Religion

Dei fyrste jentene på nesten 700 år som får lov til dette

ENGLAND: Julia Johnson og Lucy Howe på ni år skaper historie når dei får bli med i det som i nesten 700 år har vore eit reint gutekor i St. George’s Chapel. Koret syng regelmessig for dronning Elizabeth.

Julia Johnson og Lucy Howe er ni år. Dei er dei fyrste jentene som på 674 år slepp til i koret i St. George’s Chapel i Windsor Castle.

For fyrste gong i den 674 år lange historia til koret i St. George’s Chapel i Windsor Castle får jenter bli med. Det skriv Aftenposten.

Det er ni år gamle Julia Johnson og Lucy Howe på ni år som bryt den gamle tradisjonen med reint gutekor.

Begge to går i fjerdeklasse på St George’s School Windsor Castle, ifylgje Classicfm.com. Jentene vil no delta på øvingar kvar dag saman med koret.

Nettstaden skriv at dronning Elizabeth sjølv skal ha velsigna den historiske endringa.

Koret held til i Windsor Castle og syng regelmessig for den kongelege familien, mellom anna under viinga av prins Harry og Meghan Markle i 2018.

Kritiske røyster

— Jentene er blitt godt mottatt, opplyser administrasjonssjef Charlotte Manley til Aftenposten.

In this picture taken on Monday, May 14, 2018, James Vivian, Director of Music at St George's Chapel, directs the St. George's Chapel Choir during a rehearsal before evensong and ahead of the wedding of Prince Harry and Megan Markle this weekend, in Windsor, England. (Steve Parsons/Pool Photo via AP)

Rektor ved skulen, William Goldsmith, seier til Classicfm.com at dei ved skulen er svært stolte av den lange kortradisjonen, men at han er glad for den nye endringa.

— Å kunne tilby dette til alle på skulen, uavhengig av kjønn, er heilt i tråd med vår filosofi om å verdsetje alle elevar og erkjenne at kvart barn har sitt eige unike bidrag å gje.

Men ikkje alle er like positivt innstilte. I England har problematikken vore diskutert heftig i fleire år. Enkelte av dei etablerte gutekora har byrja å ta inn jenter, trass i kritikk om at reine gutekor har ein eigen klang. Andre meiner ein viktig del av musikkarven forsvinn om alle barnekor blir blandakor, skriv The Spectator.

Ynskjer ikkje det same i Noreg

Også i Noreg har ein reine gutekor, der dei kanskje mest kjente er Sølvguttene og Nidarosdomens guttekor.

Aftenposten skriv at dei har snakka med mange i gutekormiljøet, og at ingen synest det er ein god idé å ta inn jenter i de få gutekora som finst. Rett og slett fordi blanda kor ofte endar med å bli jentekor, og fordi jenter alt har et rikt kortilbod.

— I blanda barnekor sluttar gutane ofte å syngje, med nokre få, hederlige unntak, seier dirigent og kunstnarisk leiar i Sølvguttene, Fredrik Otterstad til Aftenposten.

Likevel er han glad for endringane i katedralkora i England, sidan han meiner utdanninga ved korskulane i landet er nokon av dei beste som finst.

— At jenter blir halde vekke frå ei slik utdanning, er eit samfunnsproblem, seier han til avisa.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion