Trur på karismatikk-comeback i norske kyrkjelydar

PINSEKYRKJE: Svensk forskning viser at det er mindre karismatikk i svenske pinsekyrkjer. Pastor i IMI-kirken Kollektivet trur pendelen i Noreg er i ferd med å snu.

Lars Christian Gjerlaug. Pastor i pinsekyrkja «IMI-kirken Kollektivet»
SLÅTT UT MED BADEVATNET: Pastor i pinsekyrkja «IMI-kirken Kollektivet», Lars Christian Gjerlaug, er redd ein i pinserørsla i strevet etter å vera relevante for dei som ikkje trur har har slått ut verdifulle ting med badevannet.
Publisert Sist oppdatert

– Eg skulle ynskje me som pinsevenner hadde turt å med eit kritisk blikk leite etter skattane i eigen historie. Eg trur me over tid har hatt eit veldig edelt ynskje om å ikkje bli innovervendte: kanskje me har slått ut ting med badevannet?, spør Lars Christian Gjerlaug (40).

Han går motvillig med på å bli titulert som pastor i pinsekyrkja «IMI-kirken Kollektivet» i Oslo.

Sjølv føretrekkjer han, «kaptein på laget», eller andre kreative omskrivingar.

Powered by Labrador CMS