Religion

Derfor veks Den katolske kyrkja

MEDLEMSAUKE: På 30 år har Den katolske kyrkja i Norge meir en femdobla seg i talet på medlemmer. Det er det fleire grunnar til, trur biskopen i Oslo.

– Det vi veks på for tida, er dåpstala, fortel biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedømme.

Leiinga i kyrkja har følgt med på desse tala i fleire år, og ser at dei tre største gruppene nye medlemmer er polske, norske og litauiske.

– For snart 30 år sidan hadde vi 31.000 registrerte katolikkar i Norge. Sist måndag var det 167.000. Vi har hatt ein ganske sterk medlemsvekst.

Det vil seie: Meir enn ei femdobling på 30 år.

– Veksten har dog flata noko ut, men det er ein liten auke kvart år. Mange flyttar tilbake til Polen og Litauen, seier biskop Eidsvig.

Mistar medlemmer til DNK

– Eg trur ikkje vi skal skape ein illusjon om at det er konverteringane som bidrar til den store veksten. Dei tala er relativt små, nokre år oppi 130-140, og er inga stabil gruppe, fortel biskop Eidsvig.

Nokre av dei søker eit fellesskap og ei tru som er definert litt annleis enn den dei er vaksen opp med – men så held det ikkje likevel. Nesten kvar tredje konvertitt fell frå i løpet av eit par år, seier den katolske Oslo-biskopen.

– Noko mange ikkje er merksame på, trur eg, er at Den katolske kyrkja alltid har mista ein del medlemmer til Den norske kyrkja (DNK). Ser ein på reknestykket dei siste 100 åra, vil eg tru vi har mista fleire til DNK enn dei har mista til oss.

– Dei to hovudgrunnane ser ut til å vere lang avstand til kyrkjebygg og blanda ekteskap.

Morten Simonsen. St Olav domkirke. Den katolske kirke.

Slik blei ho ei «innvandrarkyrkje»

– Kva finn dei som søker?

– Dei finn ein veldig blanda kyrkjelyd dei fleste plassar, som eg trur mange ser på som veldig positivt. Det er ei god spreiing i alder, relativt fulle kyrkjer, og stemninga er optimistisk dei fleste plassar.

– Det er ei viss tilstrøyming av teologar frå Den norske kyrkja, så finst dei som er tiltrekt av liturgien og dei som ser kyrkjas universalitet som eit stort gode – at kyrkja ikkje stoppar ved landets grenser. Så har du menneske som opplever kyrkjas sosiallære som frigjerande radikal, og nokon som ser kyrkjas framtoning som frigjerande konservativ. Nokre ideologiske undertonar finst også.

Biskopen teiknar opp dei historiske linjene fram til korleis Den katolske kyrkja i Norge blei ei «innvandrarkyrkje» – i korte trekk.

I byrjinga bestod kyrkja av hovudsakleg tyskarar og franskmenn, med innslag av ‘slengarar’ frå Belgia og Spania. Neste innvandrargruppe var ungararane på 50-talet, så vietnamesarar, chilenarar og tamilar frå midten av 70-talet.

Frå 2010 til 2015 opplevde kyrkja ei markant vekst her til lands, etter at EU opna for friare arbeidsinnvandring. Då auka medlemstalet stort med personar frå land aust i Europa.

Redusert julefeiring

Den katolske kyrkja har godt kyrkjebesøk, spesielt i jula. No legg nye smitterestriksjonar ein dempar på den kommande høgtida i kyrkja.

– Vi skal feire messene vi har planlagt i jula. I St. Olav, for eksempel, er det to kyrkjebygg, og på julaftan får vi kanskje gjennomført 12 messer. Første juledag blir det i det minste 13-14 messer, med dei 50 personane vi kan, seier Eidsvig.

Det er likevel færre enn ein femtedel av så mange personar som pleier å komme til kyrkja.

Morten Simonsen. St Olav domkirke. Den katolske kirke.

– Det er særskilt trist viss barna ikkje får plass i julas messer. Og jula er eit liturgisk høgdepunkt for dei aller fleste. Å då ikkje få komme inn i bygninga, er leit, og det opplever vi sjølvsagt som vanskeleg.

– Men det er klart vi innser at regjeringa har det overordna ansvaret dei må ha. Vi overfører også ei rekke messer digitalt, på ulike språk, og prøver å gjere mest mogleg utav det, samtidig som vi er lojale mot bestemmingane.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion