Religion

Thor Haavik vil gje historiske grunnar for at Jesus stod opp frå døden. Andre vil verne mysteriet

PÅSKE: Thor Haavik tek for seg historiske hendingar kring Jesu død og oppstode i ny serie. Men kor mykje har det for seg å prøve å bevise kva som skjedde etter krossfestinga?

Thor Haavik hadde gleda seg til austlandsk vår. I staden har han byrja å miste kjensla i fingrane, med snø til anklane, i eitt skispor på fem hundre meter over havet.

– Takning seks, Holmenkollen.

Haavik snakkar høgt og tydeleg, ser i kamera, og slår hendene saman i eit kontant klapp.

– Uansett kva ein måtte meine om Jesus, så er han verdshistorias mest innflytelsesrike person. Og i etterkant av Jesu krossfesting, har me seks historiske fakta som det store fleirtalet av forskarar er einige om, seier han.

Haavik, eller Farmen-presten, som han også blir kalla, snakkar med overtyding og stort engasjement til usynlege, framtidige sjåarar gjennom kameralinsa. At han er meir på heimebane her, enn med ski på beina, blir snart tydeleg. Haavik er til dagleg prest i Salhus menighet, men blei kjent for det norske folk gjennom si deltaking i realityserien Farmen.

Bak kameraet står medbergensar Kjetil Fyllingen som jobbar i den kristne medieorganisasjonen Tro & Medier.

Ideen om å få med seg Haavik på ein miniserie der ein tek for seg Jesu oppstode fekk Fyllingen for fleire år sidan. No er prosjektet snart i boks, og dei tre episodane blir lagt ut på sosiale medium i løpet av påska.

Håpet er at serien skal gje gode, historiske grunnar for å tru på at Jesus faktisk stod opp frå dei døde, og at den skal vera «trusstyrkande for den truande, til hjelp for den søkjande og til undring for den skeptiske».

Thor Haavik tek for seg historiske hendingar kring Jesu død og eventuelle oppstode i ny serie. Men kor mykje har det for seg å prøve å bevise kva som skjedde etter krossfestinga?

Ville overtyde familie og venner

I si masteroppgåve på teologistudiet tok Haavik for seg om det er historisk truverdig at Jesus stod opp att frå dei døde, noko han konkluderte med at det var. Og den nye serien er basert på same konsept.

Farmen-presten grunngjev sin fascinasjon for temaet med at det mest sentrale i trua hans er Jesus. Og kva var den viktigaste hendinga i livet hans? At han skal ha stått opp frå dei døde.

– Viss ein kan vise at det er sannsynleg at det skjedde, seier det noko om at Jesus er den han sa han var. Han er til å stole på. Då eg valde tema for masteroppgåva mi hadde eg eit ynskje om å vise venner og familie at Jesus er ein du kan byggje livet ditt på.

– Fungerte det?

– Eg vil seie det. Det var til god hjelp i samtaler med dei, meiner Haavik.

Det seier rett og slett noko om at den kristne trua er sann.

—  Thor Haavik om betydninga av Jesu oppstode

Jesu oppstode – Ein hallusinasjon?

– Stod Jesus i bokstaveleg forstand, altså i kjøtt og blod, opp av grava?

– Ja, det ser verkeleg slik ut, seier Haavik.

Han har blitt sikrare i si sak etter å ha granska historia kring Jesu død, og vil ta med sjåarane på ei reise der han tek for seg seks punkt som han meiner dei fleste historikarar er einige om:

Marius Gunnar Timmann Mjaaland (TF) hjemme i stua på Nordberg i Oslo.
  • Jesus var død
  • Jesu grav var tom
  • Mange opplevde å møte Jesus igjen
  • Forfylgjaren Paulus byrja å tru
  • Jakob, Jesu skeptiske bror, byrja å tru
  • Liva til etterfylgjarane blei sterkt forvandla av «Jesu oppstode» som i utgangspunktet var ein ubegripeleg tanke

I løpet av miniserien snakkar han med ulike fagfolk, mellom anna den tidlegare ateisten, no verdskjente teologen Alister McGrath, filosofen Richard Swinburne og ateisten og historikaren Richard Carrier.

Dei seks punkta over kan ha ulike forklaringar, og Haavik går i programmet gjennom fleire av desse. Ein av dei er ei hallusinasjonshypotese: dei som såg Jesus etter han døde har hatt hallusinasjonar.

Men sjølv landar Haavik på at det mest sannsynlege er at Jesus stod opp frå dei døde.

– Kvifor er det viktig for den kristne trua om Jesus stod opp eller ikkje?

– Om Jesus berre døydde, punktum, så er det ikkje noko spesielt med han. Men viss han verkeleg stod opp frå dei døde, så er han verdt å lytte til. Då er det ein guddommeleg inngriping i menneskets historie.

Eit gap som må tettast

Marius Timmann Mjaaland, professor i systematisk teologi ved Universitetet i Oslo, skjønar godt ynskjet om å «bevise» mest mogleg ved trua.

– Det er viktig for teologien å avklare historien og sjå på kjeldegrunnlaget som finst. Det har vore eitt av dei store spørsmåla i studiet av nytestamentet: er kjeldene truverdige? Samstundes er det viktig å sjå avgrensingane ved den eksakte kunnskapen. Det går ikkje an å bevise at Jesus stod opp frå dei døde.

Tru og tvil er den viktigaste ramma for å forstå Jesu oppstode, uansett tilnærming, meiner professoren.

Marius Gunnar Timmann Mjaaland (TF) hjemme i stua på Nordberg i Oslo.

Han sit ved kjøkenbordet i barndomsheimen sin på Nordberg i Oslo, med utsikt over byen, og heilt ned til fjorden. Huset han og kona har overtatt ber tydeleg preg av at dei begge er teologar. Fyrste teiknet kjem faktisk alt nede ved bilvegen, der eit lite ikon med Frans av Assisi-motiv prydar carporten.

– Det at Jesus kom til jorda med gudsriket, og dermed ein ny, historisk epoke, er viktigare i teologien enn den eksakte dokumentasjonen av oppstoda, seier Mjaaland.

Han meiner faren ved å leggje stor vekt på bevis for oppstoda, er at ein kan bli fortvila av at det aldri vil la seg gjera å bruke dei for å bli heilt sikker på kva som skjedde for rundt 2000 år sidan.

Mjaaland refererer til filosof og teolog Søren Kierkegaard, som argumenterer for at ein kan koma nærmare og nærmare ei absolutt sanning, men at det alltid vil vera ei luke mellom det ein trur og det ein har bevis for.

– Difor vil tru alltid ha eit element av risiko. Mysteriet er kanskje fascinerande fordi det er eit mysterium. Ein forsøkjer å finne så mykje visse som mogleg, men det er kanskje like mykje uvissa som gjer at ein held fram med å undre seg og vera nysgjerrig?

Verdas største cold case

Kva skjedde eigentleg etter at Jesus blei krossfesta og gravlagt? Spørsmålet har ført til gransking, undring og diskusjon hundrevis av år. I serien til Thor Haavik omtalar krimforfattar Jørn Lier Horst det som «antakeleg verdas største cold case». Kvifor er det eigentleg så viktig kva som skjedde med Jesus etter at han døydde?

Store Norske Leksikon kallar trua på at Jesus stod opp at frå dei døde «sjølve utgangspunktet for religionen».

Marius Gunnar Timmann Mjaaland (TF) hjemme i stua på Nordberg i Oslo.

Mjaaland forklarar:

– Oppstoda er heilt avgjerande. Jesu død og oppstode er hjartet i kristen tru. Ein ser på oppstoda som eit vendepunkt, der forholdet mellom liv og død blir vendt om. Døden er ikkje lenger slutten, og kristne har no eitt håp og ei forventing om eit liv etter døden.

Også visse jødiske grupper trudde på eit liv etter døden, og det er heller ikkje uvanleg i andre religiøse tradisjonar. Men det som skil kristendomen ut, er at håpet er knytt til nettopp at Jesus stod opp frå dei døde. Det får også store konsekvensar for gudsbiletet.

– Det er ein viktig fortolkingsnykkel for å forstå evangeliet og forteljinga om Guds rike. Det er også grunnlaget for tanken om den treeinige Gud: Jesus var både Gud og menneske. Det får så klart enorme konsekvensar for den kristne forståinga av Gud.

Mysteriet er kanskje fascinerande fordi det er eit mysterium?

—  Marius Timmann Mjaaland

Meir enn kvikklunsj og ski

Me er tilbake i skiløypene i Holmenkollen. Det skal godt gjerast å sjå meir nasjonalromantisk ut enn det Thor Haavik gjer, utan å dra fram bunaden. Han er ikledd mariusgenser, har eitt norsk flagg stikkande ut av sekken, og hendene er fulle av appelsin og kvikk lunsj. I bakgrunnen er ski og stavar stikke ned i snøen.

Men skinnet bedreg.

– Anette? Må ein trykkje på noko for å få dei av?

Få minuttar før slit dagens Serverin Suveren med å få av seg skibindingane, og må be regissør Anette Løken Jahr om hjelp. Det viser seg at denne nordmannen ikkje har hatt ski på beina sidan han var ti år.

Thor Haavik tek for seg historiske hendingar kring Jesu død og eventuelle oppstode i ny serie. Men kor mykje har det for seg å prøve å bevise kva som skjedde etter krossfestinga?

Men trass i knall og fall er bergensaren like blid. Han er i sitt ess når han får formidle ein bodskap som har vore så viktig i eige liv: nemleg at ein med godt, historisk samvit, kan tru på Jesu oppstode.

Haavik ser i kamera:

– Påska er meir enn ski, kvikklunsj og skulefri. Det er høgtida som i tidleg jødisk tradisjon var etablert for å minnast utvandringa frå Egypt. Veka der Jesus gjekk frå å bli behandla som konge, til forbrytar. Der han blei hengt på krossen, døydde og blei gravlagt på langfredag, men hadde forsvunne på sundagen.

Skiløparar susar forbi og sender nysgjerrige blikk mot det vesle filmcrewet.

Blei kristen som 17-åring

Haavik gjev Mjaaland heilt rett i at ein ikkje kan bevise at Jesus stod opp frå dei døde. Likevel meiner han at det har noko for seg å undersøkje om det finnest eit godt, historisk grunnlag for om hendinga har skjedd.

Thor Haavik tek for seg historiske hendingar kring Jesu død og eventuelle oppstode i ny serie. Men kor mykje har det for seg å prøve å bevise kva som skjedde etter krossfestinga?

– Det tenkjer eg at det er viktig at kyrkja vågar å stille spørsmål om.

Haavik fortel at då han blei kristen som 17-åring, så var den vener som merka at det hadde skjedd noko positivt i livet hans.

– Likevel synest dei at det var vanskeleg å tru sjølve, fordi dei følte det var rart, og ikkje smart. Dei tenkte at det var ynskjetenking og ikkje fornuftbasert.

– Derfor blei det viktig for meg å undersøkje om trua ikkje berre var fantastisk, men også fornuftig.

– Kva betyr det at Jesus stod opp frå dei døde?

– Det gjev oss eit enormt håp i møte med døden. Lyset og livet har seira over døden og mørket. Jesus har det siste ordet, ikkje døden. Kaoskrefter og mørket og vondskapen i denne verda skal til slutt ende. Det er ein enorm bodskap som får vannvittige endringar i liva våre.

– Korleis då?

– Det betyr at det finst ein Gud som bryr seg om menneske. Det betyr at det er eit liv etter døden, at mirakel kan skje og at Jesus er verdt å fylgje. Det seier rett og slett noko om at den kristne trua er sann.

Likevel synest dei at det var vanskeleg å tru sjølve, fordi dei følte det var rart, og ikkje smart.

—  Thor Haavik om ungdomsvener

Ingen eksakt vitskap

I det gamle trehuset på Nordberg i Oslo nærmar kaffikoppen seg tom. Mjaaland har nyleg snakka om at sjølv dei eldste skriftene har eit gap i tid frå då Jesus levde til dei blei nedskrivne.

Han fortel om korleis ein trur at det eldste evangeliet, Markusevangeliet, opphavleg slutta med den tomme grava. Om lag hundre år seinare skal versa med bodskapen om oppstoda ha blitt lagt til.

Teologiprofessoren snur seg rundt for å finne nærmaste bibel. Det viser seg å vera ein tysk ein. Han skummar gjennom versa, og omset ei kjapp oppsummering til norsk.

Marius Gunnar Timmann Mjaaland (TF) hjemme i stua på Nordberg i Oslo.

– Ja, vers 9 og utover i kapittel 16 er dei som er lagt til seinare, konkluderer han.

– Er me dårlege til å tru utan bevis i dag?

– Nei. Eg trur ikkje me er så dårlege på det. Eg trur me var dårlegare for femti år sidan, meiner Mjaaland.

Han synest ein er oppteken av dokumentasjon i dagens samfunn, men at ein i større grad enn før ser avgrensingane som ligg i dokumentasjon, og særskilt når det gjeld hendingar som går så langt tilbake i tid som bibelforteljingane.

– Eg trur det finst ei større erkjenning no enn på 70- og 80-talet om at religion og livssyn er ulike innfallsvinklar til røynda. Og at også den som er ateist kan ta feil. Ein har ei forståing om at alle påstandar på dette feltet er problematiske og vanskelege å bevise.

– Kvifor gjorde ikkje berre Gud det enklare å bevise at Jesus stod opp frå dei døde?

Mjaaland ler godt.

– Ja, det kan du seie.

Han vil ikkje spekulere i Gud sine intensjonar. Men han meiner det er heilt grunnleggjande for ei gudstru at ein må stole på noko utanfor eige fatteevne, noko som ikkje kan bevisast.

– Den eksakte kunnskapen har si avgrensing. Den eksistensielle delen av Jesu oppstode handlar om håpet og trua på eit liv etter døden. Det er ingen eksakt vitskap. Og det er kanskje der mykje av betydninga ligg?

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion