Adresserte uroa i Misjonssambandet under preika

MISJONSSAMBANDET: Uroa etter at generalsekretæren gjekk av blei teke opp frå talarstolen i Misjonssalen sundag. – Me må spørje kva rolle me har spela for at Misjonssambandet denne gongen kunne bli ei slagmark, sa Fjellhaug-rektor i preika til kyrkjelyden.

EINSKAP: Under sundagsgudstenesta i Misjonssalen var mellom anna kristen einskap tema. Men Frank-Ole Thoresen kom også innpå uroa som har vore i Misjonssambandet dei siste dagane. Konstituert pastor John-Kjetil Gagnat i blå dress på scenen.
Publisert Sist oppdatert

– Me som kallar oss kristne er kalla til å elske kvarandre. Og kanskje må kvar enkelt av oss ransake oss sjølve, og spørje kva rolle me har spela for at Misjonssambandet denne gongen kunne bli ei slagmark.

Det er sundag føremiddag, og det er gudsteneste i ein av dei største forsamlingane i Misjonssambandet: Misjonssalen i Oslo.

På scenen står Frank-Ole Thoresen og held dagens preike. Til vanleg er han rektor på Fjellhaug Internasjonale Høgskule, som er eigd av same misjonsorganisasjon. I stolradene sit fleire Misjonssambandstoppar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP