Religion

Før Gry er ferdig utdanna, jobbar ho som prest. Snart kan fleire få gjere som ho

REKRUTTERING: I bispedømma som sårt treng prestar, får vikarar betalt medan dei studerer på deltid. No nærmar det seg ei nasjonal ordning.

– Du burde bli prest.

Gry Åland byrja å le då ein eldre mann ho ikkje kjente fortalde henne dette for snart 24 år sidan. Ho var i eit bryllaup, som tolk, men denne mannen hadde lagt merke til korleis ho formidla framme i kyrkja. Sjølv om Gry flira, blei ho kanskje treft likevel.

No jobbar ho som prestevikar i Øksnes i Vesterålen, og til sommaren 2023 er ho forhåpentlegvis ferdig utdanna.

– Ein treng nokre sånne som han, som sår det første frøet. Eg hadde aldri tenkt at eg kunne bli prest – men etter kvart blei det meir og meir reelt.

Ok, Gud!

Gry er blant dei mange vaksne som blir prest som si karriere nummer to i livet. Hennar første var innan det ho kallar «kommunikasjon og tolking av bodskapar» – i form av å vere teiknspråktolk i nesten 30 år.

– Å tolke liturgi, salmar og gudstenestespråk er veldig spesielt, men det var ei tolkeform eg likte særs godt. Når du tolkar bibeltekstar må du forstå teksten, og konteksten han står i, for å vite kva for teikn og omgrep du skap bruke. Det har eg syntest var fascinerande.

Etter kvart blei ho fast tolk for døvepresten i Nord-Norge, og farta med han over halve landet dei siste ti åra. Det var ei god førebuing på kyrkjeleg arbeid.

Gry Åland

I ein lavvo, på tolkejobb på ei samisk kyrkjesamling, høyrde ho salmen «Det er navnet ditt jeg roper».

– Då tenkte eg: Ok, viss Gud vil at eg skal bli prest, skal eg gjere mitt beste for å få det til.

Enno nokre år seinare byrja ho på presteutdanninga, men med familie og alt det etablerte vaksenlivet ber med seg, hadde ho ikkje kapasitet til å avleggje meir enn eit par eksamenar. I staden blei ho etterkvart godkjent etter særskilde kvalifikasjonar i evalueringsnemnda, og i august i fjor byrja ho på praktikum.

---

«Prest under utdanning»

  • I 2019 la Presteforeningen (PF) fram eit forslag om å opprette stillingar som «prest under utdanning». Ei slik løysing vil innebere at ein kan vere tilsett som prestevikar samtidig som ein studerer, og dels bli frikjøpt arbeidstid til utdanning.
  • Fenomenet finst allereie i ein del bispedømme kor prestemangelen er stor.
  • I PF sitt forslag ligg det ei oppmoding om finansiering frå kyrkja nasjonalt.
  • Då Kyrkjemøtet vedtok «Kvalifikasjonskrav for kirkelige stillinger» hausten 2021, låg det inne eit punkt om at Kyrkjerådet skal utarbeide ei ordning for «prest under utdanning». Forslaget til reglar er venta i februar.

---

– Eg har blitt bore

Først jobba Gry i Hadsel menighet, no er ho fungerande sokneprest i Øksnes. Ho prisar gode kollegaer og mentorar for støtta som har bekrefta at ho er der ho skal vere.

– Å få jobbe i kyrkja i Hadsel var verkeleg som å komme heim. Det var så godt. Det er klart det er humpar i vegen og ting som gjer meg usikker. Plutseleg skal du ta alle avgjerder sjølv, og har eit stort ansvar.

– Det har hatt så mykje å seie at eg har kollegaer og leiarar som stiller opp, svarar på spørsmål og hjelper meg der eg har hòl. Eg opplever å ha blitt bore av dei rundt meg.

Ei nødvendig ordning

Som ein del av ordninga får ho fri frå prestejobben med lønn dei vekene ho studerer. Det er gull verdt for 52-åringen.

– Det er ein fantastisk måte å få folk inn i yrket på. Eg er jo godt vaksen, og dette er mi andre karriere. Eg trur at viss ein skal rekruttere nye folk til presteteneste, må ein ha slike ordningar. Har ein hus og familie, har ein ikkje råd til å sette seg på studiebenken i fem-seks år utan å arbeide.

Med vaksenlivet utviklar trua seg, slik Gry ser det, og ho førestiller seg at ikkje så mange veit at dei vil bli prest allereie frå dei er ungdommar.

Gry Åland

– Eg trur dette kallet kan komme til seinare for fleire. Har ein ikkje ordningar for dette, blir det vanskeleg å få til, seier prestevikaren.

– Eg har eit mål om å gjere prestetenesta til noko nært, og bryte ned dei mytane og førestillingane som kanskje finst hos enkelte om kva ein prest er, seier ho.

– Også givande for andre

I bispedømmet kor Gry jobbar, Sør-Hålogaland, har dei for tida seks prestevikarar som utdannar seg samtidig som dei jobbar.

– Dei betyr utruleg mykje for prestebemanninga, seier HR- og HMS-rådgivar Trine Nordvik Løkås.

– Vi håpar med dette både at kandidatane fullfører utdanninga, og ikkje minst at dei ønsker å jobbe vidare hos oss i Sør-Hålogaland bispedømme.

Nordvik Løkås ser at det praktiske kyrkjearbeidet, i kombinasjon med teorien frå studiet, er ein verdifull kombinasjon.

– Å jobbe side om side med vikarar som utdannar seg vil òg vere givande for andre arbeidstakarar. Inspirasjon til nytenking, og gode diskusjonar, er kjærkomme, seier ho.

Nærmar seg eit forslag

På Kyrkjemøtet hausten 2021 vedtok forsamlinga at det no skal utarbeidast ei nasjonal ordning for «prest under utdanning». Allereie i februar blir eit forslag til reglar lagt fram for Kyrkjerådet. Så skal dei på høyring, og vedtas på Kyrkjemøtet hausten 2022.

– I dag er ein del spørsmål om storleik på permisjonen, framdrift i studiet og lønn løyst på ulike måtar på ulike stader. Vi er i ferd med å lande eit forslag til korleis dette kan løysast best mogleg og mest mogleg konsekvent, seier Jan Christian Kielland, avdelingsleiar for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet.

Han stadfestar at det blir eit felles regelverk som vil gjere ting meir likt enn i dag – men kor detaljert det skal vere, kan han foreløpig ikkje seie noko om.

– Grunnleggande handlar dette om å sikre at menneske som treng inntekt samtidig som dei fullfører studiet får høve til det, og om kva rammer vi gir for det.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion