«Noreg treng ikkje endå fleire inaktive kristne som berre sit heime og «kviler for Jesus»».
«Min teori er at positive, smilande menneske også er dei aller, aller lukkelegaste. Dei er ikkje positive og smilande fordi dei er lukkelege. Dei er lukkelege fordi dei er positive og smilande».
Debutforfattar Thomas Neteland er klar over at setningar eller råd frå den nye boka hans isolert sett kan vera provoserande, men han meiner boka under eitt har ein viktig bodskap: Ein skal leva eit liv kor det som skjer på innsida, påverkar korleis livet ser ut på utsida.
– Smil og ver glad, så blir du lukkeleg? Er det så enkelt?
– Nei, sjølvsagt ikkje. Eg er med vilje spissformulert, og håpar at folk heller reflekterer sjølve av å lesa boka enn å blindt svelge mine tankar.
Neteland sit ved kjøkenbordet i leilegheita på Torshov i Oslo og snakkar med innlevelse. Eller skal me seie med entusiasme?
Han trur ein av og til treng ein provokasjon for å setje tankane i sving.
Synest ikkje synd på seg sjølv
Thomas Neteland er eitt av namna Vårt Land kåra til «årets stjerneskot» og som me spådde at ein ville høyre meir frå i 2022. Han har skrive si fyrste bok: «Avokadoeffekten – En introduksjon til å leve entusiastisk».
Kva ein søramerikansk frukt, eller bær for å vera presis, har med saka å gjera, kjem me tilbake til.
Til vanleg er 28-åringen kreativ pastor i Sentrumkirken i Sandnes, men no har han permisjon for å endeleg fullføre bacheloren i teologi og leiing som han snart kan feire tiårsjubileum for oppstarten av.
Førebilete til pastoren når det gjeld positivitet, er mora. Sjølv om ho har møtt nok av sjukdom og motgang i livet, finn ho alltid ting å verka takksam for, fortel Neteland.
– Ho har all grunn i verda til å setje seg ned å synest synd på seg sjølv, men ho tek valet om å tenkje at livet er konge.
[ Møt to av Kristen-Norges stjerneskudd: «Ikke alle bør si noe i samfunnsdebatter, men noen må» ]
Arv som unnskyldning
– Kan det tenkjast at du er arveleg disponert for å møte livet med eit smil?
– Ja, det kan godt vera. Det er klart at me er skrudd saman ulikt. Men eg er veldig imot å la arv bli ei unnskyldning for å ikkje jobbe med seg sjølv. Sei du har ein sinna far og ein sinna bestefar: Ja, kanskje også du er født slik. Men så er me kristne født på ny, og det går an å endre seg som menneske.
Dette er også noko av bakgrunnen for at boka blei til. Neteland blei frustrert av at folk sa det var flott at han var så levande og entusiastisk, sidan dei sjølve ikkje hadde den «gåva».
Kunne det verkeleg stemme at han berre var født slik? Sjølv følte han det var ein naturleg konsekvens av at Gud hadde rørt ved han.
HØYR PÅ VÅRT LAND SIN NYE PODKAST:
Motarbeidde avokado
Jau, han har vore mykje heile livet. Festens midtpunkt. Men entusiastisk, i den forstand Neteland forstår ordet, meiner han at han ikkje var før han på eit møte med Egil Svartdahl i 2007 for fyrste gong tok innover seg at trua ikkje berre var ein teoretisk storleik, men noko som var ekte og som fekk konsekvensar for sitt eige liv.
Det blei eit vendepunkt i livet og ei oppleving av å verkeleg erfare Gud, på ein måte han ikkje har kjent på enten før eller sidan.
Eg kan ha bedt på mine kne, grine og fasta for ting eg går gjennom i løpet av veka. Men når klokka slår tolv så prisar eg uansett Gud.
— Thomas Neteland
Og det er her avokadoen kjem inn i biletet. Då systera til den kreative pastoren kom heim frå eitt år i USA skulle ho plutseleg ha avokado i alt. Til broren sin store frustrasjon.
Han på si side hadde bestemt seg for å motarbeide dette framandelementet i familien sitt kosthald. Heilt til han beit i det sure eplet og smaka på elendet. Då var det gjort.
– Eg blei heilt obsessed. No prøvar eg å roe ned forbruket. Det er jau skamdyrt!
– Og dessutan ein miljøversting?
– Ja, eg såg ein dokumentar. Dei som dyrkar det held på som om dei skulle vore eit narkotikakartell.
Neteland kallar historia ein tøysete inngangsport, men ynskjer å få fram korleis eigen erfaring fører til entusiasme.
– Ingen anbefaler folk filmar dei ikkje har sett. Det er etter ein har sett den at entusiasmen oppstår.
Allergisk mot lunka kulturkristendom
Etter vendepunktet til Neteland i 2007 opplevde han at kjenslene som bobla på innsida kolliderte med det han møtte i den lokale kyrkjelyden og hjå kristne vener.
I boka skildrar han det som at han blei «allergisk mot tradisjonsbunden, lunka kulturkristendom og gudstenester som kjentest som gravferder».
– Det blei eit hardt skilje. Eg opplevde det som at ein gjorde ting fordi det var slik ein alltid hadde gjort det.
I seinare tid har Neteland lært seg å også setje pris på uttrykk som ikkje er like elektriske og pulserande som dei han jakta som tenåring. Men han trur ei felle nordmenn kan gå i er å bli for reserverte.
– Det er fantastisk at nordmenn er eit audmjukt folk. Men det kan fort gå for langt, og gjera at me blir likegyldige, meiner pastoren.
For min del var det heilt avgjerande at eg fann eit fellesskap som lyste av glede og entusiasme.
— Thomas Neteland
[ Gir opplæring i å synge tidebønner: – En samtale som aldri skal ta slutt ]
Grunnstemning: Høglydt pris og entusiasme
Han har i hovudsak skrive boka for unge menneske, men håpar den kan vera til nytte for fleire. Grunnen til at han trur unge treng bodskapen hans litt ekstra, er fordi dei heile tida ser folk frå deira sider på sosiale medium.
– På min Instagram ser du mine utpust, men ikkje mine innpust. Boka er eit forsøk på å seie at fordi eg har pusta inn noko, så pustar eg ut dette.
I kontrast til det hippe uttrykket både kleda, interiøret og instagramprofilen til pastoren gjev, er råda han gjev i boka om gode, kristne praksisar tradisjonelle.
Det handlar om å faste, gje tiande, halde kviledagen heilag og gå på gudsteneste kvar sundag. Det er heilt essensielt for å brenne for Jesus, utan å brenne opp, meiner rogalendingen.
I boka tek han til orde for at grunnstemninga i alle kristne fellesskap burde vera høglydt pris og entusiasme. Men kva med dei som finn ei djup meining og kontakt med gud i det stille, avmålte, undrande?
– For meg er det eit klart skilje mellom kva eg møter kyrkjelyden med klokka 12 på sundag, og mitt personlege andaktsliv resten av veka. Eg kan ha bedt på mine kne, grine og fasta for ting eg går gjennom i løpet av veka. Men når klokka slår tolv så prisar eg uansett Gud.
[ Kirke har kalt inn til messe med kristent-muslimsk bønnerop i 22 år – nabo fortsetter å klage ]
– Må bli flinkare til å sjå heile mennesket
I etterkant av ein ny Hillsong-dokumentar, har det gått ein debatten også i Vårt Land sine spalter om det ein kan kalle glad-kristen kultur i visse pinsekyrkjer. Mellom anna fortalde Rebecca Instebø om korleis ho ikkje følte det var rom for ho i kyrkja på dei dagane ho var, sliten, uroleg eller sinna.
– Kan eit stort fokus på å skulle vera entusiastisk bidra til ei slik kjensle hjå folk?
– Det er fallgruva, ja, og det er noko eg tek for meg i boka. Me treng å bli sterkare på å sjå heile mennesket i pinsekarismatiske miljø. Me må hugse at kyrkja er meir enn gudstenestene, og at det bør vera rom for ulike uttrykksformer.
Teologistudenten meiner at ein ved å dyrke det han kallar ein «uttrykksfull kristendom» står i fare for at ikkje alle greier å relatere til den.
– På den andre sida, for min del var det heilt avgjerande at eg fann eit fellesskap som lyste av glede og entusiasme.
[ «Da jeg gikk ut av Hillsong etter syv år, hadde jeg mistet den jenta jeg pleide å være» ]