I fem år har familien Kjosavik levd i fellesskap med flyktningar. No sel pinsekyrkja heimen deira

INTEGRERING: For å redde storstoga Q42 sel Filadelfia Kristiansand bygga som husar eit unikt bufellesskap. Her har familien Kjosavik dei siste fem åra delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet.

Religion

Det yrer av liv i det store fellesrommet i Tordenskjolds gate 54 i Kristiansand. Ved vindauget sit bufellesskapets minstemann på sju månadar og fylgjer med på bilar og syklar på utsida. Samtidig snakkar dei vaksne rundt eit langbord.

Språkbarrierar har gjort det vanskeleg for nokre å forstå ordtaket «frå éi fjør til fem høns», og ein kan høyre glade utrop på mange ulike språk då Google kjem med redninga i form av eit bilete av ei fjør.

På kjøkenet er maten snart klar. Det er torsdag ettermiddag og tid for den vekevise fellesmiddagen i Shelter bu- og integreringssenter.

I fire trebygg med ein felles bakgard bur menneske som treng ekstra hjelp med å finne sin plass i det norske samfunnet, dei fleste av dei er flyktningar. I ein av dei sju leilegheitene bur initiativtakarane til konseptet, Monica og Jan Kjosavik, og dottera deira Albertine.

Her har dei budd sidan 2015, og både Jan og Monica har stillingar knytt til å hjelpe bebuarane på ulikt vis. Jan er i tillegg tilsett som pastor i pinsekyrkja Filadelfia Kristiansand. Gjennom dei 2-3 åra flyktningane bur på Shelter får dei ei «startpakke» for å greie seg vidare i livet i Noreg.

Men det er meir enn det, seier fleire som bur eller har budd der, menneska her blir som ein storfamilie.

No står det unike butilbodet i fare.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Må seljast

Det er Filadelfia Kristiansand som eig og driv Shelter. Dei lønnar ekteparet Kjosavik og eig bygga som rommar bu- og integreringssenteret. I ein vanskeleg økonomisk situasjon har dei sett seg nøydde til å selje eigedomen for å berge storstova si; det mykje omtalte bygget kalla Q42.

Pressekontakt i Filadelfia Kristiansand, Lasse Rosten, seier alle i kyrkja set pris på arbeidet som skjer i Shelter.

– Det er leit at bygga må seljast i ei totalløysing med kreditor og at det rammar dette viktige arbeidet som me som kyrkjelyd har hatt eit sterkt forhold til.

Han seier det er eit klart ynskje frå leiinga om at arbeidet kan vidareførast, og at ein jobbar med korleis ein kan organisere og finansiere det.

– Bygga må seljast i løpet av eitt år, og derfor har me litt tid på å finne gode løysingar, meiner Rosten.

---

Shelter

  • Bu- og integreringssenter i Kristiansand sentrum.
  • Eigd og drifta av Filadelfia Kristiansand.
  • Er samansett av fire trehus som ligg vegg i vegg. Her er det sju leilegheiter. I ein av dei bur den norske familien Kjosavik som har stillingar knytt til senteret, i dei andre bur det flyktningar. I tillegg er det ulike fellesareal.
  • Det vanlege er å bu på Shelter i to år som ei starthjelp inn i det norske samfunnet. Ved behov kan tida utvidast med eitt år til.
  • 45 personar har budd her sidan oppstarten i 2016.

---

Visste ikkje kva han gjekk til

22 år gamle Thomas Naalbandian er ein av dei som har tatt turen til fellesmiddagen. Han har på seg Mariusgenser og blå og oransje arbeidsjakke med refleksstriper.

Han flytta ut frå Shelter for eitt år sidan, men stikk stadig innom for å treffe folka han omtalar som «ein slags familie». Med seg i dag har han kjærasten, Marita Hellen.

Naalbandian seier han ikkje visste kva han gjekk til då han flytta inn. Det var fyrst då han fekk forklart reglane for å bu der, som at det ikkje var tillate med alkohol, at han forstod at dette ikkje var ein ordinær bustad.

– Eg var veldig heldig som fekk med alt dette på kjøpet, seier Thomas, og ser seg rundt om i rommet.

Det betyr ikkje noko kven som eig bygga, men eg vil så gjerne at fleire skal få opplevinga og erfaringa av å bu her

—  Thomas Naalbandian

Å lære seg eitt nytt samfunn

Før Thomas flytta inn på Shelter synest han det var veldig vanskeleg å få norske venner. Då Monica insisterte på å svare på norsk då han snakka til ho på engelsk, blei han irritert.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

I dag er situasjonen ein annan.

– Nyleg har familiemedlemmar sagt at eg må passe meg så eg ikkje mistar morsmålet mitt, fortel Thomas, med ein aksent frå heimlandet Syria som er mykje mindre tydeleg enn dei fem åra han har budd i Noreg skulle tilseie.

Mellom anna fortel han korleis Albertine hjelpte han med å få innpass i, og forståing for, det norske ungdomsmiljøet. I dag har Thomas mange norske vener, og kjærast, og han har utdanna seg ferdig som tømrar og jobbar i Skanska.

– Å flytta inn her er som ein booster for å bli kjent med nordmenn. Eg lærte også norske kodar, kor viktig det er å halde avtaler, eg fekk hjelp til å lesa brev og eigentleg lære meg å forstå heile samfunnssystemet på nytt, forklarar han.

Thomas blei trist då han høyrde nyheita om salet av husa for fyrste gong.

– Det betyr ikkje noko kven som eig bygga, men eg vil så gjerne at fleire skal få opplevinga og erfaringa av å bu her, forklarar han.

Selde huset og flytta familien

Jan Kjosavik var barne- og familiepastor i Filadelfia då både han og Monica opplevde å få eit kall frå Gud om å starte Shelter. Dette var hausten 2014.

Gjennom fleire personar og opplevingar utkrystalliserer konseptet seg. Dei meiner Gud vil at dei skal ta over dei fire små trebygga i Kristiansand sentrum og bu der saman med flyktningar for å hjelpe dei inn i samfunnet.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Berre månadar etter at dei fekk ideen, får dei på plass ei avtale med Filadelfia Kristiansand om å starte Shelter husa i «Posebyen», det litt kryptiske namnet på bydelen i Kristiansand som var den einaste som blei spart av flammane under den store bybrannen i 1892.

Filadelfia har tidlegare bruka bygga som ettervernsbustadar for nyleg avrusa rusmisbrukarar. Desse var tenkt selt då den mykje omtalte storstova til Filadelfia, Q42, skulle romme heilt nybygde bueiningar til same formål. I staden fekk dei no eitt nytt formål.

Nokon kan til dømes etter mi oppfatting ha eit heilt hårreisande kvinnesyn eller ha meiningar som ein blir ganske irritert på. Men når ein bur saman så blir ein likevel så utruleg glade i kvarandre

—  Jan Kjosavik

Monica og Jan sel huset sitt med sjøutsikt som ligg inst i ein blindveg, og flyttar, saman med dei to døtrene sine, ned i sin nye heim rett ved det «forferdeleg trafikkerte» lyskrysset.

Hausten 2016 stod bygga klare til å huse dei fyrste flyktningane. Timinga var upåklageleg med den historisk store flyktningstraumen frå land som Syria og Afghanistan, som gjorde trongen for bustadar for flyktningar større enn nokon gong. Å ha ein norsk familie som meistrar både språk og kultur vegg-i-vegg har vist seg nyttig for mange.

Møteplass og språkpraksis

Oppgåvene til Monica og Jan er mange og varierte. I dag skal dei besøkje to av bebuarane på Shelter på praksisplassen deira på Blå Kors Kristiansand.

Samer Ataya sitt andlet sprekk opp i eit stort smil i det han møter Jan og Monica i døra. Det er ikkje lenge sidan dei såg kvarandre sist, dei delar trass i alt heim, men det er fyrste gong dei besøkjer Samer og kona Rehab Najim på praksisplassen deira.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Samer geleidar oss vant ned i kjellaretasjen. På kjøkenet står Rehab og steikjer vaflar, som snart skal bli fortært av dei frammøtte til det sosiale tilbodet «Møteplassen».

Også her er gjensynsgleda lett å spore. Monica blir litt for ivrig, og gløymer konseptet «rein sone», som gjeld dei fleste storkjøken. Ho må berre bort og helse på Rehab.

Det syriske ekteparet er her i regi av norskkurset, for å få mengdetrening i å snakke. Den gode tonen mellom dei og dei frivillige som travelt svinsar rundt i blå t-skjorter med teksten «tidgiver», tyder på at det fungerer.

Rehab Najim og Monica Kjosavik på Blå Kors i Kristiansand. For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Saknar sonen

Rehab og Samer kom til Noreg frå Syria i 2018. Samer hadde sitt eige elektrikarfirma, Rehab var heimeverande. Men krigen endra alt.

Då dei kom til Noreg oppdaga dei at det var enklare sagt enn gjort å flytta livet sitt til eitt anna verdshjørne. Språket var vanskeleg å lære seg, Samer sin elektrikar- og leiarkompetanse blei ikkje anerkjent, og dei sosiale kodane var heilt annleis. Dei blei etter kvart busett i Søgne.

– I Syria drakk eg kaffi med naboane kvar dag. I Søgne sa ein så vidt hei til naboane sine, fortel Rehab.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Dei sleit med å finne seg til rette, og i fjor sommar flytta dei inn i ein leilegheit på Shelter.

I det rosa kjellarlokalet til Blå Kors flyt praten mellom dei to ektepara ved hjelp av litt norsk, litt engelsk og litt arabisk. Jan har lært seg ein del arabiske ord opp gjennom åra.

I Syria drakk eg kaffi med naboane kvar dag. I Søgne sa ein så vidt hei til naboane sine

—  Rehab Najim

Rehab fortel at ho saknar sonen som dei ikkje har lukkast i å få til Noreg. Samer viser stolt fram bilete av den unge mannen.

Rehab, som fram til no har slått av den eine spøken etter den andre, blir brått stille. Ho ser ned.

– Heldigvis har me kvarandre, seier Monica.

Rehab legg ei hand over hjartet sitt, og ser ho djupt i auga.

– Ja, eg òg.

Tilbod i fare og turbulente tider

Filadelfia Kristiansand har i fleire år slite med å få til ei berekraftig drift av det store Q42-bygget, som, i tillegg til å fungere som gudshus, også er eit kongressenter, hotell og leilegheitskompleks.

I januar blei det klart at kyrkja i ei avtale med banken hadde gått med på å selje mellom anna bygga som husar Shelter, nettopp for å kunne behalde Q42.

Filadelfia har hatt ei turbulent tid, også på andre område. Jan var éin av to pastorar som skapte merksemd då dei i oktober trekte seg frå leiarrådet i kyrkja.

Den gongen sa Jan til Vårt Land at grunnen til at han trekte seg frå leiarrådet ikkje var den krevjande økonomiske situasjonen. Dette var også før det blei klart at bygga i Tordenskjolds gate skal seljast.

Shelter i Posebyen, Kristiansand. For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Filadelfia Kristiansand si nettside skriv dei at dei to som trekte seg, har peika på utfordringar ved leiarkulturen, strukturen og leiingsforståinga i kyrkja. I etterkant av desse hendingane har Filadelfia bede Pinsebevegelsen om hjelp, og ei ekstern gruppe er sett saman for å mellom anna vurdere leiarkulturen i kyrkja.

På eit kyrkjelydsmøte torsdag 7. april skal kyrkjelyden få greie på kva dei har kome fram til, og kva tiltak dei tilrår.

Jan ynskjer ikkje å utdjupe grunnen til at han trekte seg etter tolv år i eldsterådet, men seier at «av og til må ein setje ned foten». Han er framleis tilsett som pastor der, i tillegg til å ha delar av jobben sin knytt til Shelter.

Dette er heimen vår, så me kjempar litt ekstra for den

—  Monica Kjosavik

– Mange nordmenn hadde hatt godt av å bu slik

Men trass i vanskane, har ekteparet Kjosavik på ingen måte slått seg til ro med å leggje ned hjartebarnet sitt.

– Eg kunne eigentleg aldri tenkje meg å flytta tilbake til eit «vanleg» liv. Ein ting er at me får bidra til integrering, men det å bu saman med folk som har ei anna tru, det er så utruleg utviklande for sin eigen del også. For ein blir tvungen til å tenkje gjennom kva ein trur på sjølv. Og ikkje berre ha absoluttar og fasitar som veldig mange kristne har.

Dei trur veldig mange nordmenn hadde hatt godt av å bu slik dei gjer i eit par år; med personar som ein kanskje i utgangspunktet ikkje ville søkt seg mot – menneske med ein heilt annan kultur og ei anna tru enn seg sjølv.

– Nokon kan til dømes, etter mi oppfatting, ha eit heilt hårreisande kvinnesyn eller ha meiningar som ein blir ganske irritert på. Men når ein bur saman så blir ein likevel så utruleg glade i kvarandre, forklarar Jan.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Trist å selje

I likskap med Thomas, kjenner ekteparet på at dei dei bur saman med på Shelter nesten blir som ein familie. Derfor var det ein tung beskjed å få om at Filadelfia skal selje «familieheimen».

– Men for Shelter sin del, så drøymer me berre vidare, skyt Jan raskt inn.

Både han og Monica har trua på bufellesskap som buform. Tilbakeslaget med bygningssalet har ikkje sett ein stoppar for tankar og draumar om å spreie konseptet til fleire plassar, og til andre grupper som har bruk for litt ekstra hjelp.

Kanskje einslege eldre, rehabiliterte rusmisbrukarar, eineforsørgjarar eller personar som har sloppe ut av fengsel? Det formeleg lyser av dei begge når dei fortel om planane.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Risikerer å stå utan jobb og heim

Nyleg har det blitt oppretta ei stifting som ein håpar skal kunne stå ansvarleg for vidare drift, og det har blitt sett saman eitt styre og laga vedtekter. Og den siste tida har kveldane til Jan og Monica gått med til å ringe rundt til potensielle støttespelarar for å prøve å sikre finansiering slik at stiftinga kan kjøpe bygga i Tordenskjolds gate.

Nokre har sagt ja, men dei er framleis på jakt etter fleire til «spleiselaget».

– Det er spanande tider for oss, bryt Monica ut.

Dette er evangeliet i praksis, og det å hjelpe menneske har alltid vore ein del av kjerneverksemda til Filadelfia.

—  Lasse Rosten

Dei vedgår at dei kanskje dyttar unna tanken om at det er ein fare for at dei om få månadar korkje har jobb eller heim.

– Det er klart det ville blitt ei livskrise. Men me har ingen plan B, så me må berre jobbe på. Dette er heimen vår, så me kjempar litt ekstra for den. Både for vår eigen del, men sjølvsagt også fordi me ser behovet for dei som bur her. Mange av dei er i ein sårbar situasjon og det ville vore frykteleg trist å bli rykt opp på nytt for dei. Me skal kjempe hardt, forsikrar Monica.

Også pressekontakten i Filadelfia Kristiansand, Lasse Rosten, er tydeleg på at dei ikkje ynskjer at arbeidet i Shelter skal bli lagt ned, og seier at dette er ein av stadane dei få bidra med omsorg og hjelp til menneske:

– Dette er evangeliet i praksis, og det å hjelpe menneske har alltid vore ein del av kjerneverksemda til Filadelfia.

Rosten presiserer at sjølv om dei skal selje bygga i Posebyen, så betyr ikkje det at dei har vedteke at arbeidet i Shelter skal avviklast.

– Monica og Jan, som heile tida har vore ansvarlege for drifta, har eit brennande engasjement for å bidra til at det er mogleg å vidareføre og utvikle drifta av Shelter. Me håpar det er mogleg å koma fram til gode løysingar som sikrar vidare drift, skriv Rosten i ein e-post.

Ikkje tomt reir

Middagen er fortært og mørket byrjar å breie seg om husveggane i Tordenskjolds gate – men inne er det ljost. Etter litt diskusjon, får Rehab viljen sin. Det er spelet Rummy som blir henta fram. Fyrst må det avklarast; skal talrekkjene gå frå venstre mot høgre, eller som etter arabisk standard: frå høgre mot venstre?

Dei landar på den norske varianten.

For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.

Uansett utfall av hussalet nærmar Monica og Jan seg ein milepæl i livet. Yngstedottera, Albertine (19), flyttar heimanfrå til sommaren.

– Nokon har påpeikt at det må bli ei stor omstilling å ikkje lenger ha barn heime, seier Monica.

Men det kjenner dei seg ikkje att i.

– Me har massevis av barn heime, seier Jan og smiler.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion