Religion

Er det fornuftig å tru at Jesus stod opp frå dei døde? Dei lærde stridast

PÅSKE: Vårt Land har spurt ulike profilar om det er fornuftig å tru på at Jesus stod opp frå dei døde. Dette seier dei.

Vårt Land skreiv nyleg at Thor Haavik kjem med ein ny miniserie denne påska, der han tek for seg historiske hendingar kring Jesu død og eventuelle oppstode. Håpet hans er at serien skal gje gode, historiske grunnar for å tru på at Jesus faktisk stod opp frå dei døde.

Teologiprofessor Marius Timmann Mjaaland åtvarar om å leggje for mykje vekt på å finne bevis, sidan ein aldri kan bli heilt sikker på kva som skjedde då for om lag 2000 år sidan. Haavik og Mjaaland er einige om at ein aldri kan bevise heilt sikkert at Jesus stod opp frå dei døde. Men kan ein likevel seie at det er fornuftig å tru på det? Me har spurt ei rekkje personar om nettopp dette.

Kari Veiteberg: Om ikkje fornuftig, så nødvendig

Biskop i Den norske kyrkja, Oslo bispedøme
Bispemøtet 2021

For meg er trua på oppstoda nødvendig. Ingen kan vel heilt bevise at Jesus stod opp frå dei døde, men eg trur på vitnemålet frå kvinnene ved grava. Det er den same Jesus som stod opp som åt med utstøytte, løfta fram borna og utfordra dei rike. Jesus lever. Vi kan ta til oss orda i evangelia som retta til oss: Vær ikkje redde, salige er de..., fred! Denne trua gir meg mot til å leve og mot til å døy.

Einar Duenger Bøhn: Meir sannsynleg at vitnesbyrda er feilaktige

Professor i filosofi ved Universitetet i Agder
Einar Duenger Bøhn, professor i metafysikk og religionsfilosofi ved Universitetet i Agder

Det er alt i alt meir sannsynleg å tru at vitnesbyrda om oppstoda er feilaktige enn at det me veit frå naturvitskapen er feil. Men det kan vera fornuftig å håpe sjølv om ein ikkje bør tru, viss håpet ikkje kolliderer med å alt i alt leva eit godt liv. Så spørsmålet blir om det er fornuftig å håpe på oppstoda, sjølv om me ikkje bør tru på den.

Erik Varden: Oppslutning om eit historisk faktum

Biskop i Trondheim katolske stift
Erik Varden. Biskop av Trondheim. Den katolske kirke.

Sjølvsagt! At spørsmålet blir stilt viser vel kvifor det står til som det gjer med kristendomen no. Ikkje berre er det fornuftig å tru på oppstoda; berre den gjev oss perspektivet me treng for å skjelne fornufta i verda me er ein del av og i vår djupaste erfaring. For ein kristen er trua på oppstoda oppslutning om eit historisk faktum. Men den er meir enn som så: den er grunnlaget for tilværet.

Kjetil Vestel Haga: Ikkje naturleg mogleg

Generalsekretær i Normisjon
Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Normisjon

Ja. Dei bibelske forfattarane argumenterer ikkje for at oppstoda er naturleg mogleg, men at den er mogleg viss Gud gjer det. Gud som er skaparen av liv, kan også skape liv på nytt. Det er altså fornuftig ut frå eit bibelsk verdsbilete å tru på oppstoda. Den er ikkje berre eit mirakel, men sjølve garantisten for meininga med den kristne trua og er derfor ein føresetnad for sanninga ved kristen teologi.

Anne Mari Schiager Topland: Ikkje berre historiske argument

Nestformann i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja
Anne Mari Schiager Topland. Nestformann i frikirken. I leiligheten på Ammerud i Oslo. 25022022. Foto Alf Simensen

Når ein døyr startar nedbrytinga, og personlegdomen er ikkje i kroppen lenger. Likevel trur eg på Jesu oppstode. Alle tekstane som er skrivne medan augevitne levde, er eit argument. Men det er ikkje berre historiske argument som overtyder meg. Eg har kontakt med han. Og som pastor i ein interkulturell kyrkjelyd, møter eg konvertittar som har mista familie og heimland for trua si skuld, fordi dei har møtt den oppstandne.

Jone Salomonsen: Me satsar tilliten vår

Professor i teologi ved Universitetet i Oslo
Jone Salomonsen: 
Professor i teologi ved Universitetet i Oslo

Er det meir fornuftig å «berre» tru på Gud? Er makta til å skape liv av død i livet meir fornuftig? Som når våpen blir lagt ned, hjarta blir transformerte, tilgjeving skjer? Tru på oppstoda betyr at me satsar vår tillit til forløysing i det me fryktar mest: døden.

Silje Kvamme Bjørndal: Svært fornuftig for kristne

Generalsekretær i Areopagos
Silje Kvamme Bjørndal. Generalsekretær i Areopagos.

Viss me forstår fornuft som det me oppfattar som truverdig, meiner eg at det er svært fornuftig for kristne å tru på Jesu oppstode. Oppstoda er eit mysterium som fortel oss noko grunnleggjande både om Gud og menneske. Det er eit mysterium for meg at folk som trur på Gud meiner det er ufornuftig å tru på oppstoda.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion