Religion

– Kyrkja må diskutere kor grensene mot politikk går

KYRKJAS STEMME: Filosof Henrik Syse vil ha ei engasjert kyrkje – men meiner DNK no må tenke over korleis ho snakkar til menneske i vår tid. Diskusjonen om kva som er politiske tema er òg eit spørsmål om politikk, seier MF-forskar.

Kor tid strekk kyrkja sitt engasjement seg for langt?

Det har det allereie gjort, slik forskar og samfunnsdebattant Asle Toje ser det. Etter fleire opplevingar med politiske bodskapar i Den norske kyrkja (DNK) meldte han seg nyleg ut, og fortalde Vårt Land at «kyrkja står ikkje på bibelsk grunn».

Også skribent Sofie Braut har stilt eit liknande spørsmål i etterkant: «Misforstår alle som synest folkekyrkja har fått politisk slagside?»

– Eg er ikkje einig i kritikken til min venn Asle Toje, men det er éin ting han formulerer meget vel, same kva side av politikken ein høyrer til: Kyrkja treng heile tida ein diskusjon om kor grensene mot politikk går, seier Prio-forskar og filosof Henrik Syse.

Må tas på alvor

All den tid Toje ikkje er åleine om meininga si, må kyrkjas biskopar, prostar og prestar ta innspelet som reell utfordring, og drøfte spørsmålet om korleis ein snakkar med menneske i vår tid, held Syse fram.

– Viss det festar seg eit inntrykk hos ein del menneske at kyrkja har ei politisk slagside, må ein ta dette på alvor. Og eg trur Toje seier dette fordi han er glad i kyrkja og det ho står for, seier han.

For nokre år sidan skreiv Syse boka Hvor kristent skal Norge være i lag med Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug, og han har årevis med kyrkjeengasjement bak seg, mellom anna som sundagsskulelærar.

Oslo 20200224. 
Henrik Syse, medlem av Nobelkomiteen, på møterommet i Nobelinstituttet.
Foto: Heiko Junge / NTB

– Kyrkja har eit mandat om å skulle snakke om urettferd i verda vår. Det er ein del av evangeliet ein ikkje kjem unna. Ei kyrkje som ikkje seier ifrå, gjer ikkje jobben sin, meiner filosofen.

Syse har ikkje opplevd det same som Toje og hans meiningsfeller – men tvert imot at talar og prestar balanserer godt mellom forkynning og relevant samfunnsengasjement.

– Den grunnleggande kristne bodskapen har ikkje vore fråverande. Det kan ha vore nyansar eg har vore ueinig i, men eg synest for eksempel kyrkjas miljøengasjement har blitt uttrykt på ein god måte, seier Syse.

Ingen «resolusjonsmaskin»

Filosofen er mykje meir redd for ei kyrkje som ikkje seier ifrå, enn det motsette.

– Eg ønsker meg ei engasjert kyrkje – men det er viktig at ho framstår som kyrkje, og ikkje enno ein «resolusjonsmaskin», seier han.

Kor grensa mot politikk går, handlar til ein viss grad om på kva detaljnivå engasjementet finn stad, slik Syse ser det.

– For eller mot oljeleiting, for eksempel, er eit komplekst spørsmål. Der kan vere ulike oppfatningar av korleis Noreg kan bidra best. Brukar kyrkja for mykje tid på slike saker, som kan fortrenge andre, kan ein stille spørsmål om det verkeleg er der kyrkja skal sette sitt preg.

Det betyr ikkje at kyrkja ikkje skal engasjere seg i klimasaka, som er «ei av vår tids viktigaste saker», understreker Syse.

Noko som framstår som partipolitikk eitt år kan vere konsensus det neste

—  Ragnar Misje Bergem, postdoktor ved MF

– Men det er andre saker kor det er vel så viktig å legge inn støtet. Det er atskillig forfølging av kristne og andre religiøse i verda, for eksempel. Rommet for å spreie evangeliet kan vere truga.

Ei kyrkje skal vere forma av evangeliet, bodskapen om nåde og menneskesynet det gir, held han fram.

– Men dette får òg konsekvensar for denne verda. Kyrkja som i møte med lidingar har sagt at vår oppgåve er ‘berre å vere kyrkje’ er ei tragedie, sett i historisk perspektiv, seier Syse.

Dobbelt politisk

– Kva som er eit politisk tema er i seg sjølv eit spørsmål om politikk, seier postdoktor ved MF vitenskapelig høgskole, Ragnar Misje Bergem.

Han forskar i skjæringsfeltet mellom teologi, filosofi og politikk, og har gitt ut boka Politisk teologi. Kva som kan oppfattast som politikk varierer over tid, meiner han å sjå.

– Det kjem an på den offentlege politiske situasjonen på eit gitt tidspunkt. Noko som framstår som partipolitikk eitt år kan vere konsensus det neste, forklarar Misje Bergem.

Ragnar Misje og Kaja Melsom.

– Det betyr at kyrkja kan framstå upolitisk ved å snakke om viktigheita av å ta vare på fattige ved eitt høve, men i eit år med stor diskusjon om bistandsbudsjettet, vil ei slik utsegn framstå mykje meir politisk, seier han.

Derfor går det ikkje an å legge generelle føringar for kva som er eit engasjement med politisk slagside i kyrkjeleg samanheng, og kva som ikkje er det, fortset forskaren.

Stemme for alle eller for få?

– Det nyttar ikkje å seie at kyrkja ikkje skal vere politisk, punktum. Heller ikkje at ho ikkje skal vere partipolitisk. For det ville bety at ho ikkje kan ha meiningar i tema kor partia er splitta. Då kan ikkje kyrkja seie så mykje i det heile tatt, seier MF-postdoktoren.

Han trur grunnen til at denne debatten kjem opp i dag, har å gjere med denne nye tidas utfordringar om kven DNK skal representere.

– Sidan etter reformasjonen har kyrkja lege tett opp mot ein slags nasjonalkultur – men sjølvsagt hatt spenningar og motrørsler. I dag er ikkje lenger DNK ei statskyrkje, men ho er likevel prega av manges sterke ønske om at ho framleis skal vere ei folkekyrkje.

– Med synkande oppslutning i befolkninga står ein i større grad i ei spenning; mellom det partikulære – altså om kyrkja skal vere ei stemme blant mange, men som talar frå éin posisjon i samfunnet, eller om ho skal vere allmenn – ei stemme som seier noko samlande.

– Det kristne livet er politisk relevant

Når Asle Toje og Sofie Braut tar til orde for å snakke om det åndelege som noko ikkje-politisk, ser MF-forskaren at uroen kan vere legitim, men meiner kritikken er litt for enkel.

– Vi skal vere på vakt mot eit aktualitetsjag – at kyrkja berre seier noko om det alle er opptatt av akkurat i dag. Men eg trur likevel dei overspeler kontrasten mellom politikk og teologi.

Misje Bergem forklarar kvifor han meiner kritikken er for einsidig:

– Med mindre kyrkja skal reduserast til eit kroppslaust fellesskap, og berre handle om vår relasjon til Gud der oppe, må kyrkjas liv på ulike måtar ta plass i verda. Kyrkja er avhengig av økonomien til staten, og består av bygningar, plassar, folk og meiningar.

– Så det åndelege kan ikkje berre handle om evige ting. Å vere kristen handlar om å tre inn i eit liv som òg får konsekvensar for korleis vi bør leve.

Då blir dette livet også politisk relevant, slik Misje Bergem ser det.

– Det er i politikken ein forhandlar om korleis vi skal leve i lag i samfunnet. Den forhandlinga er òg kyrkjer med på.

– For meg framstår dette som eit spørsmål kyrkja iallfall skal ta på alvor. Eg merkar meg at ein del prestar diskuterer dette, og til dels synest at politiske grensegangar er vanskeleg å forhalde seg til.

– Folk treng kyrkja

Jamt over opplever Henrik Syse DNK i dag som ein «fantastisk plass å kome for forvalting av liturgi og teologi».

– Eg er glad i kyrkja, og skulle ønske enno fleire kunne bli det.

– Kva skal til for å oppnå det?

– Eg trur folk treng kyrkja i dag, som det rommet ho kan vere for eksistensielle dimensjonar. Vi har ei fantastisk intellektuell, filosofisk og teologisk arv, som svarar på kva det vil seie å vere menneske, kven vi er, kven Gud er og kva det betyr for oss.

– Men å nytte det rommet står ikkje i motsetjing til eit samfunnsengasjement.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion