Religion

NRK-Rima: – Religion treng ikkje vere så skummelt

FESTEN ETTER FASTEN: Etter NRK sine TV-program om den muslimske id-feiringa, har Rima Iraki fått meldingar som har gjort inntrykk. Det ho sjølv synest er best med festdagen, vil truleg overraske mange.

Rima Iraki

For to år sidan, idet Festen etter fasten dukka opp på sendeskjemaet første gong, sende NRK ut ei pressemelding:

«Vi inviterer til fest med god mat, nydelig musikk, og fine og morsomme møter med spennende gjester (...) Vi håper dette programmet kan bidra til en følelse av fellesskap».

Kommentarane lét ikkje vente på seg – før programmet i det heile hadde gått på lufta.

– Eg las eit par av dei, før eg tenkte «no må eg fokusere på sendinga», seier programleiar Rima Iraki lattermildt, tilbakelent i sofaen som står «backstage» for Dagsrevyens studio.

Som den første TV-kanalen i Vest-Europa til å kringkaste ei direktesending om id, var NRK-profilen førebudd på reaksjonar. Kringkastingsrådet fekk 430 klagar.

Men Iraki vil heller snu på det: NRKs rådgivande organ hadde aldri før fått så mange positive tilbakemeldingar som etter første program i 2020: 172 i talet.

«Gøyare» med jul enn id

I barndommen gleda Iraki seg ofte meir til jul enn til id, innrømmer ho. Mamma, pappa, bror, søster og Rima hadde flytta til eit land kor dei knapt kjente nokon.

– Vi sakna nok å ha ein storfamilie å dele høgtida med. Foreldra mine gjorde alt dei kunne for at det skulle bli så bra som mogleg, fortel ho.

Minna som sit sterkast i 39-åringen, kjem frå sjølve fastemånaden, ramadan, som leiar fram til id-festen. Utanfor kjøkkenvindauget til barndomsheimen i Lørenskog låg eit tjukt, erke-idyllisk snøteppe, og i tjukkmørket, klokka fem om morgonen, tente mamma stearinlys og dekte opp eit ekstra raust frukostbord.

---

Festen etter fasten

  • Direktesending som feirar den muslimske høgtida id, med mat, musikk og gjestar.
  • Blir sendt på NRK1 mandag 2. mai klokka 20:00.
  • Programleiarar er Rima Iraki og Amir Horori.
  • Vann Gullruten for «beste nyskapning».

---

– No som ramadan har falle på sommaren dei siste åra, har det krasja med assosiasjonane mine om kva stemning fasten skal ha, seier Iraki.

Sidan ramadan-månaden blir flytt bakover ti dagar kvart år, vil høgtida på eit tidspunkt samanfalle med jul igjen. Irakis kollega, Kvelden før kvelden-programleiar Mikkel Niva, har spøkt om at dei då må slå TV-programma saman.

– Det kan bli ein fusion av høgtider! Nei då, Kvelden før kvelden skal få vere i fred, seier ho og ler.

Ikkje eit andaktsprogram

Også i år fastar journalisten. Men id-feiringa med familien får ho ikkje lenger. Tobarnsmora er på jobb frå morgon til kveld for å lage Festen etter fasten.

– Id har fått ein ny dimensjon. Eg får feire med heile Norge, seier Iraki.

Fleire gonger presiserer programleiaren at sendinga «er eit underhaldningsprogram». Festen etter fasten skal ikkje drive med forkynning, slik fleire kan ha antyda.

– Ho som hadde ideen til programmet, er etnisk norsk og ikkje truande, seier nyheitsprofilen lattermildt.

Konservative, liberale, ikkje-truande, semi-truande og dei fleste nyansar innimellom – programmet håpar å kunne famne alle.

– Id betyr så mykje for så mange. Vi håpar at sendinga kan bygge bru og gjere at folk forstår kvarandre betre. Det høyrest jo ut som store ord...

Iraki dreg på det og ler, lett brydd over kor klisjeaktig ho forstår at det høyrest ut.

– Men det er jo sånn det er!

Høyr Vårt Lands podkast Åpenbart om kvifor muslimar og kristne fastar i spelaren under:

Fest i fokus – kritisk journalistikk etterpå

I løpet av dei to åra med sendingar trur Iraki at dei har fått til nettopp det.

– Eg opplever at programmet kan ha gjort noko med folks bevisstheit. Det var ei som sende meg melding og fortalde at det var første gong arbeidsgivaren hennar ønskt «god id». Det kostar så lite, men det betyr så mykje for den som mottar det, seier Iraki.

«Endeleg føler eg meg inkludert» og «takk for at eg får sjå på eit program eg kan identifisere meg med, men som ikkje er konfliktorientert» er blant meldingane som har komme programleiarens veg i etterkant av Festen etter fasten.

– Akkurat denne dagen tillét vi oss å berre ha festen i fokus. Vi anerkjenner at det finst problem i enkelte innvandrarmiljø og nokre muslimske miljø. Eg jobbar jo som journalist, og desse tema behandlar vi året rundt; synet på homofili og kvinner i islam, for eksempel.

– På same måte som vi ikkje snakkar om dei problematiske sidene ved kristendommen på Kvelden før kvelden, er også dette ein dag, og ei sending, for fest.

Amir Horori og Rima Iraki, Festen etter fasten - Id mubarak *** Local Caption *** Id al-fitr er en viktig høytid for mange nordmenn. Direkte fra balkongen på NRK inviterer vi til Id-feiring med spennende gjester, artister og masse god mat.



0

– Men dette er jo den store festdagen, eit høgdepunkt for muslimar. Sit då folk og ser på TV, eigentleg?

– Vi har fått meldingar som at «no legg mamma opp id-feiringa for å få med seg Festen etter fasten». Og eg har og høyrt frå folk som berre har budd i landet nokre år – syriske flyktningar som kom under krisa – som har opplevd å endeleg komme i id-stemning, på grunn av TV-sendinga.

– Særleg viss du er nyankommen, har du kanskje ikkje det store fellesskapet. Då kan TV-sendinga vere samlande, seier Iraki.

Det kulinariske høgdepunktet

Programleiaren vil at vi skal senke dei høge skuldrene vi ofte har når vi snakkar om religion. For mange som ikkje trur, og heller ikkje kjenner religion så godt, kan det å tilhøyre eit kyrkjesamfunn virke framand og skremmande, trur Iraki.

– Ein må kunne ønske kvarandre god id og god hanukka utan at det betyr at ein skal prakke på nokon religionen sin.

– Eg støttar at Norge skal få vere eit sekulært samfunn. Men det betyr ikkje at alt som har med religion å gjere er så innmari skummelt, eller at dei som trur ikkje er oppegåande eller trur på eventyr.

– Og hugs: Mange av dei som feirer id er ikkje nødvendigvis så religiøse sjølv. Religion er ikkje så skummelt som ein skal ha det til. Det vil vi ha fram i programmet, ved å vise at du kan både vere konservativ eller knapt ha ei tru for å identifisere deg med id.

– På NRK.no har jo matoppskriftene til id blitt populære. Kva mat definerer id for deg?

– Det høyrest kanskje litt rart ut. Men eg er veldig glad i dei ferske rundstykkene mamma alltid bakar til lunsj.

– Då vi kom til Norge, drog ho ut alle oppskriftene i Allers og Hjemmet, så heime har ho DEN bunka. Folk vil kanskje tenke «Hæ? Er ikkje id-mat meir eksotisk?». Men dei rundstykka, med deilig pålegg, er det beste eg et.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion