saman i himmelen. Ein blir derfor ikkje via til døden skil ein, men for dette livet og det neste.

Dei praktiserer også dåp for døde gjennom ein representant, ofte ein person i slekt med avdøde. Difor er slektsforsking ein viktig del av kyrkja sitt arbeid.

Tanken om at ein enten kjem til himmelen eller helvete har plaga meg. At dei som treng det kan få ein ny sjanse gjev så mykje meining

—  Helen Chanel Stubberud

Dei Siste Dagars Heilage sitt syn på livet etter døden var noko av det som appellerte til Stubberud. Etter kontakten på Facebook inviterte ho to misjonærar heim til seg. Det fyrste dei lærte henne var det dei kallar «frelsesplanen».

Etter ein døyr, får personar som ikkje slepp inn i himmelriket ein ny sjanse, fortel ho.

– Det kjentest veldig rett. Tanken om at ein enten kjem til himmelen eller helvete har plaga meg. At dei som treng det kan få ein ny sjanse, gjev så mykje meining.

Men hovudsaka for Stubberud er at ho får treffe att dei ho er glad i. Dess meir misjonærane fortel, dess fleire brikker fell på plass.

– Dei skildra det eg visste at eg eigentleg alltid har trudd på.

Ho stoppar litt opp, stryk handa over den berre underarmen.

– Åh, eg kjenner eg får gåsehud berre eg snakkar om det.

– Eg følte at eg kom til å sjå dei att.

Helen Chanel. Min Tro. Konverterte til Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage i fjor.

Trafikkulykke

Før sonen, før bestevennen i USA, før alle andre, opplevde ho sin fyrste kjærleik. Han var ikkje berre den fyrste kjærasten hennar, men også den aller fyrste som introduserte henne for trua ho no også reknar som si eiga. Venen ho hadde hatt heilt frå tidleg ungdomstid, var sjølv mormonar. Etterkvart utvikla relasjonen seg.

– Han var mitt favorittmenneske. Han var berre god, tvers gjennom.

Ho merka kor glad han var i kyrkjesamfunnet sitt. Og ja, han var litt annleis, men på ein positiv måte. Ho sat att med eit godt inntrykk av kyrkja som for mange nordmenn verkar framand.

– Dessverre blei han drepen i ei trafikkulykke på E18.

Dei fleste ville slite med å finne orda for å skildre ei slik vond hending, men småbarnsmora snakkar med ei ro og sjølvfylgje som ber vitne om at ho har lang trening i akkurat det.

Barndomen skildrar ho som tøff, med ein fråverande far og langvarig mobbing på skulen. Eit sinne voks i ho. Då ho blei eldre blei sinnet hola ut, att var det berre eit tomrom.

Møtet med dei to misjonærane som fortalde om trua på eit himmelrike der ein treffer att dei ein er glad i, gav Stubberud ei ro ho ikkje hadde kjent på lenge.

Ny leikekamerat

Me sit på små, pastellfarga stolar i leikerommet. Aaron Matheo har funne tonen med fotografen.

– Pappa, sjå her, bryt han ut og dreg litt i handa hans for å vise fram togbanen.

Mora blir småbrydd: – Aaron, han heiter Erlend. Kan du seie Erlend?

– Han har berre meg veit du, så han ser pappa-ar i barnehagen og trur at menn heiter pappa, forklarar ho.

Det er vanskeleg å la seg fornærme av tillitserklæringane til lysluggen. Han ser ut til å sjarmere dei fleste han kjem i kontakt med, inkludert den nyaste kompisen.

---

4 raske

  • Gud er: Håp
  • Eg klarar meg ikkje utan: Bøn
  • På gravsteinen min skal det stå: Til me sjåast att
  • Boka alle må lese: Mormons bok

---

Fleirkoneri, koffein og kleskodar

Sjølv om Stubberud ikkje hadde negative assosiasjonar til mormonarkyrkja, er ho klar over at dette ikkje er tilfellet for alle.

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage reknar seg som eit kristent trussamfunn, sjølv om det er store forskjellar i teologien frå andre kristne retningar. Kyrkja forkynner mellom anna at Gud, Jesus og Den heilage ande er tre sjølvstendige personar.

Joseph Smith etablerte kyrkjesamfunnet i 1830 i USA. Han hevda at engelen Moroni hadde leidd han fram til eit oldtidsskrift gravert på gullplater. Desse blei omsett og utgjer Mormons bok, som for medlemmane i kyrkja er like viktig som Bibelen.

Boka fortel mellom anna om ein israelittisk familie som utvandra til Amerika 600 år før Kristus.

På verdsbasis har kyrkja omtrent 15 millionar medlemmar, i Noreg er det ein stad mellom 4.000 og 5.000.

Eg kom inn med knallraudt hår, full av tatoveringar og piercingar, aleine og ugift med ein baby på armen. Eg var kjempenervøs

—  Helen Chanel Stubberud

Men dei er også kjente for å ha praktisert polygami frå slutten av 1800-talet, for å sende unge, velkledde menn på toårig misjonsteneste rundt i verda, og for å ha reglar knytt til koffein, alkohol og klede.

– Folk tenkjer på fleirkoneri og slike ting, men det er ikkje slik det eigentleg er, seier Stubberud.

Redd for at familien ville kutte kontakten

Sjølv hadde ho få ting ho var skeptisk til i møte med kyrkja, men ho har til tider fått møte motbør hjå andre. For akkurat eitt år sidan blei ho døypt. I forkant var det spesielt éi ho grua seg til å fortelje om den nye trua si til.

– Eg var livredd for kva systera mi ville seie. Ho verkar veldig skeptisk til religion, er feminist, veganar og litt slik alternativ spirituell. I verste fall såg eg for meg at ho ville kutte kontakten med meg.

Ho tek motet til seg ein dag dei er i byen saman og fortel at ho er blitt mormonar. Uroa blir gjort til skamme.

– Ho gråt av glede fordi ho var så stolt av meg som turte å fortelje det. Familien min har eigentleg vore stolte alle saman.

Og trass litt blanda tilbakemeldingar frå vener og kjente, meiner ho dei fleste har tatt konverteringa hennar fint. Ho trur ho veit kvifor:

– Folk ser kor mykje betre eg har det, kor glad eg er etter at eg blei ein del av kyrkja. Mange har faktisk byrja å vise interesse sjølve og spør om ting knytt til trua.

Det ligg ei anerkjenning i det, meiner Stubberud.

– Det viser kor sterkt evangeliet er. Og så gjer det meg veldig glad, fordi eg veit kor glad det kan gjera andre att. Spesielt for folk som har det litt ekstra tøft.

Skil seg ut

Etter at ho sa ja til å bli Facebook-ven med dei par fyrste misjonærane og viste at ho ville lære meir, kom det eit heilt skred med nye veneførespurnadar. Til slutt var dei om lag 700 venene blitt til nærare 2.000.

– Det er som ein familie. Eg har blitt så godt tatt imot.

Kort tid før ho blei ein del av kyrkja la ho ut eit innlegg på Facebook der ho kom ut som bifil. Ho visste at folk frå kyrkja hadde sett det, og ho lurte på korleis reaksjonane kom til å bli. Fyrste gong ho kom på gudsteneste var ho spent.

– Eg kom inn med knallraudt hår, full av tatoveringar og piercingar, aleine og ugift med ein baby på armen. Eg var kjempenervøs.

Men ho opplevde å bli tatt imot med opne armar. Hjå Siste dagars heilage er det vanleg å tolke bibelverset om at kroppen er eit tempel, som at ein bør unngå modifiseringar og halde kroppen så naturleg som råd. Det inkluderer også å unngå alt ein kan bli avhengig av, som alkohol, nikotin og koffein.

Helen Chanel. Min Tro. Konverterte til Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage i fjor.

Stubberud drikk ikkje lenger te, reknar seg ikkje som bifil og har fjerna alle piercingane i fjeset, med unntak av den i tunga.

Klesstilen har også endra seg. Men dei om lag 20 tatoveringane som ho og mora har tatovert, skal ingen veg, og småbarnsmora kjenner seg framleis som seg sjølv.

– Kjenner du framleis på at du skil deg ut når du er i kyrkja?

– Ja, men eg tenkjer ikkje at det er noko negativt med meg. Eg er framleis meg sjølv. Berre ein gladare versjon.

Fotside skjørt og tildekte skuldrer

Misse-deltakaren ler litt av seg sjølv når ho skildrar klesstilen i starten av tida som mormonar. Fotside skjørt og alltid tildekte skuldrer og kne. No har ho sjølvtilliten til å finne sin eigen middelveg.

Ho set pris på dei gode verdiane ho meiner fylgjer med livet som Siste Dagars Heilag.

– Eg vil så gjerne lære Aaron gode verdiar, og det er så fint å ha andre rundt oss som støttar opp under dei same verdiane.

I venegjengen ho har frå ungdomstida blir det fort mykje fokus på når ho har barnepass. går det an å finne på noko. Dei andre dagane blei ho sitjande mykje aleine.

Det har betydd mykje å få eit miljø rundt seg der både ho og sonen er like velkomne. Dei blir inviterte med på grilling, turar til stranda eller aktivitetar i kyrkja.

Ho har hatt ei tru heile livet, og ho har bedt. Ho har berre ikkje visst heilt til kven. Ho prøvde i ein periode å gå i fleire kyrkjer, utan å kjenne seg heime. Ho gav opp heile prosjektet.

– Kva var det du fann her som du ikkje fann nokon annan stad?

– Roa.

No ber ho frå morgon til kveld. Små takkebøner for dei fine tinga i livet. Som kjente og kjære, trua og den nye storfamilien.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion