Religion

NLM har tapt millionar i gåveinntekter under pandemien

GÅVETAP: I høve til 2019 har Misjonssambandet (NLM) tapt 8 millionar i gåveinntekter i 2021. – Veldig som venta, seier informasjonsleiar Espen Ottosen.

I 2021 kom det inn 124 millionar kroner til NLM. Det er om lag 2,5 millionar mindre enn i 2020, og heile 8 millionar i høve til 2019. Dette skriv NLM på sine nettsider.

– Dette er veldig som venta, seier informasjonsleiar i NLM Espen Ottosen.

At redusert aktivitet under pandemien får utslag i mindre gåveinntekter, er ikkje overraskande for organisasjonen. På nettsidene viser NLM blant anna til at den siste runden med nedstenging i desember førte til at nesten alle julemesser blei avlyst. Som følgje av dette enda inntektene denne månaden nesten 7 millionar under same månad i 2019.

God haust

Totalt sett var hausten likevel god for NLM.

– Då vi gjekk inn i hausten låg vi 7–8 millionar etter på gåveinntektene i høve til 2020. På slutten av året hadde vi henta inn så mykje at vi enda berre 2,5 millionar bak. At vi gjer det godt desse haustmånadane er i pakt med at det var eit opnare samfunn denne perioden.

At resultatet i 2021 likevel blei dårlegare enn det første koronaåret 2020, skuldast ifølgje Ottosen fleire ekstraordinære gåver på 2020-budsjettet. Han understrekar også at tiltakspakkane under nedstenginga i 2020 var viktige for organisasjonen, og gav ekstra tryggleik.

– No er vi spent på om alle sektorar kjem tilbake etter pandemien. Det blir spennande å sjå om dette har gjort noko med den frivillige motivasjonen, seier Ottosen.

Før jul melde Vårt Land om rekordhøgt underskot i NLM ved utgangen av oktober. Det er framleis for tidleg å få endeleg fasit på korleis året 2021 blei totalt sett, men Ottosen trur at dersom 2022 blir eit meir normalt år, så er det god grunn til å vente at økonomien vil ende ut på om lag same nivå som i førre normalår i 2019.

Mange utsendingar

Det momentet som skapar størst uvisse for økonomien til sambandet i året som kjem er det høge talet på utsendingar dei no har. Stikk i strid med forventningane viste det seg at rekrutteringa av nye utsendingar blei svært god under pandemien.

– Vi hadde nok venta at folk vil sitte meir på gjerdet då grensene var stengde og det framleis var usikkert om det i det heile tatt ville bli mogleg å reise ut, seier Ottosen.

Han understrekar at det har vore problem å komme inn i ein del land, og i fleire land er det framleis veldig vanskeleg. I Kina er det til dømes veldig strenge innreisereglar no, med krav om opp til tre veker i streng hotellkarantene. Likevel har NLM svært mange ute akkurat no.

– Det er ei utfordring for økonomien at vi sender ut så mange no. Men det sit langt inne å seie nei til å sende ut folk som er motivert til å reise.

Marianne Haugerud

Stefanus har auka gåveinntekter

Ikkje alle slit med tapte gåveinntekter i koronaåret 2021. Misjons- og menneskerettsorganisasjonen Stefanusalliansen hadde tvert i mot ein markant auke i gåveinntektene dette året.

Inntektene frå grupper og kyrkjelydar har riktig nok gått ned 1,5 millionar kroner i 2021 samanlikna med 2019. Men dette er meir enn kompensert med ein kraftig auke i gåver frå enkeltpersonar, skriv Stefanusalliansen på sine nettsider.

Året 2021 enda 32 millionar i enkeltgåver, mot 25 millionar i 2019. Eitt bidrag til dette har vore ein auke i inntektene frå den faste gjevartenesta på 17 prosent.

Stefanusalliansen har sidan 2018 hatt auka offentleg finansiering gjennom ei avtale med Utanriksdepartementet. Likevel er veksten i gåver viktig for aktiviteten til organisasjonen, seier leiar for kommunikasjon og marknad Marianne Haugerud.

– Gåver er framleis vår viktigaste inntektskjelde. Det er gåver som finansierer alle våre prosjekt innan misjon og vårt arbeid for å formidle kunnskap om, og inspirasjon frå arbeidet våre partnarar står i, seier ho i ei fråsegn på nettsida.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion