Religion

Er det brot på menneskerettane å gi Jehovas Vitner blod ved alvorleg skade? No er prinsippet i høgsterett

RELIGIONSFRIDOM: Kva står sterkast av religionsfridommen og unntaket for å ‘beskytte helsa’? Straks avgjer Danmarks øvste rettsinstans om helsepersonell braut menneskerettane ved å overføre blod til eit Jehovas Vitner-medlem.

For eitt år sidan slo Østre Landsret i Danmark fast:

Det er ulovleg å gi medlemmer av Jehovas Vitner, som ikkje ønsker det, blodtransfusjon. Tysdag denne veka kom spørsmålet opp i Høgsterett, skriv Kristeligt Dagblad (KD).

Trussamfunnet mottar ikkje blod, og donerer ikkje blod, fordi det er eit symbol på livet og blir sett på som heilag, ifølge JW.org.

Heldt på å dø – fekk blod

Ulukka bakanfor denne rettssaka skjedde for snart åtte år sidan, i 2014, då ein mann fall ned frå eit tak og blei bevisstlaus.

Denne mannen svevde mellom liv og død, skriv KD, og dei tilsette ved Odense Universitetssjukehus konkluderte med at dersom livet hans skulle reddast, måtte det skje ved behandling der og då.

Den behandlinga var blodtransplantasjon.

Men pasienten hadde frå før av både skriftleg og munnleg avvist blodtransplantasjon, og han bar i tillegg eit kort med denne informasjonen på. Sjølv om at han var bevisstlaus, og ikkje kunne seie imot behandlinga, vurderte den danske organisasjonen for pasienttryggleik at sjukehuset ikkje kunne kritiserast.

Derfor anka dei dommen frå landsretten til Høgsterett, som gjekk i gang med saka på tysdag denne veka.

Religionsfridom eller livredding?

No står eit etisk og juridisk dilemma for dom: Står Menneskerettskonvensjonens artikkel 8 og 9, om sjølvbestemming og religionsfridom, sterkare enn unntaket for å «beskytte helsa»?

Det gjorde det i landsretten i desember 2020.

Pasienttryggleiksorganisasjonenen erkjenner at ein blodtransplantasjon til eit medlem av Jehovas Vitner kan stride med menneskerettane, i visse tilfelle. Men i denne situasjonen blei lova broten mot den danske Sundhedslovens paragraf 19: Viss ein pasient i augeblinken manglar evne til å kunne gi informert samtykke, men at straksbehandling er nødvendig for overlevelse, kan helsepersonell sette i verk behandling utan samtykke.

Mannen som fekk blodoverføring er i dag død, av andre grunnar, ifølge Kristeligt Dagblad.

Etter planen fell dommen på tysdag komande veke.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion