Religion

KFUK-KFUM ber skeive med vonde erfaringar frå organsiasjonen ta kontakt

HOMOFILI: KFUK-KFUM ber mellom anna om orsak for å ha sagt opp tilsett fordi han var homofil, og ber folk ta kontakt for å fortelje om vonde opplevingar som skeiv i organisasjonen.

I eit innlegg fyrst publisert på det skeive magasinet si nettside, blikk.no, ber den kristne barne- og ungdomsorganisasjonen KFUK-KFUM om unnskyldning for «den skamma, smerta og skada me har påført skeive».

Les heile innlegget hjå Vårt Land her.

Det er Sven Larsen, fungerande forbundsstyreleiar, og generalsekretær Øystein Magelssen som står bak innlegget.

Sistnemnde seier til Vårt Land at sjølv om dette er eit tema dei har jobba mykje med, så er det den nylege utsegna frå Bispemøtet i Den norske kyrkja som har gjort at dei akkurat no går ut med si fyrste, offisielle orsaking for vonde opplevingar skeive har hatt i deira samanhengar.

I utsegna frå biskopane «erkjenner dei» smerta og skada ein har påført mange menneske. KFUK-KFUM går eitt steg lenger og seier unnskyld. Magelssen vil ikkje kommentere Bispemøtet si utsegn anna enn å seie at dei er takksame for den. Men for eigen del var det viktig å orsake.

– Hovudbodskapen vår er å seie unnskuld. Men ein kan ikkje orsake for noko ein ikkje har erkjent at har skjedd.

Me vil lære meir om kva som har skjedd og som kanskje framleis skjer hjå oss. Saman med dei som deler erfaringane sine vil me finne ut kva vegen vidare blir.

—  Øystein Magelssen, generalsekretær i KFUK-KFUM

Ber folk ta kontakt

Difor oppmodar også generalsekretæren menneske som har opplevd utestenging, urett eller overgrep i KFUK-KFUM samanheng om å ta kontakt med han.

– Me vil lære meir om kva som har skjedd og som kanskje framleis skjer hjå oss. Saman med dei som deler erfaringane sine vil me finne ut kva vegen vidare blir.

Sidan eit vedtak i 2006 har personar som lever i likekjønna forhold kunne ha alle typar verv og stillingar i organisasjonen.

– Har de grunn til å tru at det den dag i dag kan vera vanskeleg å vera skeiv i KFUK-KFUM?

– Ein ting er kva som blir sagt frå offisielt hald, ein annan ting er kva som skjer i det daglege. Det er me interessert i å høyre om frå dei det gjeld. Også er det vår erfaring at mange unge strevar og har store utfordringar knytt til å vera glad i seg sjølv i møte med andre sine fordommar og uforstand.

Det er ei utfordring Magelssen meiner det er viktig å vera merksam på at framleis finst.

Tok frå homofil tilsett jobben

I sitt innlegg trekkjer Magelssen og Larsen fram fleire hendingar dei vil orsake for.

Mellom anna skal ein tilsett i organisasjonen blitt sagt opp og fråteken sine verv, då han stod fram som homofil på 80-talet, og i mediestormen i etterkant skal leiinga i organisasjonen ha uttalt at foreldre skulle kjenne seg trygge på at leiarar i KFUK-KFUM ikkje var homofile eller lesbiske.

Magelssen seier at Bispemøtet si erkjenning har gitt dei eit høve å på nytt tenkje gjennom korleis unge menneske har opplevd sitt møte med organisasjonen.

– Sjølv om me for mange år sidan endra syn og praksis på området, så er det nok dessverre mange døme på at folk har vonde erfaringar og opplevingar som kanskje har øydelagt meir enn me aner.

– Er det andre organisasjonar eller kyrkjesamfunn du meiner bør fylgje i dykkar fotspor og be om orsaking til skeive?

– Me har nok med å feie for eiga dør, meiner generalsekretæren.





Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion