Religion

Tre prosent valgte kirkelig gravferd i mangel på livssynsopne alternativ

DEN NORSKE KYRKJA: Mangelen på gravferdsalternativ til ikkje-truande vekte stor merksemd i fjor. I ei ny gravferdsundersøking kjem det fram at berre tre prosent av pårørande valde gravferd i Den norske kyrkja fordi dei ikkje kjente til eit eigna, livsynsope alternativ.

Før jul i fjor gjekk det ein debatt i Vårt Land sine spalter om mangelen på livssynsnøytrale lokale ein kan bruke til seremoniar og då særskilt til gravferder. Det var den profilerte forfattaren Agnes Ravatn som utløyste det heile med sin kommentar i Aftenposten med tittelen «Gravlegg meg, men ikkje i gymsalen».

Her skriv ho om at det manglar gravferdsalternativ for ikkje-truande – spesielt utanfor dei store byane. I kommentaren viser Ravatn til at medan berre fem av ti ynskjer ei kyrkjeleg gravferd, så ender likevel ni av ti opp i kyrkja, ifylgje Norstat og Den norske kyrkja (DNK).

Ho tok også til orde for å bruke kyrkjer til gravferder for ikkje-truande, men utan prest.

Det vekte reaksjonar og prestar, biskopar, humanetikarar og politikarar heiv seg med, på begge sider av saka.

Velger kyrkja

På bestilling frå Den norske kyrkja har Opinion utført ei gravferdsundersøking blant eit landsrepresentativt utval på rundt 2.000 respondentar over 15 år.

Ein skilte så ut dei som har vore involvert i planlegging av ei gravferd i Den norske kyrkja for ein dei er pårørande til dei siste fem åra. Dei blei mellom anna spurt om kvifor ein valde gravferd i DNK. Berre 3 prosent svarar at det var fordi ein ikkje kjente til eigna livssynsope alternativ.

Heile utvalet blei også spurt om kva dei ville gjort med tanke på eit hypotetisk scenario: «Viss det var opp til deg, kva slags gravferd ynskjer du for dei du er pårørande til?».

Av dei som svarte at dei ville hatt den i DNK var det fem prosent som oppgav som grunn at dei ikkje kjenner til eit egna livssynsope alternativ.

HØYR DEN NYE EPISODEN AV VÅRT LAND SIN PODKAST «ÅPENBART» HER:

Ei verdig ramme

Det overraskar ikkje kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen. Ho meiner det ikkje har vore fokus på temaet fordi det er eit mengdeproblem.

– Gravferder i Noreg er sterkt knytte til tradisjonar i Noreg, uavhengig av livssyn. Og sidan dei fleste kyrkjegardar ligg rundt kyrkjer er det ikkje rart at dette heng saman i folk sin medvit, meiner Vad Nilsen.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.

Undersøkinga viser at tradisjon er ein av dei alle viktigaste grunnane til å ha gravferd i DNK. Ein annan grunn mange oppgjev er at kyrkjerommet gjev ei verdig ramme.

– Trur du nordmenn har vanskar med å sjå for seg andre, verdige alternativ?

– Det handlar om at verdige rom i vår kultur skal sjå omtrent ut som eit kyrkjerom, meiner Vad Nilsen.

Ho fortel at ein i mange muslimske samanhengar har heile seremonien utandørs.

– Det trur eg er heilt utenkjeleg for mange nordmenn.

Vad Nilsen seier at noko av bakgrunnen for undersøkinga er at Kyrkjerådet har vedteke at ein skal ha eit særskilt fokus på gravferd i 2021 og 2022.

---

Gravferdsundersøking 2021

  • Gjort av Opinion for Den norske kyrkja, ved Kyrkjerådet i oktober i fjor.
  • Gjort i ei webundersøking inn mot eitt landsrepresentativt utval av den norske befolkninga på 15 år+.
  • Ein definerer i DNK ordet gravferd som eit samla omgrep for både bisetjing (seremoni før kremasjon) og begravelse (seremoni knytt til gravlegging).
  • Undersøkinga viser mellom anna at:
    • 3 av 4 pårørande ville valt gravferd i DNK på nytt
    • 7 av 10 har ikkje blitt kontakta eller fått oppfylging av DNK i etterkant av gravferda.
    • Nær halvparten kom i kontakt med kyrkja innan 48 timar etter dødsfallet.
    • Nær 4 av 5 meiner avdøde bør avgjera om gravferda skal vera i kyrkja, vera livssynsopne eller i eit anna trussamfunn.

---

Trygge tradisjonar

Politisk og internasjonal sjef i Human-Etisk Forbund (HEF), Lars-Petter Helgestad, seier gravferd er den livsløpsseremonien der DNK har størst oppslutning, og tala er omtrent som forventa.

– Det har blitt sagt at ein treng langt fleire livssynsopne seremonirom. Med bakgrunn i desse tala kan ein spørje: Gjer ein eigentleg det?

Ja. Den norske kyrkja sine medlemstal er fallande og er no nede i to tredjedelar av det norske folk. Då er det klart ein treng andre alternativ enn kyrkja.

Lars-Petter Helgestad

Dessutan meiner Helgestad at ein treng tid på å etablere andre type seremonihus som aktuelle hjå folk.

– Mange forbind ikkje ein sal på kulturhuset med seremonirom, og ofte er kyrkja det flottaste huset i bygda. Men me ser at der ein får til like gode alternativ så er det fleire som vel dei.

HEF-sjefen trur også at det at ein vel kvar gravferda skal haldast for nokon andre enn seg sjølv, så fell valet lettare på «standardalternativet».

– Med mindre den avdøde eksplisitt har ynskt seg noko anna krev det litt å drive nytenking i ein slik situasjon. Og for mange trur eg det er noko trygt i å kunne gripe etter tradisjonen i ei så sårbar tid.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion