Religion

Dansk kommune vil hindre religiøs omskjering. Det Jødiske Samfund fryktar stigmatisering.

OMSKJERING: Kommune i Danmark ønskjer å hindre religiøs omskjering av gutebarn. Det kan føre til ulovlege omskjeringar, fryktar leiar for Det Jødiske Samfund.

– Det kan få konsekvensar for både fysisk og mental helse å bli omskoren, og derfor må barnet få lov til å samtykke før det blir skore i, seier Lolan Marianne Ottesen til Kristeligt Dagblad, som skreiv om saka først.

Lolan Marianne Ottesen

Ottesen er leiar for sosial- og helseutvalet i Ballerup kommune i Danmark, og representerer partiet Socialdemokratiet.

Religiøs omskjering av gutebarn er i Danmark, som i Noreg, lovleg. Det er likevel skepsis til praksisen blant mange, og i Ballerup kommune har ein for første gong gjort politiske vedtak som har som mål å hindre den.

Rett til å bestemme over eigen kropp

Vedtaket, som fekk støtte frå alle unntatt ein i kommunestyret, seier at kommunen skal informere foreldre om dei risikoane som kan følgje med omskjering.

I vedtaket heiter det også at dei med utgangspunkt i prinsippet om barnet sin rett til å bestemme over eigen kropp, oppfordrar til at omskjering med religiøs eller kulturell grunngjeving blir utsett til barnet kan ta stilling til inngrepet sjølv.

Det er ikkje bestemt korleis vedtaket skal følgjast opp i praksis. Overfor Kristeligt Dagblad peikar Ottesen på blant andre helsesjukepleiarar, pedagogar og jordmødrer som gjennom sin kontakt med familiane kan spreie informasjon.

Fryktar etnisk profilering

– Korleis vil ein gjere dette utan å peike ut kva borgarar som er jødar og muslimar?

Det seier leiar for Det Jødiske Samfund Henri Goldstein. Han meiner det vil vere etnisk profilering frå kommunen si side og at dette vil vere stigmatiserande for dei det gjeld.

– Vi ønskjer verkeleg ikkje å sjå jødar bli peika ut som eit politisk satsingsområde for helsesjukepleiarane.

Goldstein, som sjølv er lege, fryktar også at eit slikt vedtak kan føre til ulovlege omskjeringar, utanfor helsevesenet.

– Eg fryktar at dette kan føre til helseulikskap, fordi jødiske og muslimske foreldre vil unngå å oppsøkje helsevesenet.

Ikkje aktuelt med forbod i Noreg

Reglane for omskjering i Danmark er i hovudsak like dei norske reglane. Sist gong eit framlegg om å forby rituell omskjering av barn var oppe i Stortinget var i 2014. Då røysta eit stort fleirtal mot framlegget.

I 2015 fekk Noreg ei lov om rituell omskjering som blant anna skal sikrar retten til å få gjennomført inngrepet i det offentlege helsevesenet. Grunngjevinga for dette var å sikre større tryggleik rundt praksisen.

Det har vore debatt i fleire parti om å forby rituell omskjering av gutebarn i Noreg, men berre Framstegspartiet har programfesta eit slikt standpunkt i dag.

---

Lov om omskjering i Noreg

  • Omskjering skal gjerast av lege, eller med ei lege til stades.
  • Barnet skal få tilstrekkeleg smertelindring før, under og etter inngrepet.
  • Foreldra har rett på informasjon om blant anna biverknader av inngrepet før det blir utført
  • Gutebarn som er i stand til danne eigne synspunkt skal ha informasjon om inngrepet, og høve til å seie si meining. Rituell omskjering kan ikkje skje mot viljen til guten
  • Omskjering av jenter er forbode

---







Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion