Overraska og glad for vedtak på Kyrkjemøtet
DEN NORSKE KYRKJA: Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste er overraska og glad for at ordninga med nominasjonskomitelister skal halde fram. No må han med fleire revurdere om dei vil opprette nye, kyrkjepolitiske lister.
OVERRASKA: – Eg var mentalt førebudd på eit anna resultat, seier Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste om vedtaket på Kyrkjemøtet om at ein held fram med dagens ordning med nominasjonskomitélister, i tillegg til å ha sjølvstendige, kyrkjepolitiske lister.
Joakim S. Enger
– Eg var mentalt førebudd på eit anna resultat, seier Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste om vedtaket på Kyrkjemøtet om at ein held fram med dagens ordning med nominasjonskomitélister.
I forkant av Kyrkjemøtet har minst to kyrkjegrupperingar gått ut og sagt at dei vil opprette nye, kyrkjepolitiske lister viss ordninga med nominasjonskomitelister forsvinn.
– Me er ikkje naive, og me ser kva veg det med stor sannsynlegheit vil gå, sa Birkedal til Vårt Land i september, då han gjorde det klart at tillegare nominasjonsliste-kandidatar vurderte å stille med ei ny, kyrkjepolitisk liste.