Den norske kirke

Ber DNK-kyrkjelydar støtte evangelisering: Er redde mange forbind misjon med intoleranse

DEN NORSKE KYRKJA (DNK): – Mange av oss har kanskje kjent på ei slags skam når det blir snakk om misjon, seier tidlegare misjonær. No ber Kyrkjemøtet kyrkjelydar om å gje pengar til evangelisering.

KYRKJEMØTET, TRONDHEIM: «Framleis forbind nokon misjon med kulturimperialisme og intoleranse og heng att i utdaterte førestillingar om misjon».

Orda er henta frå saka på Kyrkjemøtet om Den norske kyrkjas (DNK) internasjonale engasjement. På sundag kveld blei det vedteke å be alle kyrkjelydar om å ha minst ei misjonsavtaler med ein av Samarbeid menighet og misjon (SMM)-organisasjonane (sjå faktaboks), og å «auke ofringar, særleg til kyrkjebyggande arbeid i systerkyrkjene».

– Det er ikkje ofte kyrkjemøtesakar oppmodar så tydeleg som ein gjer her.

Det seier Kyrkjemøtemedlem Kjersti Gautestad Norheim om saka.

Kjent på skam

– Mange av oss har kanskje kjent på ei slags skam når det blir snakk om misjon. Sjølve begrepet misjon ber i seg nokre krevjande aspekt for mange. Då er det enklare å støtte diakonale prosjekt.

Ho har sjølv kjent på ei slik kjensle, sjølv om ho har fleire år som misjonær i Estland for Det Norske Misjonsselskap på CV-en.

– Det kan ha gjort til at me som kyrkje har halde att. Difor er det ekstra gledeleg at ein i saka her er tydeleg på at me skal vera stolte av misjon.

– Me kan rette ryggen og seie at misjon også er å evangelisere, det å sende ut, det å døype, det å lære.

I sakspapira kjem det også fram at ein meiner kyrkjer har eit særskilt ansvar for å gje pengar «til det kyrkjelydsarbeidet som andre ikkje kan eller vil støtte.»

---

Samarbeid menighet og misjon (SMM)

  • Eit samarbeid mellom Den norske kyrkja, Normisjon, Areopagos, HimalPartner, NMS, Stefanusalliansen, Misjonsalliansen, Normisjon og Den Norske Israelsmisjon.
  • Skal arbeide for at lokal og global misjon skal bli ein integrert del av heile kyrkjelydens liv. Misjonsavtaler mellom kyrkjelydar og ein av organisasjonane der ein knyt seg til eitt eller fleire misjonsprosjekt er ein viktig del av dette.
  • SMM er organisert gjennom eit sentralt råd (SMM-rådet) og regionale utval i bispedøma.
  • Drift og oppfølging blir gjort av misjonsrådgjevarar i bispedøma og dagleg leiar i Mellomkyrkjeleg råd.

Kjelde: kyrkja.no

---

Enklare å støtte diakoni

80 prosent av kyrkjelydane i DNK har ei slik misjonsavtale som Kyrkjemøte ynskjer, men ein meiner dei fleste av desse ikkje utnyttar potensialet som ligg her.

Etter ei evaluering frå i fjor kjem det også fram at kyrkjelydane heller vel å støtte diakonale prosjekt gjennom misjonsavtalen, enn evangelisering og kyrkjebygging.

«Dette skuldast kanskje at det er enklere å kommunisere støtte til utviklingsprosjekt enn til evangelisering og kyrkjebygging», står det i sakspapira.

Generalsekretær i Normisjon, Kjetil Vestel Haga, kjenner seg att i dette. Etter Det Norske Misjonsselskap er Normisjon organisasjonen med flest misjonsavtaler gjennom SMM.

Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Normisjon

Haga seier dei opplever at det generelt er enklare å få folk med på og diakonale prosjekt framfor kyrkjelydsbygging eller evangelisering. Han er positiv til det nye vedtaket frå Kyrkjemøtet.

– Dette kan vera med på å spisse fokuset til Den norske kyrkja. Å forkynne Jesu ord bør vera kyrkja sitt hovudfokus, meiner Haga.

To sider av same sak

Han er likevel klar på at dei ikkje ynskjer å setje diakoni opp mot evangelisering.

– Det er to sider av same sak. Me har ei heilskapeleg misjonsforståing der ord og handling heng saman, seier Haga.

Kjersti Gautestad Norheim, Birkeland menighet i Bergen.

Norheim er også takksam for at ein i saka på Kyrkjemøte gjer det tydeleg at misjon rommar både diakoni og evangelisering.

– Også er det viktig å få fram at misjon ikkje er noko som går frå «oss» til «dei». Systerkyrkjelyden vår i Estland gjer oss rikare. Me står saman. Det er sterkt å vera på Gudsteneste i Saku kyrkjelyd i Estland og høyre at dei ber for Birkeland kyrkjelyd, fortel Norheim.

Også generalsekretær Haga trur mange ville fått eit anna syn på misjonsarbeid viss dei hadde reist og sett det med eigne auger.

No håpar han vedtaket blir fulgt opp i praksis.

Håpar misjonsorganisasjonane tek ballen

– Norheim, kor stor sjans er det for at dette dokumentet ikkje berre hamnar i ein skrivebordsskuff?

– Alle som skal være med på å vedta saka går i ein lokal kyrkjelyd, så det er alle her sin jobb. Det er heile kyrkjas jobb. Og det er så tydelege oppmodingar her at eg synest det er vanskeleg å sjå for seg at det ikkje skal få konsekvensar.

– Også håpar eg at også misjonsorganisasjonane tek ballen.

Vil ha meir pengar og kompetanse

Det blei også vedteke fleire andre oppmodingar til både dei lokale kyrkjelydane og kyrkja sentralt om å auke fokuset på kyrkja sitt «globale oppdrag».

Mellom anna ber Kyrkjemøtet kyrkjelydane om å forsterke dei globale perspektiva i dåps- og trusopplæringa, skaffe seg vennskapskyrkjelydar og utforske om ein kan ha digitalt gudstenestefellesskap med systerkyrkjer.

Ein ynskjer også betre kompetanse om internasjonale forhold blant tilsette, frivillige og folkevalgte i DNK, og at ein skal gjera tilhørigheten til den verdensvide kyrkja meir synleg på digitale flater.

I tillegg kjem ei oppmoding om å gje meir pengar til økumeniske organisasjonar, sidan mange medlemskyrkjer slit økonomisk på grunn av koronapandemien.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke