Religion

Kristent nettverk: – Vi er ei Jesusrørsle, ikkje ei kvinnerørsle

KONFERANSE: Det er andre sakar som opptek kvinnene på JesusKvinner-konferansen enn fanesakane i 8. mars-toget. Pernille Strand meiner ein er i mål med å lyfte fram kvinner som pastorar og forkynnarar, men ivrar for å gjera kvinner meir frimodige.

Det summar i benkeradene i Markus kirke på St. Hanshaugen i Oslo, men i ein litt høgare frekvens enn det ville gjort på ei ordinær gudsteneste. Det er nemleg berre kvinner å finne i den hundre år gamle steinkyrkja denne dagen, med unntak av eit par menn bak miksepulten.

Framme står forkynnar Maria Torgussen Helgerud og snakkar om Den heilage ande.

– Eg elskar Den heilage ande. Kva skulle eg gjort utan Den heilage ande?, spør ho ut i rommet.

– Eg kjenner at den heilage ande er her, seier Helgerud og lyfter opp den eine handa mot himmelen.

Spreidde: «amen» og «ja», kjem frå kyrkjebenkane, og ei og anna hand lyfter seg saman med talaren si.

Me er på JesusKvinner sin årlege konferanse. JesusKvinner definerer seg sjølve som «ei mobilisering av jenter i alle aldrar til bygging av Guds rike i heim og familie, samfunnsliv og kyrkjelydsliv».

Eit kristent kvinnenettverk med lokale grupper rundt om i landet, med eit eige magasin og ein årleg konferanse kunne vore ein annan måte å skildre dei på.

Nokon gonger blir feminismen dratt for langt. Menn og kvinner er skapte for å utfylle kvarandre.

—  Elin Christiansen

Dei når menneske frå mange ulike kyrkjesamanhengar, men har nok størst fotfeste i det meir karismatiske og teologisk konservative landskapet.

Aldersspennet strekker seg frå små fjon på eit spedbarnshovud på bakarste rad, til grå permanentkrøllar lenger framme. Midt i mellom finst både rosa lokkar og halvbarberte hovud.

---

JesusKvinner

  • Eit kristent kvinnenettverk med lokale grupper rundt om i landet.
  • Blei starta i 2003 av Anne Christiansen, som framleis er dagleg leiar.
  • Definerer seg sjølve som «ei mobilisering av jenter i alle aldrar til bygging av Guds rike i heim og familie, samfunnsliv og kyrkjelydsliv».
  • Nettverket arrangerer den årlege konferansen JK. Årets konferanse vart arrangert frå 4. til 5. mars.

---

Damer fulle av Jante

Pernille Strand sit i styret til JesusKvinner. Ho omtalar det som ei grasrotrørsle.

– Kvifor treng ein eigentleg ei eiga kvinnerørsle?

– Det er ikkje ei kvinnerørsle, det er ei Jesusrøsle, kjem det kjapt frå Strand.

– Å vera ei kvinnerørsle har me ikkje ein ambisjon om.

Strand er mest oppteken av å gje kristne kvinner mot.

– Som damer og kvinner har me ein dum måte å gøyme oss på og kanskje vera litt fulle av Jante. Me ynskjer at kvinner skal vera frimodige med det dei har fått frå Herren.

Pernille Strand sit i styret til JesusKvinner. Bilete tekne på JK2022 (årleg konferanse) i Markus kirke i Oslo.

Ho håpar konferansen kan vera til inspirasjon og motivasjon for kvinner som kanskje lett tek eit steg til sida når dei eigentleg burde ta eit steg fram i kyrkjelydssamanheng.

Likevel meiner ho at ein er i mål når det kjem til å heie fram kvinner som leiarar i kristne samanhengar.

– Me har kvinnelege prestar, pastorar og forkynnarar, så det er ikkje noko eg har tenkt mykje over at ein treng å jobbe med, for det føler eg er godt dekt, seier Strand.

– Tidlegare ba de for at ein skulle vera den ein er skapt til å vera. Er kvinner skapt til å vera noko anna enn menn?

– Nei. Som det står skildra i fyrste Mosebok, så er kvinner skapt til å vera hjelparar. Men så ser du gjennom Guds ord at i Kristus så er det korkje trell eller fri, kvinne eller mann. Det finnest ikkje ei «heilag åndine» for kvinner. Utrustinga er den same frå himmelen si side.

Strand seier bodskapen frå talarstolen i løpet av konferansen ikkje nødvendigvis er retta spesielt inn mot kvinner som tilhøyrarar. Ei tale om kor viktig Den heilage ande er kunne like godt blitt halden for ein samansett kyrkjelyd. Likevel er det noko fint med og samlast berre kvinner, meiner Strand.

Som damer og kvinner har me ein dum måte å gøyme oss på og kanskje vera litt fulle av Jante.

—  Pernille Strand

Feminismen dratt for langt

Elin Christiansen (29) er på JesusKvinner-konferansen for fyrste gong. Ho synest det er fint med ein samanheng der kvinner lyfter kvarandre fram og opp.

– Elles i samfunnet synest eg ofte ein heller dreg kvarandre ned.

Christiansen er pinsevenn, og er på konferansen saman med venninner. Ho synest atmosfæren er god, og set pris på å møte kvinner i ulike aldrar.

– 8. mars er rett rundt hjørnet. Kva forhold har du til den dagen?

– Ikkje eit sterkt forhold, men eg synest det er ei positiv markering der me kan feire kvarandre.

Elin Christiansen (29). Bilete tekne på JK2022 (årleg konferanse) i Markus kirke i Oslo.

Christiansen er takksam for at likestillinga har komme langt i Noreg. Likevel er noko av det ho meiner er viktigast for kvinner i Noreg i dag å sjå til kva syn Jesus har på kva ei kvinne skal vera, kontra resten av samfunnet.

– Nokon gonger blir feminismen dratt for langt. Menn og kvinner er skapte for å utfylle kvarandre, seier Christiansen.

Motstemme i 8. mars-toget

Heller ikkje Marit Støle (64) har eit veldig sterkt forhold til kvinnedagen, men ho gjekk i toget under JesusKvinner si fane for to år sidan.

– Men då gjekk me for Jesus, for å vise kven me tilhøyrer. Me gjekk for andre verdiar enn det resten toget gjorde, meiner Støle.

– Kva meiner du er dei viktigaste kvinnesakene i dag?

– Å fremme Herren, Jesus Kristus, kjem det kontant frå Støle, til ivrig anerkjenning frå venninna.

Frå v.: Dina Haagensen (60) og Marit Støle (64). Bilete tekne på JK2022 (årleg konferanse) i Markus kirke i Oslo.

Støle meiner kyrkjelyden hennar, Filadelfia Vennesla, er veldig gode på å lyfte fram kvinner som forkynnarar og leiarar. Og på eitt nytt spørsmål om kva saker ho meiner er viktige for kvinner i kyrkjelydssamanheng i dag, er ho ikkje einig i premissen:

– Måten kvinnesakskvinner held på, det er ikkje slik det fungerer i kyrkjelydar. Det er ikkje slik at kvinner har høgare rang enn menn, seier Støle.

Ho trur det JesusKvinner vil, å inspirere, styrke og utruste kvinner til teneste, er det viktigaste ein kan gjera for kristne kvinner.

Fred, kraft og eld

Helgerud nærmar seg slutten av taletida si. Snart er det lunsjpause. Ho ber folk om å spørje sidekvinna om tillating til å leggje ei hand på skuldra deira for å be om at dei skal bli fylt av Den heilage ande.

Kvinnene i Markus kirke snur seg mot kvarandre og ber for at medsystrer skal bli fylt av fred, kraft og eld.

Håpet er at dei skal gå ut av JK2022-konferansen med frimot, pågangsmot og ei kjensle av kvinnefellesskap.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion