Religion

Denne kyrkja er så full at folk må stå under kyrkjekaffien

UNGE VAKSNE: St. Jakob kirke i Bergen opplever så stor vekst at både øvingslokalet og kyrkjerommet har blitt for lite. No har riksantikvaren gitt kyrkjelyden eit sjeldant «ja». Det står berre éin utfordring i vegen.

Prest Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg kallar det eit «luksusproblem» at kyrkjelyden han jobbar i, St. Jakob i Bergen, har vakse seg større enn lokala sine. Hundrevis av unge vaksne strøymer til gudstenester, studentlunsj, samtalekveldar og korøvingar kvar veke.

– Koret vårt har ikkje brukt PR-midla sine det siste halvtanna året, for dei har knapt hatt plass til at fleire melder seg inn, seier prest Sønnesyn Berg, og kallar det «litt stas» at St. Jakob har klart å samle så mange til kyrkjefellesskap.

Også til sundagsgudstenestene kjem det fleire og fleire. Til kyrkjekaffien og quizen dei alltid har i etterkant, er det knapt sitteplassar til alle. Nokon må til og med ta plass oppe ved alteret.

– Vi har merka veksten kraftig dette halvåret. No kjem det jamt over 100 på ein vanleg sundag. Det er heilt fantastisk! seier St. Jakob-presten entusiastisk.

Det er berre eitt problem, som alle kyrkjas aktivitetar har til felles: Plassmangel, og det i ei verneverdig kyrkje.

– Studentlunsjen vår er heilt stappa, ein møteplass kor det kjem alle slags folk. Vi ser korleis også denne kunne auka. Det er berre lokala som hemmar veksten, seier Sønnesyn Berg.

St. Jakob, Bergen

Det er éin ting det står på

I den 100 år gamle kyrkja står det klassiske trebenkar – og dei tar opp mykje plass.

– Vi kunne trengt nokre endringar, eit litt meir fleksibelt rom, kor vi kunne rigga om til korøvingar og studentlunsjar og kyrkjekaffi, seier presten.

– I St. Jakob jobbar vi mykje med å bygge fellesskap. Det er vesentleg at dei som kjem hit kjenner seg heime, får prata med nokon og at det er plass til dei. Vi ønsker å kunne invitere enno fleire inn, så desse endringane i sjølve kyrkjerommet er dei lettast tilgjengelege, seier Sønnesyn Berg.

Han kallar det eit «historisk ja» at dei har fått tommel opp frå Riksantikvaren til å bytte benkane ut med stolar, sette opp akustikkplater til korøving og legge nytt teppe.

– Vi har tru på det som er St. Jakob. Eg har tenkt lenge at viss Den norske kyrkja satsar på unge vaksne, så vil dei sjå at DNK er ein plass unge kan ønske å vere

—  Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg, prest i St. Jakob kirke
St. Jakob kirke i Bergen

Riksantikvaren skal ha kalla St. Jakob sitt tilfelle ein veldig spesiell situasjon – og understrekt at denne godkjenninga ikkje kjem til å skape presedens.

– Heilt sjukt. No har biskopen også godkjent forslaget, så det er rett og slett finansieringa det står på, seier Sønnesyn Berg.

Kyrkjelyden er eit spleiselag mellom Bergen domkirke menighet, Bergen kirkelige fellesråd, Bjørgvin bispedømme og KFUK-KFUM Bergen Ynglingen. Derifrå har det komme ekstra midlar til endringane – men det manglar framleis ein del. For kvar nye stol dei treng, kostar det 3000 kroner.

No håpar St. Jakob at pengeinnsamling, i form av blant anna Vipps-aksjonen «Rom for alle» og innsamlingskonsertar, kan få dei i mål.

---

St. Jakob kirke

  • Ein kyrkjelyd i Den norske kyrkja (DNK), for ungdom og unge vaksne.
  • Ligg i Bergen sentrum, og høyrer til Bergen domkirke menighet og blir drifta i samarbeid med KFUK-KFUM.
  • Tel om lag 200 frivillige.

---

Kom til eit «rom for alle»

Anna-Kristina Fredheim Oma er blant dei som har funne heimen sin i studietida i St. Jakob. Etter to år i kyrkjelyden er ho no frivilligkoordinator for medliturgane, og opplever å ha vakse i trua i tida i kyrkja for unge vaksne.

– Det er eit raust og fint fellesskap med ulike typar folk som studerer forskjellige ting og kjem frå varierte bakgrunnar. Det at alle får delta og vere frivillige, uavhengig av kjønn og legning, er ganske viktig for meg, fortel Fredheim Oma.

Sjølv er ho oppvaksen i bedehussamanhengar og frikyrkjemiljø. Møtet med denne DNK-kyrkjelyden har studenten opplevd som frigjerande.

– Eg set pris på at det er plass til alle her, uavhengig av kor «liten» eller «stor» tru ein har. Vi kan vere på ulike plassar i truslivet vårt, men ha den samme plassen i kyrkja. Her er det rom for å finne ut av ting, seier Fredheim Oma, som kom inn i St. Jakob gjennom koret.

No kan ho sjåast i kyrkjelydens arbeid opptil fleire gonger i veka. 22-åringen set pris på at dei varierte aktivitetane strekk seg utover veka, med cellegrupper, «Helt ærlig»-kveldar og sundagsgudstenester.

– Eg har inntrykk av at sjølv om vi har blitt mange fleire den siste tida, så er folk opptatt av å sjå andre og tar ansvar for å møte nye, seier ho.

Meiner ungt arbeid bør satsast på

I ei tid kor talet på dei som ikkje trur på nokon Gud stadig aukar, veks altså denne unge kyrkja i Bergen sentrum.

– Eg trur folk har kjent behovet for fellesskap under pandemien. Det har iallfall vi merka – sjølv om vi ser at ikkje nødvendigvis alle kyrkjer opplever tilstrøyming i etterkant, seier Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg.

– Vi har tru på det som er St. Jakob. Eg har tenkt lenge at viss Den norske kyrkja satsar på unge vaksne, så vil dei sjå at DNK er ein plass unge kan ønske å vere. Eg trur evangeliet formidlar godt inn i unge sine liv, seier presten.

Eg set pris på at det er plass til alle her, uavhengig av kor «liten» eller «stor» tru ein har.

—  Anna-Kristina Fredheim Oma, frivilligkoordinator for medliturgar i St. Jabok
Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg

Kyrkjelyden har fått godkjenning av biskopen til å leike seg litt med gudstenesteforma, og jobbar stadig med å tilpasse det diakonale arbeidet til dei unges liv, som med lesesal og fredagslunsj, kor det òg er høve for tidebøn.

– Historia til mange som kjem til ein studentby med bakgrunn frå ein heimekyrkjelyd, er at ein forsvinn ut eller byrjar i ei frikyrkje. Eg trur unge kan oppleve at også DNK kan gi fellesskap, med ein teologi og eit språk som gir gjenklang. Men då må vi som kyrkje strekke oss for å romme unge menneske sine liv, seier Sønnesyn Berg.

Skreddarsaum og satsing funkar

– Det er jo utruleg gøy å sjå denne veksten, seier Stine Kiil Saga, seksjonsleiar for barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja (DNK).

– Den seier noko om at dei jobbar godt, har klart å finne ut kva folk treng og har skapt eit miljø kor det er godt å vere – som igjen gjer at ein vil ta med seg fleire, seier ho.

Kiil Saga meiner det er viktig å ha to tankar i hovudet når Den norske kyrkja skal nå ut til unge vaksne:

– Det er ikkje så enkelt for kvar ein vanleg kyrkjelyd å spisse tilbodet sitt til alle grupper. Det er noko med ressursane og kompetansen ein ikkje nødvendigvis sit med i kvar lokalkyrkje. Men alle kan likevel tenke profilering – snakkar vi om «familietur» eller kallar vi det «kyrkjelydsweekend».

Stine Kiil Saga fotografert på Sagene

Kiil Saga peikar òg på at unge vaksne ikkje berre er studentar i storbyar, dei er også unge foreldre som bur i lokalmiljø over heile landet, og som deltar på babysong og i det daglege kyrkjelydslivet.

– Men vi ser at når ein skreddarsyr og satsar ressursar på denne gruppa, så funkar det. Det er heilt naturleg at unge vaksne likar å treffe andre som er i lik fase som dei sjølv. Det er veldig viktig at DNK også skapar dei arenaane, seier ho, og fortel om liknande satsingar i også Oslo, Stavanger og Trondheim.

Maten er viktig – men ikkje alt

– Er du sikker på at studentane ikkje berre kjem fordi det er gratis mat?

– Eg trur ikkje det skadar at det er billig mat, for å seie det sånn, seier St. Jakob-presten lattermildt, men presiserer at studentlunsjen ikkje er heilt gratis – forutan ein kakebit på kyrkjekaffien.

– Maten er nok viktig for mange. Men så finn dei noko meir, seier Sønnesyn Berg.

Han kallar St. Jakob «ei slags sjømannskyrkje for unge folk», kor det å møtast over eit måltid og ein prat er eit viktig samlingspunkt.

– Det er ingen dårleg grunn til å komme, og eg er glad viss vi som kyrkje kan bidra med det, seier han og held fram:

– Eg er overraska over i kor stor grad dei som kjem er bevisst på at dei kjem til ei kyrkje, og ønsker nettopp det. Før eg byrja her, hadde eg ikkje trudd at det var gudstenesta som kom til å samle flest folk kvar veke. For meg er det eit lite mysterium, seier presten.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion