Religion

Når Per Børge skal på jobb som prest, blir han borte i to veker

REKRUTTERING: Det tar sju timar for Per Børge Hillestad å reise frå familien i Sandnes til prestejobben i Gulen. Turnusløysinga han har fått til, er mykje betre enn at soknet hadde stått utan prest, meiner Presteforeningen.

To veker «på», to veker «av». Turnusordninga, som er kjent for plattformarbeidarar i Nordsjøen, har no komme inn i Den norske kyrkja (DNK). På ein måte.

Per Børge Hillestad bur i Sandnes i Rogaland, men jobbar som prest i Gulen i Vestland fylke. Fram til han blei tilsett der i 2020, hadde soknet mangla prest i eitt år.

– Folk i Gulen er så rause, eit aldeles flott folkeferd. Dei har tatt meg imot så vanvittig! utbryt ein entusiastisk Hillestad frå heimekontoret i Sandnes.

– Det har vore ei velsigning å få bli kjent med dei, seier soknepresten som har vore tilsett i soknet i to år.

NRK har òg skrive om Hillestads kreative løysing.

Den gyldne kombinasjonen

Rett nok er det litt søkt å kalle ordninga hans ein «nordsjøturnus» – for Hillestad jobbar innanfor vanlege reglar for arbeidstid. Men ein spesialltilpassa turnus, det har han.

Presten er til stades i soknet tre sundagar på rad, og har så éin sundag heime hos kona og dottera. I praksis bur han to veker i Bjørgvin og to veker i Sandnes, då med heimekontor, stabsmøter på Teams og tid til å fordjupe seg i bibeltekstar og preiker.

– Korleis blei det slik?

– Eg har jobba i distriktet tidlegare, i Austrheim og Fedje, og trivst veldig godt med å vere prest på landet. Eg får komme nær folk. Tilliten ein får som prest, er eit privilegium, seier Hillestad.

– Kona trivst meir i byen, og kjem frå Rogaland, legg han lattermildt til om kvifor situasjonen blei som den blei.

Folk i Gulen er så rause, eit aldeles flott folkeferd. Dei har tatt meg imot så vanvittig!

—  Per Børge Hillestad, prest

Soknepresten registrerte over lengre tid at stillinga i Gulen sto ledig, i prostiet han sjølv kjem frå. Etter eit års tid tok han opp telefonen.

– Først fekk eg ein fantastisk prat med bispedømmet, så med prosten. Dei tok etterkvart kontakt med kyrkjelyden og prestane som jobbar rundt for å sjå etter løysingar. Var dette mogleg?

– Vi bestemte oss for å prøve. Her er det mange gode folk som har bidratt. Å få til dette handlar om både stabilitet og fleksibilitet – og god planlegging. Med den kombinasjonen kjem vi veldig langt, seier Hillestad.

Per Børge Hillestad

1 + 1 = meir enn 2

Dei to vekene soknepresten er i Nordhordaland, er han stort sett ute ettermiddag og kveld. Han prøver få gjennomført dei fleste arrangementa kyrkja står for i «på»-perioden – men enkelte deler av jobben er ikkje like enkle å kontrollere.

– Gravferder er ikkje så lett å planlegge. I vekene eg er borte, blir eg avhengig av prestane i nærleiken. Det har eigentleg vore flott, seier Hillestad, og forklarar:

– Eg får lære dei andre prestane å kjenne, og vi speler på lag. Vi får ta del i ei litt meir nådegåvebasert teneste – vi har ulike kvalitetar. Eg trur at ein pluss ein blir mykje meir enn to når vi jobbar saman.

– Er du nøgd med slik det har gått?

– Veit du kva!

– Eg må få gi deg to namn: kyrkjeverge Ingunn Sogness og prost Helge Taranrød. Dei to, eg har ikkje ord! Dei legg til rette på ein så god måte. Eg kan ikkje seie meg anna enn kjempenøgd.

– Kreativt

Prestemangelen i Norge byrjar å bli eit kjent og påtrengande faktum. Ordninga til Hillestad synleggjer rekrutteringskrisa i presteskapet, meiner Martin Enstad, leiaren i Presteforeningen (PF).

– Her har ein funne ei kreativ løysing på arbeidstida, som kan vere ei mogleg løysing enkelte plassar der det er vanskeleg å rekruttere til stillingar. Det er positivt, seier han.

PF-leiaren veit om fleire som har fått lagt til rette avtalar om heimreise eller heimekontor, men ein slik organisert turnus er det første gong han høyrer om.

– Viss dette utviklar seg til å bli vanlegare og gjelde fleire, tenker eg vi bør snakke saman alle partar i det kyrkjelege arbeidslivet for å sikre at ordningane blir nokonlunde like og rettferdige, seier Enstad.

Bispedømmet opplyser at Hillestad per no er den einaste presten som har ei slik løysing i Bjørgvin.

– Vi har nokre dialogar, men det vil ikkje kunne bli ei generell ordning. Det vil vere tidsavgrensa, slik som i Gulen, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.

---

Prestemangel

  • Den norske kyrkja sette i 2018 i gang eit arbeid med å rekruttere fleire til arbeid i kyrkja. Nye tal vista då at Norge kunne mangle 200 prestar innan 2024.
  • I januar 2021 sto 96 prestestillingar ledige.
  • Bispedømma som slit mest, er Nord-Hålogaland, Sør-Hålogaland og Nidaros.

---

Betre enn alternativet

Fagforeiningsleiaren til prestane ser også for seg at ei slik ordning kan bere med seg nokre utfordringar som krev god planlegging. Det handlar om det kvardagslivet i den lokale kyrkjelyden og dei kyrkjelege handlingane som fell på vekene presten ikkje er til stades, noko også stiftsdirektøren peiker på.

– Viss alternativet for kollegane rundt er å ikkje ha ein kollega, er dette mykje betre. Det er ikkje betre enn ein fast prest som er hundre prosent til stades, men det er betre enn at eit sokn står utan prest, seier Enstad.

Det er Per Børge Hillestad einig i.

– Det beste for både presten og kyrkjelyden er jo at presten bur og jobbar fullt ut i nærområdet. Men dette er ei løysing der det er vanskeleg å få til, seier han.

Martin Enstad i Presteforeningen

Saknar familien

Det mest krevjande med turnusen Hillestad eigentleg ser på som ei velsigning, er savnet etter familien. Kvar dag snakkar han med kona og dottera via video.

– Klart eg saknar treåringen, og ønskar å vere med henne kvar dag. Eg har ei utruleg god kone som tar på seg utfordringa med å vere åleine med henne i 14 dagar. All ære til Kristin!

– Eg står i takksemd til mange velvillige folk. Bispedømmet, kollegane mine, folk i soknet og familien. Eg er berre ei lita brikke i dette. Å få jobbe på ein gullstad som Gulen er ei velsigning.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion