Religion

Prest sa feil i 20 år – hundrevis av dåpar anullert

UGYLDIG: Den katolske presten Andres Arango i Phoenix bytta ut eitt ord då han døypte hundrevis av barn. Det har fått konsekvensar – også for hans eigen jobb.

Vi døyper deg i faderens, sonens og den heilage andens namn, sa Andres Ango idet han førte vatn på hovudet til barnet over døypefonten.

Det den katolske presten hadde gjort i 20 år, viste seg nyleg å vere feil.

I staden for å seie «eg døyper deg», sa han «vi». No er dåpane han har gjennomført annullert. New York Times og Dagbladet er blant dei som har omtala saka.

– Kristus som døyper

Situasjonen blei løfta oppover i bispedømmet og til kongregasjonen for truslæra i Roma, som begge gjennomgjekk praksisen til Ango i lys av Den katolske kyrkjas lære og liturgi.

Dei konkluderte med at dåpane Phoenix-presten har gjennomført, er ugyldige.

– Problemet med å bruke «vi» er at det ikkje er samfunnet som døyper ein person, det er Kristus, og han åleine, uttalte Thomas Olmsted, biskop i Phoenix førre månad i eit brev.

Ber djupt om orsak

Sjølv tok presten til orde og beklaga i ein tekst på kyrkjas heimesider. Der sa han også opp stillinga si, og fortel at han no skal prøve å hjelpe alle dei dette har fått konsekvensar for.

– Det er trist å høyre at eg har utført ugyldige dåpar gjennom heile tenesta mi som prest ved regelmessig å bruke feil formel. Eg ber djupt om orsak for feilen min, og at dette har påverka mange menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion