Religion

Ny forsking: – Protestantisk, liberal teologi dominerer svenske lærebøker

RELIGIONSUNDERVISNING: Lærebøker i svensk, vidaregåande skule presenterer kristendommen fyrst og fremst frå eit liberalt standpunkt, ifylge ny forskingsartikkel.

– Me blei einige om at kristendom i skulen er eit område som ikkje er utforska godt nok. Samstundes har skulen ei framståande rolle i å formidle kristendomen til ungdom, ikkje minst når me lever i eit sekularisert samfunn kor få konfirmerer seg eller går i kyrkja.

Det seier Johan Liljestrand til den svenske avisa Dagen. Han og to kollegaer har kartlagt korleis kristendomen blir presentert i læremateriell for vidaregåande skular i Sverige.

Liljestrand er universitetslektor i religionsdidaktikk ved Universitetet i Gävle, og har saman med David Carlsson (Mälardalens universitet) og Peder Thalén (Universitetet i Gävle) gått gjennom ti lærebøker i religionsvitskap for vidaregåande skule for å plukke ut tema som går att.

Kritiske til evangelia

Resultatet dei har kome fram til, er at éi form for kristen tolking dominerer: protestantisk liberal teologi.

Forskarane trekkjer fram særskilt fire område der dei meiner at ein «liberal, modernisert kristendom» pregar biletet på ein slik måte at andre, kristne syn ikkje kjem like godt fram. Desse er bibelkritikk, aktuelle etiske spørsmål på den internasjonale arena, sosial rettferd og maktkritikk.

– Læremateriellet viser på ulike måtar ein kristendom som er kritisk til evangelia og føretrekkjer å sjå dei som forteljingar eller preiker. Dei framhevar også ein kristendom med feministiske overtonar og postkoloniale element, som at Vesten ikkje oppfører seg ordentleg og undertrykkjer andre, seier Liljestrand til Dagen.

Andre kan hamne i skuggen

Også i Noreg har måten skulebøker presenterer kristendomen vore oppe til debatt. Forfattar Bjørn Are Davidsen gav i 2019 ut Lurt av læreboken? om temaet saman med Ole Petter Erlandsen og Torgeir Landro. Dei meinte å finne både skeive framstillingar, unnlatingar og direkte feil i norske lærebøker.

Og seinast i haust skreiv Vårt Land om korleis historiebøker i norsk, vidaregåande skule primært framstiller jødar som offer.

– Læremiddel er interessante fordi det er mogleg å få innsikt i breie førestillingar, meiner Liljestrand.

Han seier eit døme om korleis liberal kristendom blir påskjønna i skulematerialet kan vera korleis ein brukar ord med visse konnotasjonar, som at kyrkja har blitt meir «avslappa» i forhold til homofili. Slik seier han enkelte tankar blir framstilte som meir rasjonelle og aktuelle enn andre.

Konsekvensen kan bli at andre kristne orienteringar hamnar i skuggen.

– Er du katolikk frå Latin-Amerika eller ortodoks kristen frå Jordan, kan kristendomen bety andre verdiar. Det er viktig at skulen skal vera ein stad der ulike religiøse posisjonar møtas og brytast. Skulen sin eigne verdiar treng kanskje ikkje prege innhaldet i det som blir undervist, men det kan stå meir for seg sjølv.

Det meiner den svenske forskaren vil vise at kristendomen er i rørsle og at det ikkje er ei form av religionen som er «den rette».

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion