Religion

Når kyrkja serverer vin til nattverd, trengst verken skjenkebevilling eller aldersgrense

ALTERVIN: Nattverden har blitt allmenngjort i Norge, ser professor, og meiner det er gledeleg. Men å opne alteret for små barn har skapt problemstillingar for ei kyrkje kor det er «fritt fram» å servere vin med eller utan alkohol.

– I Den norske kyrkja bør nokre forhold bestemmast nasjonalt, men i saker som handlar om gudstenesta bør også mykje vere opp til lokale vurderingar – i eit handlingsrom, seier Jan Christian Kielland i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja (DNK).

Handlingsrommet avdelingsleiaren for kyrkjefag og økumenikk snakkar om, finst i Ordning for hovedgudstjeneste i DNK. Då denne sist blei justert, i 2019, låg kyrkjas alkoholpraksis fast, og lyd:

«Hvilken som helst type ren, vanlig druevin – hvit eller rød – kan brukes til nattverden. Det kan også brukes avalkoholisert vin av hvilken som helst type».

Det er altså opp til kvart sokneråd sjølv å velje om dei skal nytte altervin med eller utan alkohol.

– Enkelte personar og miljø i DNK er opptatt av at vinen skal innehalde alkohol. Andre er opptatt av andre omsyn. Vi er ei brei folkekyrkje med eit stort mangfald av kyrkjelydar – og det skal det vere rom for. Derfor har Kyrkjemøtet latt spørsmålet om alkohol vere opp til den enkelte kyrkjelyd, seier Kielland.

Ikkje underlagt aldersgrense

Kva som er mest utbreidd, finst det – så langt Vårt Land veit – ikkje statistikk på. Med atterhald om at Kielland si erfaring kan vere anekdotisk, fortel han at det er «særs sjeldan» at han får servert alkohol i nattverden.

– Mitt inntrykk er at dei fleste kyrkjelydar brukar avalkoholisert vin, konkluderer han.

Både helsestyresmaktene og Kyrkjerådet får innimellom spørsmål med uro rundt alkohol i Den norske kyrkjas nattverd, veit Kielland.

Jan Christian Kielland er ansvarleg for rekrutteringsfeltet i Kyrkjerådet. I løpet av det treårige prosjektet har dei fått svar på kvifor kyrkja slit sånn med rekrutteringa.

I fjor gav Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet ei utsegn om dette. Sidan kyrkja ikkje er underlagt plikta til skjenkebevilling, gjeld heller ikkje bestemmingane om aldersgrense, står det i dokumentet, som vidare presiserer:

«Imidlertid mener departementet at alkoholholdig drikk ikke bør serveres til mindreårige og at det bør tilbys et alkoholfritt alternativ. Helsedirektoratet (...) legger til grunn at den enkelte menighet er sitt ansvar bevisst når det gjelder eventuell servering av alkoholholdig drikk i forbindelse med nattverd og at menigheten serverer alkoholfri altervin til mindreårige».

Slik prega avhaldsrørsla kyrkja

– I Norge har det vore vanleg å servere alkoholfri vin i nattverd. På det punktet skil vår nattverdstradisjon seg frå ein del andre konfesjonar, seier kyrkjehistorie-professor Hallgeir Elstad ved Det teologiske fakultet (TF).

Her til lands har eit restriktivt syn på alkohol prega kyrkjelivet. Den pietistiske vekkelsesrørsla – og avhaldsrørsla – har spelt ei stor rolle i korleis tradisjonen har blitt, meiner han.

– Det råda ein form for puritanisme; eit negativt syn på alkohol som rusmiddel. Slik kom det inn som eit slags krav at ein ikkje skulle bruke alkohol i nattverd.

Avhaldsrørsla kopla alkohol og -misbruk til eit samfunnsvonde. Av omsyn til dei svake, dei med utfordringar knytt til alkohol, skulle kyrkja derfor i solidaritet ikkje servere alkohol, fortel han.

Hallgeir Elstad, professor ved Det teologiske fakultet

Liberalt alkoholsyn – også i kyrkja?

Dette synet er framleis utbreidd i kyrkjelydar rundt om i landet, trur Elstad, og speler ei rolle i dagens alkoholpraksis.

– Men dette ser ut til å vere i endring. Eit meir liberalt syn på alkohol speler nok inn. Eg har inntrykk av at stadig fleire ønsker, og tar til orde for, «ordentleg» vin. Då Jesus innstifta nattverden brukte han ikkje alkoholfri vin.

I både den katolske og den ortodokse kyrkja blir det ikkje rekna som «ordentleg» nattverd om vinen ikkje inneheld alkohol.

– Protestantar har eit meir pragmatisk forhold til dette. Det har med synet på nattverd å gjere. Det som skjer, er ikkje avhengig av kva slags drikke ein brukar. Ein kan til og med servere druesaft, seier Elstad, som sjølv er prest.

Stadig senka aldersgrense

I 2019 gjekk 13 prosent av befolkninga til nattverd, ifølge ein rapport frå Kifo – Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning.

– Nattverden har på ein måte blitt «vanleg», noko allment. Nattverd blir ein meir og meir sjølvsagt del av gudstenestelivet, og både dåpsfølge og barn kjem til alteret. Personleg ser eg på det som ei gledeleg utvikling, seier Elstad.

Spørsmålet om kor gammal ein må vere for å gå til nattverd har òg vore gjennom fleire rundar debatt. Eit minimum av kunnskap og konfirmasjon var tidlegare eit kriterium. Det siste avviste Bispemøtet i 1965 at hadde nokon teologisk gyldig grunn. I 1969 blei 12 år sett som aldersgrense, og blei seinare senkt til 6-7 år.

Både samfunnet og kyrkja har endra syn på barn. Dei er tatt meir på alvor som ein del av fellesskapet, også i nattverden.

– Det at barns nærvær har blitt vanlegare, speler også inn i argumentasjonen om alkoholfri vin, seier Elstad.

Det stadfestar også Kielland i Kyrkjerådet, som ser at omsynet til barn og personar med alkoholproblem framleis gjer seg gjeldande som grunnar til å bruke alkoholfritt.

– Kjenner du att Elstads inntrykk av at stadig fleire ønsker å forrette med alkohol?

– I dei miljøa eg ofte har kontakt med, som inkluderer organ og aktørar på kyrkjas nasjonale og regionale nivå, har eg ikkje høyrt at dette har blitt tatt til orde for. Men det er klart: Det som kjem til Kyrkjerådet handlar ofte om endringar som skal gjelde nasjonalt. Dette ønsket kan òg vere ein trend som ikkje har nådd meg, seier Kielland.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion