Religion

Tilfeller av antisemittisme på eit «historisk høgt» nivå

JØDEHAT: Fleire rapportar frå 2021 viser det same: Talet på hendingar med antisemittisk motivasjon, har auka.

For eitt år sidan møtte tre menn opp framfor ein synagoge i Brooklyn i New York og ropte hetsande ord mot jødane som stod på synagogetrappa. Så gjekk dei laus på ein bil, og etterpå angreip dei to jødiske tenåringar. Dei blei seinare sikta for hatkriminalitet.

Hendinga er berre éi i rekka av dei rekordmange antisemittiske hendingane som fann stad i 2021 i fleire vestlege land, som USA og Storbritannia. Organisasjonen Anti-Deformation League (ADL), ein stor aktør som kjempar mot antisemittisme, har målt hets, vald og åtak mot jødar i USA sidan 1979, og aldri sett eit så høgt tal som i fjor.

Talet på hendingar er 2717. Det er ein 34 prosents auke frå året før.

— Valden vi var vitne til i mai i fjor var sjokkerande, seier leiar Jonathan Greenblatt i ADL i ei utsegn om rapporten.

— Jødar blei angripne på gata av ingen annan grunn enn at dei var jødiske, seier han.

---

Rapporten frå ADL

  • Organisasjonen Anti-Defamation League (ADL) gir årleg ut rapportar som registrerer antisemittisk vald, åtak og sjikane mot jødar i USA.
  • Totalt talte rapporten 2717 antisemittiske hendingar i 2021, ein 34 prosents auke frå 2020. Då var talet 2026 tilfelle.

---

Konflikt i Midtausten eskalerer

Før vi går vidare inn i materien, er det viktig å skilje mellom antisemittiske hendingar og haldningar, påpeiker forskarane Vibeke Moe (HL-senteret) og Johannes Due Enstad (Institutt for samfunnsforsking), som stadig ser på slike rapportar.

Sjølv om det er ein reell auke i talet på antisemittiske hendingar mange plassar, er det ikkje sikkert det er fleire personar som har fått antisemittiske haldningar.

— At enkelte miljø blir meir høglydte eller utagerande i ein krisesituasjon, betyr ikkje naudsynleg at dette er haldningar som spreier seg til fleire i befolkninga, seier Vibeke Moe.

— Men at det er ein faktisk auke i hendingar, er særs sannsynleg, seier forskaren om funna i rapporten frå USA, og får støtte av Johannes Due Enstad.

Særleg såg ein ei eskalering rundt mai. Då blussa konflikten mellom Israel og Hamas opp. Både i gatene og på internett tok jødehatet form, peikar også ein rapport frå Tel-Aviv University.

— Ved den typen samfunnsmessige bølger ser ein auking i talet på antijødiske ytringar, seier Moe ved HL-senteret.

Ein ser på Israel som den vonde parten i konflikten, og vidare identifiserer Israel med jødar generelt

—  Johannes Due Enstad, Institutt for samfunnsforskning
.

«Israel trekk i trådar»

Anti-israelske markeringar har både i USA og Europa inneheldt antijødiske ytringar, seier forskaren. I Norge er det primært i dei «haldningsmessige randsonene», altså miljøa med sterk motstand mot Israel, at desse haldningane tar form som antisemittisme, ser Moe.

— Det skjer ei kopling mellom Israel og jødar generelt som gjer at jødar blir stilt til ansvar for israelske forhold. Israel nokre gonger framstilt som ein slags «kollektiv jøde», der det er det jødiske ved staten som gjer at noko negativt skjer, seier ho.

— Dette er eksempel på antisemittisk Israel-kritikk, seier Moe.

USA, som den eine rapporten har undersøkt, er ikkje eit land som tradisjonelt har skilt seg ut spesielt negativt når det gjeld antisemittisk tankegods, seier forskaren ved HL-senteret. Ved tidlegare studium har ein sett ei større utbreiing av antisemittiske haldningar i Aust-Europa, for eksempel.

— Men USA er no, og har vore dei seinare år, eit politisk uroleg og splitta samfunn. No har ein fått korona på toppen, og auka økonomisk utryggleik. Slike utfordringar har ein både historisk og i dag kunna knytte til auka antisemittisme, seier Moe.

— Konspirasjonsførestillingar er relativt utbreidde i USA. Tanken om at «Israel trekk i trådar» har lenge gjort seg gjeldande i ulike konspirasjonsmiljø, og slik kan antisemittiske haldningar komme til uttrykk. Desse førestillingane kan tilspisse seg i urolege situasjonar, seier ho.

Også Storbritannia hadde eit historisk høgt tal på antisemittiske hendingar i 2021. Organisasjonen Community Security Trust (CST) har rapportert kvart år sidan 80-talet, og registrerte i fjor 2255 tilfelle av antijødisk vald, hets og annan sjikane.

Angrip jødar som hemn

Det skjedde noko rundt år 2000, peiker forskar Johannes Due Enstad ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) på. Då auka dei antisemittiske hendingane i Vest-Europa, og alvorsgraden i dei. Sidan då har tala variert noko frå år til år — men ligg stabilt på eit høgare enn før.

Dette har samanheng med Israel-Palestina-konflikten og utbrotet av den andre intifadaen, fortel han. Konflikten fungerer som påskot for antisemittiske åtak, meir enn at den er sjølve kjelda til åtaka, ser Enstad.

— Sidan 2000 har ein observert mange alvorlege valdshendingar i for eksempel Frankrike, Storbritannia, Belgia og Tyskland, kor unge menn med bakgrunn frå Midtausten ofte har vore profilen for dei mest alvorlege hendingane. Men bildet er ikkje eintydig, seier ISF-forskaren.

— Dynamikken går ut på at dei ser på Israel som den vonde parten i konflikten, og vidare identifiserer Israel med jødar generelt — og så angrip jødar i eit heilt anna land som hemn. Dette utgjer ikkje heile auken i antisemittismen, men ein ganske stor del av at alvorsgraden har auka, seier han.

Rett nok speler også høgreekstreme miljø og konspirasjonsorienterte kretsar inn i statistikken, peikar Enstad på, i likskap med Moe.

— Gjerningspersonars bakgrunn er ein av fleire relevante faktorar å belyse dersom ein ønsker å forklare kvifor antisemittismen slår ut på den måten han gjer, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion