Religion

Ho fortalde om opplevingar med ein overflatisk Hillsong-kultur. Sidan har meldingane rent inn

HILLSONG: Rebecca Instebø kjente at rammene i den globale kyrkja Hillsong blei for tronge, og forlét forsamlinga. Det er ho ikkje åleine om, fortel fleire henne etter at ho delte sine erfaringar.

— Tilbakemeldingane har rent inn, fortel Rebecca Instebø.

Etter sju år som medlem og lovsongsleiar i Hillsong (og tidlegare Intro) fekk ho nok av å oppleve å ikkje kunne vere heile seg i kyrkja. Sidan Instebø delte erfaringar av å miste seg sjølv i ein konform kultur og ei gigantisk global kyrkje med Vårt Lands lesarar førre veke, har fleire kontakta henne.

— Dei fleste meldingane har komme frå folk eg ikkje kjenner, men som har kjent seg igjen i skildringane — frå Hillsong eller andre pinseforsamlingar, fortel Instebø.

Hovedpastor i Hillsong Norway: – Rebecca er dessverre ikke den eneste som har opplevd at det kan bli trangt

Eit «kvifor» utan svar

— Når du ser tilbake på tida i Hillsong, kva tankar slår deg først?

— Kjensla av å vere liten, seier Instebø, og fortel at ho alltid har vore ein person som har stilt spørsmål.

Ho vil vite kvifor ting er som dei er. På skulen: Kvifor må vi ut i friminuttet? I kyrkja: Kvifor skal lovsongen vere akkurat slik?

— Eg opplevde at det ikkje var rom for å sette slike spørjeteikn i Hillsong, og at eg då blei oppfatta som kritisk eller negativ.

Trass i at kvifor-spørsmåla ikkje fekk svar, slik Instebø fortel det, heldt ho fram som lovsongsleiar likevel. Ho hadde så lyst til tenesta.

— Eg blei riven med av kulturen, gjekk på kompromiss med meg sjølv, og aksepterte ein del eg syntest var unaturleg.

---

Hillsong

  • Ein del av den internasjonale Hillsong-kyrkja, som blei starta i 1983 av Bobbie og Brian Houston i Sydney, Australia.
  • Hillsong har i dag etablert kyrkjer i 28 land over heile verda.
  • Er ei pinsekarismatisk kyrkje med eit moderne uttrykk, og retter seg spesielt mot unge.
  • Fleire av kyrkjene starta som Intro-forsamlingar i Norge, men blei seinare til Hillsong-kyrkjer.
  • I dag har Hillsong Norway åtte ulike forsamlingar, blant anna i Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim.
  • Dei er tilknytt Pinsebevegelsen Norge.

---

Amerikansk overflatigheit

Dette unaturlege hadde fleire uttrykk, slik Instebø ser det. Eitt av dei var den overflatiske og «happy-clappy»-amerikanske måten å snakke til kvarandre på.

— Du kjem inn i foajeen og der står det fem glade og gira personar og seier «Hei og velkommen! Deg har eg ikkje sett før! Kven er du?»

Like før kunne Instebø ha snakka med nokon av dei som uttrykte «årrrh» over det å skulle vere ein del av velkomstteamet.

Sjølv opplevde Instebø det innimellom som uuthaldeleg å gå gjennom foajeen. I periodar var livet slik at ho ikkje orka å bane veg gjennom det ho såg på som overflatisk entusiasme.

— Det opplevdest litt som ein amerikansk, «happy-clappy» måte å stelle seg til menneske på. Det var mykje skryt og kompliment, men lite rom for å berre vere seg sjølv.

— Frå scenen blei ekstroverte, superpositive, sterkt truande menneske, med masse energi og som var i team mange sundagar på rad, løfta fram. «Sånn bør eg vere» blei inntrykket, seier Instebø.

— Kor er Gud i dette?

Dette unaturlege fekk også eit anna uttrykk for Instebø — i opplevinga av å vere ei brikke i eit sett ‘Hillsong-system’.

— Eg kom frå eit kyrkjemiljø kor det var stort fokus på det åndelege, og kor møta knapt hadde noko form. I Hillsong og Intro hadde gudstenestene eit regime, med lovsongar på ein viss lengde, med ei gitt stemning og vidare i sette element. Problemet for meg blei kjensla av å berre vere i brikke i ei form og eit opplegg som var veldig sett.

— I starten hugsar eg eg tenkte: Kor er Gud i dette?

Instebø ser samtidig at det er ei stabilitet og ein tryggleik i ei slik form. Ein sit ikkje og lurar på kva som skjer. Det er ein balansegang, konkluderer ho.

«Sånn er Hillsong» opplevde Instebø å få til svar når ho stilte spørsmål ved val av uttrykk eller liknande.

— Det kom alltid eit forsvar. Eg blei sjeldan møtt med ei nysgjerrigheit eller openheit. Eg opplevde det som ein kultur kor rommet for å vere ueinig var ganske lite.

I starten hugsar eg eg tenkte: Kor er Gud i dette?

—  Rebecca Instebø

Kyrkje som business

— Kva skjer når ei kyrkje veks seg for stor, for fort, trur du?

— Ein mistar fotfestet frå det som i utgangspunktet var viktig. Då Intro Drammen (som seinare vart Hillsong, red.anm.) var nytt, hugsar eg kor sårbart og ekte vi snakka om livet, og kor avslappa og deilig plass det var å vere. Når blir det større og fleire campusar, mistar ein djupna litt.

Ho samanliknar det med ein «business» som startar med å lage miljøvenlege produkt. Ein klarar ganske lenge å handlage varene, til kvalitet og med ekte materiale. Så byrjar firmaet å tene pengar, fleire har lyst på produktet og ein må effektivisere. Ein mistar kvaliteten og distansen frå golv til topp aukar.

— I Hillsong mistar ein litt det menneskelege i alt fokuset på kor bra filmane må vere eller bruken av lys på gudstenester, for eksempel.

— Det blei snakka om kva ‘Bobby og Brian’ (Houston, Hillsong-grunnleggjarane, red.anm.) ville.

Eg opplevde det som ein kultur kor rommet for å vere ueinig var ganske lite

—  Rebecca Instebø

Har jobba med å tilgi

I periodar klarte ikkje Instebø å stå på scena og leie lovsong. Angsten greip om henne, og tanken på merksemda frå salen blei uhandterleg.

Ho veit at det handla om hennar psykiske situasjon. Men ho opplevde heller ikkje at det var særleg rom for å bringe denne sida av seg sjølv inn i kyrkja.

Då ho sette seg ned for å skrive den første Vårt Land-teksten, kom nokon av desse kjenslene tilbake.

— Det er sårbart og vondt, men eg merkar at eg har jobba meg igjennom mykje av dette. Eg er ikkje like bitter som eg kanskje var for tre-fire år sidan. Eg har jobba med å tilgi menneske som eg veit at i utgangspunktet hadde gode intensjonar.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion