Religion

Biskopane: – Vi protesterer mot den russiske krigsmakta

KRIG OG KRISE: Eit samla bispekollegium i Den norske kyrkja stiller Putin til ansvar for å ha starta krigen – men åtvarar mot trakassering av russarar. Preses oppmodar folk til å be for fred: - Det er det djupaste engasjementet ein kan ha for andre menneske.

Sidan førre formelle samling mellom dei norske biskopane, Bispemøtet, har det brote ut krig i Ukraina.

– Derfor inviterte eg alle biskopane til ein samtale i går, fortel preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

Det resulterte i utsegna «Klokkene ringer for fred». Sjå heile teksten nedst i saka.

– No som flyktningsituasjonen har utviklinga seg så drastisk, ville vi bruke denne anledninga til å sende eit signal i solidaritet til dei som har komme til Norge – og ønske dei velkommen.

– Som kyrkje har vi òg eit spesielt ansvar for å halde denne fana høgt: Å vere gjestfrie og å ta imot dei som er i nød.

Vi fordømer angrepet på Ukraina. Vi protesterer mot den russiske krigsmakta som invaderte nabolandet og sette i gong ein brutal krig

—  Biskopane i Den norske kyrkja

Eit unntak å ringe i klokkene

Det er særs sjeldan at kyrkjeklokkene blir brukt slik biskopane oppmodar til no, fortel Fykse Tveit. Å ringe i dei no, er eit kall til bønn for dei som er ramma av krig – og ei påminning om at ei slik spesiell krise krev at vi tar eit spesielt ansvar.

No håpar biskopane at landets kyrkjeklokker vil klinge sundag klokka 13.

– Ein kan tenke at å løfte fram ting i bønn berre er ‘interne greier’ i kyrkja. Men det djupaste engasjementet ein kan ha for andre menneske, er jo at ein ber for dei, seier preses.

Kari Mangrud Alvsvåg presenteres som ny biskop i Borg. Fredrikstad domkirke.

Preses Olav Fykse Tveit

– Dette er ein appell, ikkje berre til kvarandre, men også til Gud, om å sjå til dei som er i nød.

Når vi ber, verkar det også inn på vår eiga bevisstheit, meiner Fykse Tveit.

– Det er når vi formulerer våre bønner, at vi set våre høgste prioriteringar. Dette må vi fortsette med – også etter at vi har uttalt dette. Og vi må nok halde fram lenge, dessverre.

– Må ikkje bidra til russerhat

Samtidig som biskopane fordømmer Russlands angep på Ukraina, understrekar dei at ein slik frustrasjon ikkje må gå ut over det russiske folket, og dei russarane som bur i Norge.

– Vi oppfordrar alle til å vere bevisste på korleis vi seier ting, slik at det ikkje bidrar til russerhat eller trakassering av russarar her i landet. Det er uakseptabelt, seier preses.

Ikkje berre i det åndelege, men også i det praktiske, har Den norske kyrkja noko å bidra med, slik Fykse Tveit ser det.

– Lokale kyrkjelydar har i tidlegare kriser vist initiativ og bidratt som tilretteleggarar. No blir sokna ein del av lokalsamfunna som tar imot flyktningane og gir støtte og skapar relasjonar til dei.

Trakassering og utestenging av vanlege russarar er totalt uakseptabelt. Vi skal leve saman som gode medmenneske og naboar

—  Biskopane i Den norske kyrkja

Mange av dei som kjem, er kristne. Derfor bør norske kyrkjer òg opne dørene sine for trusfellene frå Ukraina.

– Dette vil ikkje gå over fort, og denne situasjonen vil krevje mykje av oss. Vi vil anerkjenne det som no blir gjort, av styresmakter og frivillige. Kyrkja vil vere ein samarbeidspartnar, og bidra med det det måtte vere bruk for.

---

Bispemøtet

  • Dei tolv biskopane i Norge samlar seg til bispemøte normalt tre gonger per år. Bispemøtet vert leia av preses, som er biskop i Nidaros bispedømme.
  • Bispemøtet er eit lovfesta sentralkyrkjeleg organ som skal samordne oppgåvene som ligg til den enkelte biskop.

---

Her er biskopanes utsegn: «Klokkene ringer for fred»

Når kyrkjeklokker rundt omkring i landet ringer litt ekstra på sundag klokka eitt, i sju minutt, er det svært uvanleg. No er det ei så alvorleg krise at det er tid for å bruke eit spesielt verkemiddel. Klokkene ringer for fred. Kyrkja si oppgåve er alltid å kalle til fred, forsoning og rettferd, slik vi har lært av Jesu ord og eksempel.

Vi er sjokkerte og opprørte over krigshandlingane i Ukraina, og det vert verre dag for dag. Menneske flyktar frå hus og heim for å berge livet, det gjeld særleg kvinner, barn og eldre menneske. Det er forferdeleg å sjå alt som vert øydelagt, både menneskeliv, relasjonar og materielle verdiar.

Vi fordømer angrepet på Ukraina. Vi protesterer mot den russiske krigsmakta som invaderte nabolandet og sette i gong ein brutal krig, i strid med internasjonal rett og grunnleggjande menneskerettar. Den russiske presidenten har ansvaret for å ha starta krigen, og må ta ansvar for å avslutta den. Men alle som har makt og myndigheit, i alle land, må gjere sitt ytste no, slik at krigshandlingane stansar og ikkje spreier seg og eskalerer enno meir.

Klokkene ringer for fred for oss alle, i Europa og i verda.

No er det tid for å vise omsorg og solidaritet med alle som er ramma av krigshandlingane. Millionar er på flukt frå dei brutale øydeleggingane av krigen. Mange av dei er alt komne, eller vil kome, hit til landet vårt.

Kyrkja er til stades i alle lokalsamfunn, og vi har frivillige og tilsette som no vil yte ein innsats for å ta imot flyktningane. Vi minner om at det er styresmaktene som har ansvar for mottak og integrering av flyktningar, men dei treng sivilsamfunnet si medverknad. Den lokale kyrkja bør difor ta kontakt med kommunen og seie ifrå om kva ho kan tilby i lokalsamfunnet.

Sokna har kyrkjer og andre bygg som kan samle menneske til bøn og lystenning, men og til samtalar, måltid og leik for borna. Flyktningborn og unge treng ein fristad frå redsle og sakn. Kyrkja har hender å halde i for dei som er redde. Fleire stader kan det også vere aktuelt å tilby våre nye trussysken å låne kyrkjelege lokale til sine gudstenester og bøner. Kyrkja skal ta vel i mot flyktningane i våre lokalmiljø og nabolag, våre hus og våre fellesskap. Dette krev noko av oss, på kort og lang sikt. Vi må både lindre akutt naud og vere uthaldande i vår omsorg og støtte.

Vi må vere tydelege på at vi er ikkje imot det russiske folket, og vi er ikkje imot russarar som bur og arbeider i Noreg. Trakassering og utestenging av vanlege russarar er totalt uakseptabelt. Vi skal leve saman som gode medmenneske og naboar.

Vi gler oss over eit stort engasjement blant alle i Noreg som vil hjelpe Ukraina. Den økonomiske støtta bør kanaliserast gjennom etablerte humanitære organisasjonar, slik som Kirkens Nødhjelp. Då er ein sikker på at hjelpa når fram og at den handterast på ein forsvarleg måte. Fasteaksjonen i år vil også formidle støtte til Ukraina, og vi oppmodar alle sokn og enkeltpersonar til å gi eit raust bidrag.

Fastetida vi er inne i, kallar oss til å be og arbeide for andre sitt ve og vel. No gjeld det nokon som kjem oss svært nær.

Kyrie Eleison – Herre, miskunna deg!

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion