Forskar om Den norske kyrkja: – Ofrar kyrkjelydar på dåpens alter
DEN NORSKE KYRKJA: Teologiprofessor meiner Den norske kyrkja nedprioriterar faste kyrkjegjengarar og kyrkjelyden si utvikling gjennom dåpssatsing. – Heilt sentralt i det kristne fellesskapet å invitere nye inn, kontrar Kyrkjerådet.
TRENG MEIR: – Eg skjønar at nokon kan trenge meir enn det sundagsgudstenesta kan tilby. Heldigvis skjer det mykje anna i kyrkjelydane også, seier avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland. Illustrasjonsbiletet er frå ei dåpsgudsteneste i Åmot kirke.(Foto: Erlend Berge)
– Ein skal ta imot menneske som ikkje har kunnskap til kyrkja eller gudstenestelivet, men ikkje viss prisen er å forstyrre gudstenestelivet til vanlege kyrkjegjengarar, meiner Werner Jeanrond.
Han er katolikk, født i Tyskland, men har budd i ei rekkje europeiske land. No er han teologiprofessor ved Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo, og har nyleg publisert ein forskingsartikkel om dåp og kyrkjevekst i Den norske kyrkja (DNK).
Her tek Jeanrond til orde for at ein ikkje kan måle kyrkjevekst berre i talet på medlemmar eller deltakarar på sundagsgudstenester, men på kor mange som tek dåpen seriøst og som veks i trua.
Bestill abonnement her
KJØP