Religion

Magasinet «Fri tanke» skal ikkje lenger vera fritt

HUMAN-ETISK FORBUND: Magasinet til Human-Etisk Forbund, Fri tanke, skal ikkje lenger drive fri og uavhengig journalistikk. – Sterkt beklageleg, seier direktør i Fagpressen.

Fram til no har medlemsmagasinet til organisasjonen Human-Etisk Forbund (HEF) vore styrt av ein uavhengig redaktør. No er kommunikasjonssjef i HEF, Marit Øimoen, blitt redaktør for Fri tanke. Ho stadfestar at magasinet ikkje lenger vil vera uavhengig av organisasjonen.

– Dette har vore ein prosess over lengre tid, der tidlegare redaktør i Fri Tanke har gått over i ei anna stilling i organisasjonen og der me har gått frå å ha ein redaksjon på sidan av HEF, til at me har tatt det arbeidet inn i vårt heilskaplege kommunikasjons- og medlemsarbeid. Me kan derfor ikkje lenger jobbe under Redaktørplakata og drive fri journalistikk.

Redaktørplakata er ei avtale der ein forpliktar seg på visse rettar og krav til redaktøren. Kjerneprinsippet i erklæringa er at redaktøren skal vera uavhengig av eigar eller utgjevar. Grunnsyn og formålsreglar kan eigar bestemme, men utover det skal redaktør kunne leie redaksjonen fritt for innblanding.

Overraska

Ei dobbeltrolle som både kommunikasjonsleiar og redaktør, slik den Øimoen no har, er derfor ikkje i samsvar med Redaktørplakata. Dette fører også til at magasinet ikkje lenger kan vera medlem av organisasjonen Fagpressen, sidan ein av kriteria her er at «alle medlemmer i Fagpressen må redigeres etter prinsippene i Redaktørplakaten og Vær Varsam-plakaten».

Administrerande direktør i Fagpressen, Per Brikt Olsen, er overraska over avgjersla.

– Me hadde håpa HEF såg verdien av å drive med open og fri journalistikk. Det ligg litt i namnet til bladet. Det er klare likskapstrekk mellom humanismen deira ideal om den frie tanken og ideala bak journalistikk og ytringsfridomen.

Administrerande direktør i Fagpressen, Per Brikt Olsen

Han påpeikar at han respekterer at ein kvar eigar eller utgjevar står fritt til å velje om dei vil halde seg med redaktørstyrt journalistikk eller ikkje, sjølv om han ikkje er nøgd med utfallet i denne saka.

– At dei har bestemt seg for å gå vekk frå journalistikk og over til leiingsstyrt kommunikasjon synest me er sterkt beklageleg. I mi bok er kontroll det motsette av å vera fri.

– Ikkje like stort behov

– Kva er grunnen til at de gjer denne endringa, Øimoen?

– Me gjer mange tiltak no for å vera meir til stade for medlemmane våre. Fri tanke blir laga på HEF si rekning, og me ynskjer å gje ei tettare oppfylging av medlemmane.

Organisasjonen har mange kommunikasjonskanalar, mellom anna nyhendebrev, nettsider, sosiale medium og podkast, og alt utanom Fri tanke var ein del av kommunikasjonsavdelinga til HEF.

– Ein skal få eit heilskapleg innhald, uavhengig av kva kanal ein føretrekkjer, seier kommunikasjonsleiaren om endringa.

Øimoen seier at Fri tanke opphavleg blei oppretta fordi det var eit behov for kritisk journalistikk på livssynsfeltet, men at dette behovet er mindre i dag, og at prioriteringane deira derfor er annleis.

– Nokon vil kanskje hevde at det er ironisk at eit magasin med namnet «Fri tanke» ikkje lenger ser ut til å sjå verdien av å vera fri og uavhengig?

– Å tenkje fritt er ein del av verdigrunnlaget til humanismen, og pregar heile organisasjonen. Det er mange andre måtar å rette kritiske spørsmål til HEF.

Ho nemner Vårt Land og interne kanalar i HEF som døme.

– Kjem det til å vera rom for å sende inn debattinnlegg til Fri tanke?

– Me har ikkje debattinnlegg i denne utgåva, men me har ikkje landa på kva me skal gjera framover. Eg vil gjerne høyre på kva lesarane ynskjer.

Fake news

I slutten av mai blei Budbæreren, bladet til Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, felt i Pressas Faglege Utval (PFU) for brot på god presseskikk. Årsaka? «Etter PFUs meining er det å være kommunikasjonsleder for egen utgiver ikke forenlig med samtidig å være redaktør.»

Også tidlegare har diskusjonen om organisasjonsblad skal vera uavhengige rulla i Vårt Land sine spalter. I 2020 opplyste Sjømannskyrkja at bladet deira «Hjem» ikkje lenger skulle fylgje Ver Varsam-plakata og Redaktørplakata.

Me hadde håpa HEF såg verdien av å drive med open og fri journalistikk.

—  Per Brikt Olsen

Fleire tok til orde for at det ikkje er organisasjonane si oppgåve å finansiere kritisk journalistikk om seg sjølv, og at organisasjonsblad har ei anna rolle enn den uavhengige pressa.

Olsen i Fagpressen meiner at behovet for kvalitetssikra, uavhengig journalistikk på livssynsfeltet er større enn nokon gong, ei tid med sosiale medier og mykje fake news.

– Men er det mogleg å drive kritisk og uavhengig journalistikk om menneske ein delar både lunsjbord og e-postdomene med?

– Så absolutt. Det er det mange gode døme på. Ofte er det dei som er dei flinkaste til å drive kritisk journalistikk på sitt område, nettopp fordi dei kan faget best.

– Ikkje for seint å snu

Sjølv om medlemstalet i Fagpressen aukar, er det fleire som står i det same valet som HEF har gjort. Olsen ser mange likskapstrekk hjå dei som ender opp med å melde seg ut.

– Leiinga irriterer seg over eit tidsskrift eller ei nettside dei ikkje har kontroll over, og endar opp med å seie at dei vil ha ein «heilskapleg kommunikasjon».

Han meiner så å seie alle overskrifter på rapportar frå dei som har hyra inn eit kommunikasjonsbyrå for ei slik vurdering inneheld orda «heilskapleg kommunikasjon».

– Det kan gje meining som ein del av ein marknadsføringsstrategi, men det er noko heilt anna enn fri journalistikk.

Direktøren fortel at han har sendt ein e-post til generalsekretæren i HEF med Øimoen på kopi, med ei oppmoding om å ombestemme seg.

– Det er ikkje for seint å snu.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion