Religion

Den russisk-ortodokse kyrkja velsignar potensielt masseøydeleggande rakettar

KRIGEN OG KYRKJA: Kvar våpengrein i det russiske militæret har sin eigen helgen. Men enkelte ortodokse prestar i Russland har fått nok – og tatt til orde for å avskaffe velsigninga av dei mest destruerande våpena.

Sidan den russiske invasjonen av Ukraina, har bilde av draktkledde ortodokse prestar som spreier vatn og røykelse over våpen og soldatar versert i sosiale medium og nyheitsartiklar. Dei fleste stammar frå før krigen braut ut.

Dette sterke bandet mellom militæret og den russisk-ortodokse kyrkja har nemleg eksistert i mange år – men har særleg blitt tettare etter at Sovjetunionen fall.

Spesielt det siste tiåret har staten, hæren og kyrkja kopla seg i lag, og på ideologien om eit «heilag Russland» mot den «gudlause Vesten», ifølge den svenske teologiprofessor Archimandrite Cyril Hovorun frå Teologiska Högskolan i Stockholm.

Denne ideologien er blant tankane som ligg i kjernen av invasjonen av Ukraina, meiner han. I eit videointervju med den ukrainske publikasjonen Euromaidan Press forklarar han dette russiske verdsbiletet:

– Talsmennene for dette verdssynet seier til den russiske befolkninga at dei er kalla av Gud til eit spesielt oppdrag – til å redde verda frå seg sjølv. Dei ser på oppdraget som kosmisk, og seg sjølv som verktøy, for å gjere verda til ein betre plass, fortel Hovorun.

An Orthodox priest speaks to a Russian navy officer at the newly-built main cathedral of the Russian military in the Patriot Park outside in Moscow, Russia, Tuesday, June 23, 2020. The opening of the cathedral that was built in just under 600 days was timed to coincide with the 75th anniversary of the end of World War II in Europe. (AP Photo/Alexander Zemlianichenko)

– Geistlege speler rolla som politisk offiser

Ortodokse prestar har i Putins tid i enno større grad blitt brukt av, og innlemma i, det russiske militæret for å velsigne troppar, fly, skip og våpen – alt frå kjernevåpen til rifler.

I ein tekst i Klassekampen fortel Stefanusalliansens Johannes Morken om den særlege koplinga mellom kyrkja og kjernevåpen. Han siterer professor Dmitry Adamsky ved IDC Herzliya i Israel, som i boka Russian Nuclear Orthodoxy har undersøkt kvifor den russisk-ortodokse kyrkja er så nært knytt til nettopp desse.

«I det russiske militæret, spesielt i atomstyrkane, leiar geistlege så ofte aktivitetar for å styrke moralen og fremje patriotismen at dei speler ei rolle som nesten svarar til rolla som politiske offiserar hadde i Sovjettida. Dei var ansvarlege for ideologisk utdanning av troppar og forsikra Kremls kontroll over militæret», skriv Adamsky i boka si.

An Orthodox Church is seen with a radar facility in the background on the Alexandra Land island near Nagurskoye, Russia, Monday, May 17, 2021. Bristling with missiles and radar, Russia's northernmost military base projects the country's power and influence across the Arctic from a remote, desolate island amid an intensifying international competition for the region's vast resources. Russia's northernmost military outpost sits on the 80th parallel North, projecting power over wide swathes of Arctic amid an intensifying international rivalry over the polar region's vast resources. (AP Photo/Alexander Zemlianichenko)

Putin skal for eit drygt tiår sidan ha slått fast at ortodoksien sikrar intern tryggleik i den russiske staten, medan kjernevåpen sikrar ekstern tryggleik, skriv Morken i Klassekampen, og kallar dette ei «teokratisering» av det russiske militæret.

Russland har eigarskap til fleire langtrekkande ballistiske missil. Eit eksempel på velsigning av slike potensielt massedestruerande våpen blei synleg då to russisk-ortodokse prestar i 2018 kasta heilag vatn då ein konvoi trekte slike gjennom Moskvas gater.

Kyrkja er del av militæret

Fleire av bilda som følger innlegga sosiale medium og nyheitsartiklar viser russisk-ortodokse prestar som kastar vatn på rakettar av typen Soyuz. Desse er i dag sivile, og vert nytta til kommersiell romfart, fortel oberstløytnant Palle Ydstebø ved Krigsskolen.

Rakettar er likevel ein integrert – og variert – del av det russiske forsvaret, og kjem med sine ulike storleikar og kraft til syne i den pågåande krigføringa.

– Rakettar er ein del av eit stormaktsarsenal, og Russland har alt frå kva ein mann kan bere til strategiske atomrakettar, fortel Ydstebø.

– Du har blant anna det som blir omtala som rakettartilleri, som rekk nokre titals kilometer, og som det vert brukt mykje av på bakken no. Dei kan vere montert på køyretøy og vert brukt som vanleg artilleri mot fiendtlege troppar, men òg som beskyting av byar, seier han.

Oberstløytnant Palle Ydstebø er sjef for seksjon for landmakt ved krigsskolen.

– Så har du ballistiske rakettar, som vert skytne opp ståande og har ei rekkevidd på fleire tusen kilometer. Vi har sett slike, kalla Iskander, med ei kortare rekkevidd, bli brukt mot strategiske mål i Ukraina.

Oberstløytnanten registrerer òg dette stadig tettare forholdet mellom staten og forsvaret i Russland.

– Kyrkja har tatt ei nasjonsbyggande rolle dei siste tiåra, også i relasjonen til forsvaret. Det er tydeleg at kyrkja har blitt brukt som ein del av militæret, og overtatt den gamle ideologiske rolla som kommunismen hadde i å legitimere staten og militærmakta, seier Ydstebø.

Å heilaggjere våpen som kan drepe udefinerbart store mengder menneske ikkje bør vere ein gudeleg praksis

—  Opprop frå russisk-ortodokse prestar

Motstand utan hell

I 2019 sa patriarkens talsperson, Vsevolod Chaplin, at «berre atomvåpen beskyttar Russland mot Vestens slaveri» til den russiske avisa Vzglyad. Der kalla han også Russlands atomvåpen for «skytsenglar som beskyttar den ortodokse sivilisasjonen», ifølge nyheitsstaden Vice.

Men fleire prestar i den russisk-ortodokse kyrkja har dei siste åra tatt til orde for å endre praksisen om å velsigne øydeleggingsvåpen. I 2020 blei eit dokument – ei komitéuttaling – publisert på Moskva-patriarkatets eiga nettside:

«Velsigninga av militære våpen er ikkje reflektert i den ortodokse kyrkjas tradisjon, og heng ikkje saman ikkje med innhaldet i riten» stod det i uttalinga, og ho heldt fram at «å heilaggjere våpen som kan drepe udefinerbart store mengder menneske ikkje bør vere ein gudeleg praksis».

Innhaldet i dokumentet skulle diskuterast i offentlegheita nokre månadar, skreiv Moskva-patriarkatet. Men i ettertid har det tilsynelatande ikkje blitt publisert nokon konklusjon som endrar tradisjonen.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion